2 Omtale av utbygginga
2.1 Dagens situasjon og prosjektomtale
Rv 36 mellom Slåttekås og Årnes ligg i eit område med spreidd busetnad og landbrukseigedommar. Strekninga er prega av krapp horisontal- og vertikalkurvatur, kantsvikt, telehiv, til dels dårleg sikt og avkøyringar til teigar og skogsområde. Vegbreidda er om lag 7,5 m. Fartsgrensa er i dag hovudsakleg 70 km/t, med ei kortare strekning med 60 km/t. Årsdøgntrafikken er om lag 4 000 køyretøy, med 10 pst. tunge køyretøy. I perioden 2004–2013 var det i alt 23 ulykker med personskade på strekninga, med 3 hardt skadde og 32 lettare skadde personar.
Det er lagt opp til å utbetre til saman 7,1 km veg i dagens trasé mellom Slåttekås og Årnes, fordelt på delstrekningane Slåttekås – Åros og Åros – Årnes, jf. fig. 2.1. Det er lagt til grunn utbetring i samsvar med vegnormalen for utbetringsstrekningar. Strekninga vil få vegbreidde 8,5 m (10,5 m i ein 220 m lang tunnel), betre horisontal- og vertikalkurvatur, betre bereevne og sikrare avkøyringar. I anleggsperioden vert det etablert ein omkøyringsveg, som seinare blir permanent gang- og sykkelveg. Med jamn og god standard og auka fartsgrense til 80 km/t etter utbetringa blir framkomsten betre. Det er også rekna med nedgang i ulykkestalet.
Det ligg føre godkjent reguleringsplan for begge delstrekningane. Styringsramma er fastsett til 383 mill. 2015-kr. I ramma inngår om lag 12 mill. kr som bompengeselskapet har forskottert til reguleringsplanlegging i 2011–2012 og 4 mill. kr til etablering av ein automatisk bomstasjon. Kostnadsramma er fastsett til 421 mill. 2015-kr.
Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag -90 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,2.