6 Fylkeskommunal garanti
Det er lagt opp til at bompengeselskapet skal ta opp lån for å finansiere utbygginga. Telemark fylkeskommune har fatta vedtak om lånegaranti for eit bompengelån på 400 mill. 2013-kr pluss 10 pst., jf. kapittel 3. Garantien er godkjend av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.