5 Utbyggings- og finansieringsopplegg
I tråd med lokalpolitiske vedtak legg Samferdselsdepartementet fram ein finansieringsplan der utbygginga i all hovudsak er føresett finansiert med bompengar. I tillegg er det lagt til grunn 56 mill. kr i statlege midlar. Den statlege delen utgjer etter dette 14,6 pst. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1
Tabell 5.1 Finansieringsplan for rv 36 Slåttekås – Årnes
Mill. 2015-kr | ||||
---|---|---|---|---|
2010–2013 | 2014–2017 | 2018–2023 | Sum | |
Statlege midlar | 0 | 0 | 56 | 56 |
Bompengar | 12 | 185 | 130 | 327 |
Sum | 12 | 185 | 186 | 383 |
Det er venta eit forbruk på om lag 10 mill. kr i 2015 til førebuande arbeid. Midlane er føresette stilt til disposisjon av bompengeselskapet.
Eventuelle kostnadsoverskridingar utover prisstigning skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Kostnadsauke ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekt med statlege midlar.
Eventuelle kostnadsreduksjonar på inntil 10 pst. skal fordelast mellom statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Eventuelle kostnadsreduksjonar ut over 10 pst. skal tilfalle staten.
Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. og/eller forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Bompengeopplegg
Finansieringsopplegget bygger på tovegs innkrevjing i ein automatisk bomstasjon på rv 36 i Nome, nær kommunegrensa til Sauherad, jf. figur 2.1. Innkrevjinga vil starte opp når strekninga er ferdig utbetra, etter planen i 2019.
Følgjande takstar er lagt til grunn:
Lette køyretøy (totalvekt t.o.m. 3 500 kg): 26 kr (2015-kr).
Tunge køyretøy (totalvekt over 3 500 kg): 78 kr (2015-kr).
Det er føresett at takstane blir regulerte i samsvar med prisutviklinga.
Alle abonnentar med AutoPASS-brikke får 10 pst. rabatt. For lette køyretøy er det i tillegg lagt til grunn eit passeringstak på 40 passeringar pr. månad.
Andre føresetnader for finansieringsplanen
Trafikkføresetnadene går fram av kapittel 4. Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:
Lånerente: 6,5 pst.
Årleg prisstigning: 2,5 pst.
Årlege innkrevjingskostnader: 2,6 mill. kr
Bruk av brikke: 70 pst.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.
Basert på desse føresetnadene er brutto bompengeinntekter rekna til 592 mill. kr, fordelt med 327 mill. kr til investeringar, 226 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og 39 mill. kr til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med desse endra føresetnadene:
Kostnadsauke på 10 pst.
10 pst. lågare ÅDT ved innkrevjingsstart.
Ingen årleg trafikkvekst frå innkrevjingsstart.
Takstauke på 20 pst. to år etter at innkrevjinga starter.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år, dvs. ein auke på om lag 5 år i høve til basisalternativet.
Det er også rekna på eit alternativ med følgjande optimistiske føresetnader:
Lånerente på 5 pst.
10 pst. høgare ÅDT ved innkrevjingsstart
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 12 år, dvs. ein reduksjon på om lag 3 år i høve til basisalternativet.
Omorganisering av bompengesektoren
Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. I tillegg vil regjeringa innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån, som skal komme trafikantane til gode i form av lågare takstnivå eller kortare innkrevjingsperiode. Det er ein føresetnad for rentekompensasjonen at prosjekta blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa så snart desse er etablerte.
Bompengeopplegget i denne proposisjonen er basert på ein føresetnad om 6,5 pst. lånerente i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Gjennom Prop. 119 S (2013–2014) er det opna for at den reknetekniske renta i ein overgangsperiode kan setjast lågare, i intervallet mellom 6,5 pst. og renta på 10-års statsobligasjonslån. Det er ein føresetnad at det er lokal tilslutnad til dette og at den fylkeskommunale garantien blir oppretthalden. Det er vidare ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte. Departementet ber Stortinget om fullmakt til at det kan fastsetjast takstar i tråd med den lokalpolitiske tilslutnaden nemnt over. Når rentekompensasjonsordninga er på plass, vil det bli gjort ein ny finansieringsanalyse der rentekompensasjonen inngår.
Tabell 5.2 viser kalkulerte bompengetakstar, finansieringskostnader og innkrevjingskostnader ved 6,5 pst. lånerente samanlikna med ei lånerente på 2,8 pst. Den alternative rentesatsen er meint å gi ein indikasjon på konsekvensane av ei rentekompensasjonsordning, føresett uendra bompengebidrag til investeringar.
Tabell 5.2 Takstnivå ved ulike renteføresetnader
2015-kr | ||
---|---|---|
Lånerente | 6,5 pst. | 2,8 pst. |
Takst – lette kjøretøy | 26 kr | 20 kr |
Finansieringskostnader | 226 mill. kr | 82 mill. kr |
Innkrevjingskostnader | 39 mill. kr | 39 mill. kr |
Dersom effekten av rentekompensasjonsordninga heller blir nytta til å redusere innkrevjingsperioden, vert perioden redusert med om lag fire år.