4 Trafikkgrunnlag
Statens vegvesen har gjennomført teljingar av dagens trafikk og vurdert korleis bompengeinnkrevjinga vil påverke trafikken. Trafikkanalysen er basert på bruk av Regional transportmodell (RTM). Det er nytta elastisitetsmodell til vurdering av korleis ulike takstar vil påverke trafikkutviklinga.
Årsdøgntrafikken (ÅDT) er i dag på om lag 4 000 køyretøy, med 10 pst. tunge køyretøy. Med dei takstane som det er gjort framlegg om, er det i samanlikningsåret 2014 rekna med ein ÅDT på om lag 2 920 køyretøy gjennom bomstasjonssnittet. Bompengeinnkrevjinga er følgjeleg rekna til å gi ein reduksjon i trafikken på om lag 27 pst. Omkøyringsvegar er i fyrste rekke fv 359 og fv 44. Det er rekna med at fv 359 får om lag 5 pst. trafikkvekst og fv 44 nærare 15 pst. trafikkvekst.
For framtidig trafikkutvikling er trafikkprognosane som er utarbeidde for Telemark i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023 lagt til grunn, med ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,1 pst. i perioden 2014–2029 og 0,8 pst. etter 2029.