1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak som inngår i utbygginga av vegnettet i Førde kommune i Sogn og Fjordane (Førdepakken). Førdepakken omfattar prosjekt og tiltak på både riksveg, fylkesveg og kommunal veg.
Førde kommune har om lag 12 700 innbyggjarar og er den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Ut frå folketalet har kommunen mange arbeidsplassar og er tyngdepunktet for handel og næringsverksemd i fylket. E39 går gjennom Førde sentrum og møter rv 5 som går til Florø.
Vegnettet i Førde sentrum er ikkje dimensjonert for dagens trafikk. Det er tidvis problem med å avvikle trafikken på ein trygg og effektiv måte. I rushtida er det tett og saktegåande trafikk.
Løysinga for trafikksituasjonen i Førde sentrum har både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv. På lang sikt er det planar om å føre gjennomgangstrafikken på E39 utanom Førde sentrum. I mellomtida er det lagt opp til at prosjekta og tiltaka i Førdepakken skal gi betre vilkår for både gjennomgangs- og lokaltrafikken. Dette vil ein oppnå mellom anna ved å skilje gang- og sykkeltrafikken frå biltrafikken. Det er eit mål å etablere eit samanhengande sykkelvegnett. Det vil også bli bygd avlastingsvegar. Fleire av prosjekta vil legge til rette for utbygging i sentrum og nær sentrum.
Det er lokalpolitisk tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Førdepakken. I tillegg til bompengar er finansieringa basert på statlege midlar, fylkeskommunale midlar og kommunale midlar. Det er lagt til grunn at refusjon av meirverdiavgifta ved prosjekt og tiltak på fylkesvegar og kommunale vegar blir ført tilbake til Førdepakken. Samla økonomisk ramme for Førdepakken er om lag 1,65 mrd. kr i 2015-prisnivå. Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av bompenge- og finansieringsopplegg. Det er i all hovudsak semje mellom konsulenten og Statens vegvesen om føresetnadene for opplegget. Samferdselsdepartementet meiner at dei økonomiske føresetnadene som er lagt til grunn for pakken er realistiske, og tilrår det lokale forslaget til utbygging og finansiering.