Prop. 137 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Finansieringsplanen omfattar statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar i tillegg til bompengar. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.

Tabell 5.1 Finansieringsplan for Førdepakken

Mill. 2015-kr

År

2014–2017

2018–2023

Sum

Statlege midlar

19

139

158

Fylkeskommunale midlar

158

158

Kommunale midlar

158

158

Refusjon av meirverdiavgift

48

145

193

Bompengar

180

803

983

Sum

247

1 403

1 650

Statlege midlar

Det er lagt til grunn 150 mill. kr (2013-prisnivå) i statlege midlar. Omrekna til 2015-prisnivå er dette 158 mill. kr. I Statens vegvesen sitt handlingsprogram for 2014–2017 (2023) er det lagt til grunn 18 mill. 2013-kr til programområdetiltak innafor Førdepakken i 2014–2017. Omrekna til 2015-prisnivå er dette 19 mill. kr.

Fylkeskommunale midlar

Det er lagt til grunn 150 mill.kr (2013-prisnivå) i fylkeskommunale midlar. Omrekna til 2015-prisnivå er dette 158 mill. kr. Dei føresette fylkeskommunale midlane er i tråd med prioriteringane i Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014–2023. Det er lagt opp til at midlane blir fordelte med 25 mill. 2013-kr pr. år i 6 år, rekna frå 2018 til 2023.

Kommunale midlar

Det er lagt til grunn 150 mill. kr (2013-prisnivå) i kommunale midlar frå Førde kommune. Omrekna til 2015-prisnivå er dette 158 mill. kr. Midlane skal innarbeidast i økonomiplanen seinast frå 2017. I tillegg til å vere forankra i Førde bystyre sitt vedtak av 24. oktober 2013 er midlane forankra i bystyret sitt vedtak av 5. september 2013.

Refusjon av meirverdiavgift

Det er lagt til grunn at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune skal føre tilbake til Førdepakken all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i pakken. Totalt er det rekna med om lag 183 mill. kr i 2013-prisnivå. Omrekna til 2015-prisnivå er dette 193 mill. kr. Beløpet fordelt med om lag 144 mill. 2015-kr på fylkeskommunen og om lag 49 mill. 2015-kr på kommunen.

Bompengar og bompengeopplegg

Bomstasjonsopplegg

Fleire alternative modellar til bomstasjonsopplegg har vore vurderte:

  • Alternativ 1 omfattar tre bomstasjonar på hovudvegane. I dette alternativet er det lagt vekt på færrast mogleg bomstasjonar for å redusere driftskostnadene. Dette alternativet fører til at det blir fleire vegar inn mot sentrum utan innkrevjing av bompengar.

  • Alternativ 2a er som alternativ 1, men i tillegg er det lagt inn to bomstasjonar på lokalvegnettet, dvs. til saman fem bomstasjonar. Med alternativ 2a blir det fri passasje frå bustadområda rundt sentralsjukehuset og langs Angedalsvegen der trafikken i retning sentrum ikkje betalar bompengar.

  • Alternativ 2b er som alternativ 2a, dvs. til saman fem bomstasjonar, men austre bomstasjon på E39 er flytta nærare sentrum. Med dette alternativet blir det ikkje mogleg å køyre til sentrumssona frå hovudvegane og bustadområda rundt Førde sentrum, men det blir mogleg å køyre til sentralsjukehuset frå aust utan å betale bompengar.

  • Alternativ 3 omfattar fem bomstasjonar. I tillegg kjem ein eventuell bomstasjon nr. 6 på ny veg på strekninga Halbrendøyra – Øyrane når dette prosjektet eventuelt blir gjennomført. Sidan prosjektet et lågast prioritert, er det usikkert om den sjette bomstasjonen blir etablert. Med alternativ 3 blir det ein tett bomring rundt Førde sentrum. Med dette alternativet blir det derfor ikkje uønska omkøyring. I bompengesøknaden frå Førde kommune er alternativ 3 tilrådd. Bystyret og fylkestinget har slutta seg til dette.

Statens vegvesen viser til at retningslinjene for bompengeprosjekt føreset at det er samanheng mellom nytte og betaling. Nytteprinsippet inneber at dei som betalar bompengar, skal ha nytte av vegprosjektet som bompengane finansierer. Samstundes må dei som har nytte av prosjektet, vere med å betale. For bompengepakker/bypakker blir det ikkje stilt same direkte krav til samanheng mellom nytte og betaling. Slike pakker omfattar fleire prosjekt som påverkar heile transportinfrastrukturen i området. Nytteprinsippet er presisert i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, side 93.

I Førdepakken er det lagt vekt på at dei som passerer bomstasjonane, får del i den samla nytten som Førdepakken vil gje. Det er også lagt vekt på å unngå at mange får nytte utan at dei er med på å betale. Dette er vurdert som viktig for at innbyggjarane skal oppleve bompengeordninga som mest mogleg rettferdig. Med det bomstasjonsopplegget som er lagt til grunn gjennom alternativ 3, vil alle som køyrer gjennom Førde sentrum få nytte gjennom betre framkomst og meir stabil trafikkavvikling. Alternativ 3 omfattar følgjande bomstasjonar:

  • Bomstasjon nr. 1: E39 Bakkebøvegen (Førde vest)

  • Bomstasjon nr. 2: Rv 5 Kletten (Øyrane)

  • Bomstasjon nr. 3: E39 Bruland (Førde aust)

  • Bomstasjon nr. 4: Fv 481 Presteholten (Angedalsvegen)

  • Bomstasjon nr. 5: Fv 484 Brulandsvellene (Vievegen)

Plasseringa av bomstasjonane framgår av figur 3.1.

Alternativ 3 omfattar altså to bomstasjonar på E39. Basert på modelltal er det rekna med at gjennomgangstrafikken på E39 i Førde er i storleiksorden 2 000 køyretøy (ÅDT) eller om lag 5 pst. av totaltrafikken i bomstasjonssnitta. Gjennomgangstrafikken er trafikk som startar utanfor Førde sentrum og har målpunkt utafor sentrum. Gjennomgangstrafikken omfattar derfor trafikk som er ganske lokal. Berre ein del av gjennomgangstrafikken er lange reiser. Også gjennomgangstrafikken får nytte av utbygginga gjennom betre framkomst og sikrare veg.

I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka blir det lagt opp til bompengeinnkrevjing heile døgnet i automatiske bomstasjonar med einvegs innkrevjing. Innkrevjingsretninga er mot sentrum. Bomstasjonane vil vere baserte på Autopass-systemet. Det blir lagt opp til å starte innkrevjinga så snart som mogleg etter behandling i Stortinget.

Takst- og rabattsystem

Ved den lokalpolitiske behandlinga var det lagt til grunn takstar på 22,20 kr i 2013-prisnivå for lette køyretøy (tillatt totalvekt t.o.m. 3 500 kg) og 44,40 kr i 2013-prisnivå for tunge køyretøy (tillatt totalvekt over 3 500 kg).

Følgjande takst- og rabattsystem er er lagt til grunn (omrekna til 2015-prisnivå):

  • Takstar på 23,50 kr for lette køyretøy (tillatt totalvekt t.o.m. 3 500 kg) og 47 kr for tunge køyretøy (tillatt totalvekt over 3 500 kg)

  • Bruk av elektronisk brikke: 10 pst. rabatt

  • Timesregel: Det blir berre betalt for ei passering pr. time

  • Passeringstak: Det blir maksimalt betalt for 30 passeringar pr. månad.

Det blir elles lagt til grunn rabattar/fritak for betaling i samsvar med gjeldande takstretningslinjer. Alle rabatt- og fritaksordningar føreset bruk av brikke. Det er vidare føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Finansieringsføresetnader

Det er rekna med ei gjennomsnittleg inntekt pr. passering på 17,70 kr i 2013-prisnivå. Omrekna til 2015-prisnivå er dette 18,70 kr.

I grunnlaget for den lokalpolitiske behandlinga er det lagt til grunn ein utbyggingsperiode på 8 år. Det er føresett låneopptak. Det er rekna med at akkumulert gjeld vil vere størst i 2022. Denne er førebels rekna til om lag 300 mill. kr. Det er føresett at bompengeperioden blir på 12 år.

I denne proposisjonen er det førebels rekna med samla bompengeinntekter på om lag 1 220 mill. 2015-kr. Om lag 980 mill. kr er føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 90 mill. kr til å dekkje lånerenter og om lag 150 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Følgjande føresetnader er lagt til grunn:

  • Trafikkgrunnlag: 15 750 kjøretøy pr. døgn (ÅDT) med referanseår 2012, jf. kap. 4

  • Årleg trafikkvekst: 0,5 pst.

  • Takst- og rabattsystem: i tråd med kap. 5.

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 2,5 pst.

  • Årlege kostnader til innkrevjing og drift av bompengeselskapet: vel 12 mill. kr.

Ekstern kvalitetssikring (KS2)

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføretsetnadene i Førdepakken. Kvalitetssikraren si vurdering er at finansieringsopplegget er robust. Kvalitetssikringa har påvist at nedbetalinga mest sannsynleg vil skje noko raskare enn det som er lagt til grunn ved planlegginga av pakken.

Effekten av ei omorganisering av bompengesektoren

Som omtalt i Meld. St. 25 (2014–2015) På rett vei, legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. I tillegg vil regjeringa innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån. Det blir lagt opp til at rentekompensasjonen skal komme trafikantane til gode i form av lågare takstnivå/høgare rabattar eller kortare innkrevjingsperiode. Det er ein føresetnad for rentekompensasjonen at prosjekta blir lagt inn i eit av dei nye bompengeselskapa så snart desse er etablerte.

Bompengeopplegget i denne proposisjonen er basert på ein føresetnad om 6,5 pst. lånerente, i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Gjennom Prop. 119 S (2013–2014) er det opna for at den reknetekniske renta i ein overgangsperiode kan setjast lågare, i intervallet mellom 6,5 pst. og renta på 10-års statsobligasjonslån. Det er ein føresetnad at det er lokalpolitisk tilslutning til dette og at den fylkeskommunale garantien blir oppretthalden. Det er vidare ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når desse er etablerte. Samferdselsdepartementet ber Stortinget om fullmakt til å fastsetje takstar i tråd med ovannemnde, med føresetnad om lokalpolitisk tilslutning.

Når rentekompensasjonsordninga er etablert, vil det bli laga ein revidert finansieringsplan der rentekompensasjonen inngår.

Tabell 5.2 viser kalkulerte bompengetakstar, finansieringskostnader og innkrevjingskostnader ved 6,5 pst. lånerente samanlikna med ei lånerente på 2,8 pst.

Tabell 5.2 Takstnivå ved ulike renteføresetnader

2015-kr

Lånerente

6,5 pst.

2,8 pst.

Takstar – lette/tunge køyretøy

23,50/47 kr

22,30/44,60 kr

Finansieringskostnader

90 mill. kr

35 mill. kr

Innkrevings- og driftskostnader

150 mill. kr

150 mill. kr

Dersom effekten i staden blir nytta til å redusere innkrevjingsperioden, er det rekna med at denne kan reduserast med i underkant av eitt år.