6 Styringsmodell for Førdepakken
I tråd med fylkestinget sitt vedtak av 10. desember 2013 er det oppretta ei styringsgruppe med administrativ deltaking frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune, samt deltaking frå Statens vegvesen. I tillegg kan bompengeselskapet stille på møta med uttalerett, men ikkje røysterett. Mandatet til styringsgruppa er å arbeide for framdrift, gjennomføring og tilstrekkeleg finansiering for prosjekta og tiltaka i Førdepakken i tråd med vilkåra i denne proposisjonen.
Statens vegvesen er på vanleg måte byggherre for riksvegprosjekt, fylkeskommunen for fylkesvegprosjekt og kommunen for prosjekt på kommunale vegar. Statens vegvesen vil utføre byggherreoppgåver på vegne av fylkeskommunen og kommunen.
Som for andre bompengepakkar, er det føresett at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak, eller innkrevingstida kan reduserast. Sidan Førdepakken omfattar ei rekkje prosjekt og tiltak, bør det ikkje vere problematisk å tilpasse utbygginga til tilgjengelege midlar.
Dersom inntektene i Førdepakken blir lågare enn rekna med, er det lagt til grunn at bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kan auke takstane med inntil 20 pst. ut over ordinær prisstigning og forlengje innkrevjingsperioden med inntil 5 år. Sidan eventuell takstauke og forlenging av innkrevjingsperioden ikkje blei tatt opp ved den lokalpolitiske behandlinga, må dette eventuelt leggjast fram for lokalpolitisk behandling før Vegdirektoraratet fattar nytt takstvedtak.