Prop. 137 S (2014–2015)

Utbygging og finansiering av Førdepakken i Sogn og Fjordane

Til innhaldsliste

3 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Kommunedelplan for trafikk i Førde sentrum blei vedtatt i 1998. Kommunedelplanen viste nødvendige veglenker for å avvikle trafikken gjennom sentrum. Delar av planen blei revidert i 2001. Eit planprogram for å revidere kommunedelplanen blei utarbeidd i 2011, og ein silingsrapport for å sile ut dei minst aktuelle alternativa blei behandla av kommunen i 2012.

Konseptvalutgreiing (KVU) med tilhøyrande ekstern kvalitetssikring (KS1) for E39 på strekninga Lavik – Skei blei utarbeidd som del av grunnlaget for St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019. Behovet for å utarbeide KVU blei utløyst av mellom anna behovet for avklaringar gjennom Førde.

Revidert kommunedelplan for Førde sentrum blei vedtatt av Førde bystyre 19. juni 2013. Kommunedelplan for ny E39 forbi Førde blei vedtatt av kommunestyret i det same møtet.

I mai 2012 blei det inngått avtale mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førde kommune og Statens vegvesen om Førde som sykkelby. Målet er å gjere det trygt og attraktivt å sykle i Førde, mellom anna gjennom eit samanhengande gang- og sykkelvegnett. Avtalen går fram til utgangen av 2015. Førde kommune vurderer å søkje om å vidareføre avtalen.

Forslaget til Førdepakke omfattar 20 prosjekt og tiltak. Det er sett av ei ramme til uspesifiserte sentrumstiltak (gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar) og ei ramme til planlegging. Prosjekta og tiltaka omfattar bygging av nye veglenker, bygging av gang- og sykkelvegar, opprusting og utviding av eksisterande vegar, samt opprusting av eksisterande gang- og sykkelvegar. Forslaget til Førdepakke med aktuelle prosjekt som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling framgår av tabell 3.1.

I pkt. 9 i fylkestinget sitt vedtak av 10. desember 2013 har fylkesutvalet fått fullmakt til å avklare «eigarskapet» til dei tre prosjekta som er nye veglenker. Det er seinare avklart at prioritet nr. 1 og 20 blir fylkesveg og prioritet nr. 12 blir kommunal veg.

Av dei 20 prosjekta og tiltaka ligg det føre reguleringsplanar for 9 prosjekt/tiltak. Av desse skal fire reviderast/oppdaterast. Reguleringsplanar vil bli utarbeidde løpande.

Dei 20 prosjekta/tiltaka og plasseringa av bomstasjoner framgår av figur 3.1.

Figur 3.1 Kart som viser dei 20 prosjekta/tiltak og plasseringa av bomstasjonar

Figur 3.1 Kart som viser dei 20 prosjekta/tiltak og plasseringa av bomstasjonar

Dei største prosjekta er:

Angedalsvegen – Hafstadvegen (ny fylkesveg)

Lengda av prosjektet er omlag 550 m. Prosjektet omfattar ny veg og bru over Jølstra som også er lagt til rette for gang- og sykkeltrafikk. Prosjektet vil bidra til å løyse kapasitetsproblem i Førde sentrum. Det opnar også for utbygging av ein ny bydel (Hafstad bydel). Prosjektet blir eit viktig gang- og sykkelvegsamband mellom idrettsparken i Hafstad bydel, eksisterande kultur/idrettshus (Førdehuset) og eksisterande idrettsanlegg. Det ligg føre godkjent reguleringsplan. Prosjektet er gitt prioritet nr. 1.

E39/rv 5 Fjellvegen som hovudgate

Vegen er ei lenke på om lag 1,1 km i Hafstadvegen, frå avkøyrsla til Naustdalsvegen og fram til E39. Vegen vil bli utvida med breiare køyrefelt og sykkelfelt på begge sider av vegen, samt fortau på delar av strekninga. Det vil bli gjennomført støytiltak langs heile strekninga. Trafikkanalysen viste at eit tidlegare alternativ med tunnel for E39 og Fjellvegen som lokalgate ville gje liten effekt for trafikken ut frå kostnadene. Prosjektet er gitt prioritet nr. 14.

Tabell 3.1 Lokalt behandla forslag til utbyggingsplan for Førdepakken

Mill. 2012-kr

Prioritet

Prosjekt/tiltak

Kostnader

1.

Angedalsvegen – Hafstadvegen. Ny veg og bru (fylkesveg) med gang- og sykkelveg.

140

2.

Fv 484 Vievegen inkl. gang- og sykkelveg

16

3.

E39 frå Hafstad rundkøyring til Kronborg rundkøyring. Gang- og sykkelveg

10

4.

E39 To T-kryss Hafstad – Kronborg

35

5.

Rv 5 Bergumkrysset

35

6.

Fv 609 Steinavegen – fortau

55

7.

E39 Kryss med fv 609

21

8.

Gangbru Naustøyna – Storehagen (Kommunehuset) (kommunal veg)

20

9.

Fv 481 Naustdalsvegen – Angedalsvegen til Førdehuset (Storehagen)

91

10.

Hafstad – Kronborgveien (Brulandsvellene) – gang- og sykkelveg (kommunal veg)

65

11.

Hafstad bydel – gang- og sykkelveg (kommunal veg)

6

12.

Ny veg Indre Øyrane – Langebruvegen (til lyskryss) (kommunal veg)

85

13.

E39 Halbrendskule – Hogane. Gang- og sykkelveg

9

14.

E39/rv 5. Fjellvegen som hovudgate

195

15.

Fv 481 Angedalsvegen, delprosjekt 1: Angedalsvegen frå Førdehuset til Prestefossbrua

280

16.

Angedalsvegen/Førdehuset – Naustdalsvegen (Løken) (kommunal veg)

42

17.

Rv 5 Sentrum – Hornnes – Kletten. Gang- og sykkelveg i tunnel

56

18.

Kyrkjevegen aust til Hornnesvegen (kommunal veg)

45

19.

Fv 481 Angedalsvegen, delprosjekt 2: Angedalsvegen frå Prestefossbrua til Skora

80

20.

Ny veg Halbrendsøyra – Øyrane

105

Ramme til mindre sentrumstiltak i bompengeperioden

100

Planlegging

17

Etablering av bomstasjonar

15

SUM

1 523

Fv 481 Angedalsvegen på strekninga Førdehuset – Prestefossbrua – Skora (to delprosjekt)

Det største prosjektet i pakken er tiltak langs fv 481 Angdedalsvegen. Prosjektet er delt i to delprosjekt. Delprosjekt nr. 1 strekkjer seg frå Førdehuset til Prestefossbrua, medan delprosjekt nr. 2 går frå Prestefossbrua til Skora. Prosjektet har ei samla lengde på om lag 2,8 km, fordelt med omlag 1,6 km på delprosjekt nr. 1 og om lag 1,2 km på delprosjekt nr. 2. Det er planlagt sykkelfelt på begge sider av vegen og fortau på ei side. Prosjektet vil ikkje gje nemneverdige endringar med omsyn til biltrafikken. Men det vil gje ein sikrare og betre trasé for mjuke trafikantar (skuleveg), samt betre framkomst for kollektivtrafikken. Tiltaka vil også lette tilkomsten til Førde sentralsjukehus.

Vegen går gjennom eit område med dårlege grunnforhold. Vegen må derfor byggjast om for å ta omsyn til dette. Prosjektet omfattar støytiltak på mange bustadhus. Delprosjekt nr. 1 er prioritert som nr. 15, medan delprosjekt nr. 2 er prioritert som nr. 19.

Halbrendsøyra – Øyrane (ny fylkesveg)

Prosjektet omfattar ny veg over Halbrendsøyra, ny bru over Jølstra og tilkopling til eksisterande kommunal veg med samband til rundkøyring og rv 5. Ny veg og bru er planlagt med tosidig fortau. Lengda på prosjektet er vel 500 m. Prosjektet er prioritert sist av dei 20 prosjekta. I trafikkanalysen er det rangert som nr. 3 av dei tre prosjekta som er prioriterte for å løyse kapasitetsproblema i Førde sentrum.

Uspesifiserte sentrumstiltak

Det er sett av 100 mill. kr til uspesifiserte sentrumstiltak. Det er lagt opp til at midlane blir nytta til gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar.