7 Garantiar
Gjennom vedtak i fylkestinget 10. desember 2013 har Sogn og Fjordane fylkeskommune stilt sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt bompengelån på 600 mill. kr, jf. kap. 2. Garantien skal gjelde til 31. desember 2027. Garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke i realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.