1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av ei bypakke for Ålesund (Bypakke Ålesund), i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Bypakke Ålesund omfattar prosjekt og tiltak på både riksveg, fylkesveg og kommunal veg.
Ålesund er ein by i vekst, både i talet på busette og næringslivsetableringar. I store delar av byen er grensa for kapasitet på vegnettet nådd, eller er i ferd med å bli det. I tillegg er vegnettet for gåande og syklande lite utbygd, samstundes som kollektivtilbodet blir brukt av ein relativt liten del av innbyggjarane. Ved større endringar i reisevanar, vil ikkje kollektivtilbodet og tilbodet til gåande og syklande møte behovet.
Føremålet med bypakka i Ålesund er at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at delen reiser med personbil skal reduserast.
Bypakke Ålesund skal gi eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer, og bidra til ei attraktiv og berekraftig byutvikling. Det sentrale prosjektet i bypakka er E136 Breivika-Lerstad. Prosjektet er mellom anna omtalt i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033. Prosjektet skal bidra til å fremje miljøvennleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss, og ved å leggje til rette for fotgjengarar og syklistar. I tillegg vil prosjektet betre framkomsten, redusere reisetida og betre trafikktryggleiken. Det blir lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2022.
Samla økonomisk ramme for Bypakke Ålesund er om lag 4 mrd. 2021-kr. Finansieringa av pakka er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka. Bypakke Ålesund vil ha ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år, i tråd med lokalpolitiske vedtak, med planlagt oppstart i 2022.
I tråd med dei lokalpoliske vedtaka er det lagt til grunn at det skal etablerast 13 bomstasjonar i Ålesund med tovegs innkrevjing av bompengar fordelt på tre bomsnitt.