8 Styringsmodell for Bypakke Ålesund
Bypakke Ålesund vil bli gjennomført etter prinsippa som er fastlagte i bompengeavtalen frå 2019. Bypakka vil leggje til grunn kostnadskontroll innanfor den fastsette økonomiske ramma, porteføljestyring og 20 pst. eigendel for lokale styresmakter.
Dette betyr mellom anna at ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt skal skje ved kutt i porteføljen. Eventuell kostnadsauke i dei einskilde prosjekta – og/eller inntektssvikt – skal handterast gjennom porteføljestyringa, og ikkje gjennom auka takstar og/eller forlenga innkrevjing. Det blir føresett sterk kostnadskontroll. Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering av eit fireårig handlingsprogram med hovudvekt på mål- og resultatstyring.
Den prioriterte prosjektlista som er vedteken av Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune leggjast til grunn for bypakka.
Dei lokalpolitiske vedtaka legg til grunn at den konstituerte styringsgruppa for Bypakke Ålesund blir styringsgruppe for bompengeordninga. Styringsgruppa blir leia av Ålesund kommune. Medlemmar i styringsgruppa er i tillegg representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Styringsgruppa har mandat til å justere og endre på den prioriterte rekkefølgja til prosjekta i det årlege arbeidet med handlingsprogrammet.