7 Finansieringsopplegg
Finansieringa av Bypakke Ålesund er basert på innkrevjing av bompengar samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg er det lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka skal førast tilbake til Bypakke Ålesund. Forslag til finansieringsplan er vist i tabell 7.1.
Tabell 7.1 Finansieringsplan for Bypakke Ålesund
Mill. 2021-kr | |||
---|---|---|---|
2022–2027 | 2028–2033 | Sum | |
Statlege midlar | 620 | 0 | 620 |
Bompengar | 2 775 | 353 | 3 128 |
Fylkeskommunale og kommunale midlar | 115 | 20 | 135 |
Refusjon av meirverdiavgift | 120 | 20 | 140 |
Sum | 3 630 | 393 | 4 023 |
Statlege midlar
Prioritering av store riksvegprosjekt skjer på bakgrunn av Nasjonal transportplan, og eventuell igangsetting må vurderast i dei årlege statsbudsjetta. I Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 er det lagt til grunn 445 mill. 2021-kr i statlege midlar til delfinansiering av E136 Breivika-Lerstad i første seksårsperiode (2022–2027). Det er vidare lagt til grunn 175 mill. 2021-kr til tiltak innanfor programområda i perioden 2022–2027.
Fylkeskommunale og kommunale midlar
I tråd med dei nye retningslinjene for porteføljestyrte bypakker er det lagt til grunn at fylkeskommunen og kommunen skal bidra med ein eigendel på minst 20 pst. av investeringskostnaden (ekskl. meirverdiavgift) ved investeringar på kommunal eller fylkeskommunal veg. I tillegg er det føresett at all meirverdiavgift som staten refunderer for desse prosjekta skal førast tilbake til bypakka.
Det er rekna med at investeringar på lokalt vegnett vil kunne vere på om lag 780 mill. 2021-kr, inkludert meirverdiavgift. Refusjon av meirverdiavgift vil utgjere om lag 140 mill. 2021-kr. Lokale bidrag frå Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune er førebels rekna til om lag 130 mill. 2021-kr. Desse to postane vil til saman utgjere om lag 270 mill. 2021-kr. Endeleg nivå på den lokale eigendelen og kompensasjonen for meirverdiavgift er avhengig av kor stor del av investeringsmidlane som faktisk blir brukt til prosjekt og tiltak på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet.
Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har til saman vedteke å bidra med om lag 275 mill. 2021-kr, noko som er meir enn det som er naudsynt for å innfri kravet til eigendel. Det er desse beløpa som er lagt inn i finansieringsplanen. I dei lokale vedtaka er det ikkje skreve særskild at dei lokale bidraga gjeld kompensasjon for meirverdiavgift og eigendel, men lokale styresmakter er innforståtte med dette.
Investeringskostnadene omfattar byggeplanlegging/prosjektering samt planlegging etter plan og bygningslova, og inngår i den kommunale 20 pst. eigendelen.
Investeringskostnader som Ålesund kommune nyttar før prosjektet blir godkjent i Stortinget, går inn som ein del av kommunens sin eigendel til bypakka, og er føresett handtert av styringsgruppa i bypakka.
Bompengar
Som det går fram av kapittel 6 reknar ein med at det skisserte bompengeopplegget vil gi eit samla bompengebidrag til prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Ålesund på om lag 3 128 mill. 2021-kr i perioden 2022–2033.
Bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar, samt statens refusjon av meirverdiavgift for prosjekt og tiltak i pakka er rekna å gi eit samla bidrag til gjennomføring av Bypakke Ålesund på om lag 4 020 mill. 2021-kr. Dette gir eit samsvar mellom forventa inntekter og kostnader i bypakka.