2 Lokalpolitisk handsaming
Bypakke Ålesund vart handsama av Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune i juni 2019. I tillegg gjorde Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune nokre supplerande vedtak i oktober 2020, slik at vedtaket om fylkeskommunal lånegaranti er tilpassa dei nye retningslinjene for porteføljestyrte bypakker. Dette inneber at garantisten sine utlegg ikkje kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.
Den detaljerte bomstasjonsplasseringa vart vedteken av bystyret i Ålesund kommune 02.02.2017.
Ålesund bystyre gjorde slikt vedtak 6. juni 2019:
1. Ålesund kommune går inn for at det vert etablert ei bypakke for Ålesund i tråd med «Bypakke Ålesund – Faglig grunnlag trinn 1» frå Statens vegvesen, datert 1. februar 2018, med en prosjektliste som ser slik ut:
Prosjekt
Anslått kostnad i 2018 (mill 2017-kr)*
Anslått kostnad (mill 2019-kroner)**
Miljøtiltak i Ålesund sentrum
Ny Brosundbro, gate fra Waterfront- Posthuskrysset
270
280
Kollektivterminal gate, Keiser Wilhelmsgate
80
80
Kollektiv-knutepunkt
Kollektivpunkt sjukehus
50
50
Miljøgate campus – kollektivknutepunkt
110
150
E136 Breivika – Lerstad
E136 Breivika-Lerstad
1 650
1 920
E136 Lerstadtoppen-Campus
430
460
Kollektiv, sykkel, gåing, trafikksikkerhet
Tiltak for framkommelighet for buss, for gående og syklende og trafikksikkerhet. Tiltak kartlegges videre.
275
280
Tiltak på fv. 60 Blindheim – Flisnes
Sanering av kryss, tilrettelegging for gående og syklende samt kollektivtrafikk
270
290
Tiltak på E39 ved Myrland
E39 Myrland, påkjøringsrampe
50
50
Sum PROSJEKTER
3 185
3 560
Bomstasjoner
40
40
Byggeplanlegging/planlegging/prosjektering
50
50
Kostnader bygging
3 275
3 650
* Tilsvarer prosjektlista som ligger i det faglige grunnlaget fra 2018.
** Tala fra Faglig grunnlag 2018 er oppdaterte. Det er gjennomført nye kostnadsanslag for nokre av prosjekta. I tillegg har ein teke omsyn til prisstigninga.
2. Ålesund kommune går inn for at bypakke Ålesund vert delvis finansiert med bompengar. Det er lagt til grunn ei prosjektportefølje med ei samla økonomisk ramme på om lag 3,65 mrd. kroner inkludert etablering av bomstasjonar. Følgjande finansieringsplan er lagt til grunn for prosjektet:
2019-kroner
2018–2023
2024–2029
Etter 2029
Sum
Statlege midlar
205
379
0
584
Fylkeskommunale midlar
3
82
0
85
Kommunale midlar
75
107
0
182
Bompengar
582
1 399
816
2 797
Sum
865
1 967
816
3 648
3. Bypakka skal delfinansierast med bompengar basert på tovegs innkrevjing i 14 bomstasjonar som vist i Statens vegvesen sitt faglege grunnlag.
4. Ålesund kommune gir si tilslutning til at det blir lagt til grunn ein gjennomsnittleg takst på 17–22 kroner. Dette er rekna til å gi følgjande takstar:
Takstgruppe 1: 20 – 25 kroner
Takstgruppe 2: 40 – 50 kroner
5. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 prosent. Det vil ikkje vere rabatt for køyretøy i takstgruppe 2.
6. I tråd med nasjonale føringar er det lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 får 50 prosent rabatt, medan nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 får 100 prosent rabatt. Dersom det blir opna for at nullutsleppskøyretøy får lågare rabatt, kan dette innførast i bypakken om dette vert aktuelt.
7. Bompengetakstane er føresett regulerte i takt med auken i konsumprisindeksen.
8. Det er lagt til grunn timesregel. For køyretøy i takstgruppe 1 er det også lagt til grunn eit månadstak på 60 betalande passeringar per kalendermånad.
9. Det blir innført ein timesregel for begge takstgrupper der første registrerte passering i sentralsystemet skal gjelde. Når det blir teknisk mogleg, vil den passeringa med høgast takst i løpet av ein time gjelde.
10. Ålesund kommune legg til grunn at bompengar skal krevjast inn i inntil 15 år.
11. Alle rabattordningar føreset gyldig avtale og bruk av brikke.
12. Dersom økonomien i prosjektet vert dårlegare enn føresett, er Ålesund kommune samde i at det må kuttast i fastsett portefølje for bypakka.
13. Dersom økonomien i prosjektet vert betre enn føresett, er det lagt til grunn at prosjekt frå marginallister knytt til trafikktrygging, gang- og sykkelveg eller kollektiv kan takast inn i pakken, eller at takstane og/eller innkrevjingsperioden vert redusert.
14. Ålesund kommune godkjenner at det vert sett opp bomstasjonar på lokalt vegnett om det vert ei monaleg overføring av trafikk inn på lokalt vegnett etter at tiltak som skilting, reduserte fartsgrenser og stenging er gjennomførte.
15. Ålesund kommune legg til grunn at det vert arbeidd vidare med bypakke Ålesund byggesteg 2.
16. Bystyret vedtek at Ålesund kommune bidreg med 182 mill. kroner til prosjektet bypakke Ålesund trinn 1. Dette vert innarbeidd i kommande økonomiplanar fram til og med 2028.
17. Midlar Ålesund kommune vil bruke til planlegging før bompengeavtalen vert underskriven kan gå inn som ein del av Ålesund kommune sin andel av bypakka.
18. Ålesund kommune vil starte arbeidet med å få fram ein parkeringsstrategi som støttar opp under måla for bypakke Ålesund.
Tilleggspunkt fra Ålesund bystyre, utover de vedtakene som Statens vegvesen/ Vegdirektoratet anbefalte:
1. Ålesund kommune ønsker å innføre satellittbasert vegprising og vil gjerne bli pilot for et slikt system.
2. I det videre arbeidet med bypakke Ålesund byggetrinn 2 må Brosundtunnel og strekningen Vegsund-Breivik ha førsteprioritet
3. Bystyret i Ålesund vil øke satsingen på kollektivtrafikk og ber derfor om at tiltaket E136 Lerstadtoppen – Campus vurderes helt eller delvis erstattet av kollektivtiltak i samsvar med COWI-rapporten «Framtidige kollektivkonsepter i Ålesund».
4. Dersom Vegdirektoratet imøtekommer Ålesund kommune på dette punktet vil prosjektlista se slik ut:
Prosjekt (mill 2019-kroner)
Faglig grunnlag*
Bystyrets forslag imøtekommes**
Miljøtiltak i Ålesund sentrum
Ny Brosundbro, gate fra Waterfront- Posthuskrysset
280
280
Kollektivterminal gate, Keiser Wilhelmsgate
80
80
Kollektivknutepunkt
Kollektivpunkt sjukehus
50
50
Miljøgate campus – kollektivknutepunkt
150
150
Campus del 2 (tilpasning)
70
E136 Breivika-Lerstad
E136 Breivika-Lerstad
1 920
1 920
E136 Lerstadtoppen-Campus
460
0
Kollektiv, sykkel, gåing, trafikksikkerhet
Tiltak for framkommelighet for buss, for gående og syklende og trafikksikkerhet. Tiltak kartlegges videre
280
280
Kollektivtiltak i hht. COWI – rapport
390
Tiltak på fv. 60 Blindheim – Flisnes
Sanering av kryss, tilrettelegging for gående og syklende samt kollektivtrafikk
290
290
Tiltak på E39 ved Myrland
E39 Myrland, påkjøringsrampe
50
50
Sum PROSJEKTER
3 560
3 550
Bomstasjoner
40
40
Byggeplanlegging/planlegging/prosjektering
50
50
KOSTNADER BYGGING
3 650
3 650
* Faglig grunnlag 2018, oppdaterte tall
** Punkt 4 om omdisponering av E136 Lerstadtoppen – Campus til kollektivtiltak og tilpasning av Campus.
5. Bystyret ber om at behovet for påkjøringsrampen på E39 Myrland vurderes på nytt når kommunedelplanen for E39 er fastsatt.
6. Bystyret stiller seg bak vedtakspunkt fra styringsgruppen for bypakken og rådmannen slik de er fremlagt i innstillingen fra Formannsskapet punkt a.–f.
7. Bystyret ber om at det legges inn en mulighet for å vurdere rushtidsavgift på et senere tidspunkt, slik som bystyret tidligere har lagt til grunn. Dette kan være et viktig virkemiddel for å nå måla om reisemiddelfordeling som er satt for bypakken.
8. Det skal tilstrebes at miljøprofilen og forholdet mellom vegtiltak og tiltak for kollektiv, gående, syklende og trafikksikkerhet beholdes. En eventuell kostnadsoverskridelse på strekningen E136 Breivika – Lerstad – Campus bør ikke gå på bekostning av de andre prosjektene i bypakken. Bystyret ønsker at eventuelle kostnadsoverskridelser på denne strekningen dekkes av bompengeselskapet og staten etter den prosentvise fordelinga som ligger til grunn for pakken, og at kostnadsoverskridelser over ti prosent dekkes av staten.
9. Bystyret vil framheve viktigheten av at de mindre tiltakene for gående, sykkel, kollektiv og trafikksikkerhet kommer tidlig i perioden. Bystyret vil derfor oppfordre vegvesenet til at utbyggingsplanen endres i tråd med dette.
Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde slikt vedtak 17. juni 2019:
1. Møre og Romsdal fylkeskommune går inn for at det vert etablert ei bypakke for Ålesund i tråd med «Bypakke Ålesund – Faglig grunnlag trinn 1» frå Statens vegvesen, datert 1. februar 2018.
2. Møre og Romsdal fylkeskommune går inn for at bypakke Ålesund vert delvis finansiert med bompengar. Det er lagt til grunn ei prosjektportefølje med ei samla økonomisk ramme på om lag 3,65 mrd. kroner inkludert etablering av bomstasjonar. Følgjande finansieringsplan er lagt til grunn for prosjektet:
2019- kroner
2018–2023
2024–2029
Etter 2029
Sum
Statlege midlar
205
379
0
584
Fylkeskommunale midlar
3
82
0
85
Kommunale midlar
75
107
0
182
Bompengar
582
1 399
816
2 797
Sum
865
1 967
816
3 648
3. Bypakka skal delfinansierast med bompengar basert på tovegs innkrevjing i 14 bomstasjonar som vist i Statens vegvesen sitt faglege grunnlag.
4. Møre og Romsdal fylkeskommune gir si tilslutning til at det blir lagt til grunn ein gjennomsnittleg takst på 17–22 kroner. Dette er rekna til å gi følgjande takstar:
Takstgruppe 1: 20 – 25 kroner
Takstgruppe 2: 40 – 50 kroner
5. Ved bruk av elektronisk brikke får køyretøy i takstgruppe 1 ein rabatt på 20 prosent. Det vil ikkje vere rabatt for køyretøy i takstgruppe 2.
6. I tråd med nasjonale føringar er det lagt til grunn at nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 får 50 prosent rabatt, medan nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 får 100 prosent rabatt. Dersom det blir opna for at nullutsleppskøyretøy får lågare rabatt, kan dette innførast i bypakken om dette vert aktuelt.
7. Bompengetakstane er føresett regulerte i takt med auken i konsumprisindeksen.
8. Det er lagt til grunn timesregel. For køyretøy i takstgruppe 1 er det også lagt til grunn eit månadstak på 60 betalande passeringar per kalendermånad.
9. Det blir innført ein timesregel for begge takstgrupper der første registrerte passering i sentralsystemet skal gjelde. Når det blir teknisk mogleg, vil den passeringa med høgast takst i løpet av ein time gjelde.
10. Møre og Romsdal fylkeskommune legg til grunn at bompengar skal krevjast inn- i inntil 15 år.
11. Alle rabattordningar føreset gyldig avtale og bruk av brikke.
12. Dersom økonomien i prosjektet vert dårlegare enn føresett, er Møre og Romsdal fylkeskommune samde i at det må kuttast i fastsett portefølje for bypakka.
13. Dersom økonomien i prosjektet vert betre enn føresett, er det lagt til grunn at prosjekt frå marginallister knytt til trafikktrygging, gang- og sykkelveg eller kollektiv kan takast inn i pakken, eller at takstane og/eller innkrevjingsperioden vert redusert.
14. Møre og Romsdal fylkeskommune godkjenner at det vert sett opp bomstasjonar på lokalt vegnett om det vert ei monaleg overføring av trafikk inn på lokalt vegnett etter at tiltak som skilting, reduserte fartsgrenser og stenging er gjennomførte.
15. Møre og Romsdal fylkeskommune legg til grunn at det vert arbeidd vidare med bypakke Ålesund byggesteg 2.
16. Fylkestinget vedtek at Møre og Romsdal fylkeskommune bidreg med 85 mill. kroner til investeringstiltak i prosjektet bypakke Ålesund. Dette vert innarbeidd i budsjett og økonomiplan for 2021–2028. I tillegg skal fylkeskommunen finansiere eit forsterka kollektivtilbod som minst er på same nivå som investeringsmidlane i sum i løpet av bompengeperioden.
17. Under føresetnad av Kommunal- og moderniseringsdepartementet si godkjenning, garanterer Møre og Romsdal fylkeskommune med sjølvskuldnarkausjon for bompengeselskapet si gjeld, med pant i bompengeselskapet sin rett til å krevje inn bompengar. Det samla garantibeløpet er avgrensa oppover til 1 600 mill. kroner med tillegg av 10 prosent av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekking av eventuelle tilkomne renter og omkostningar. Det samla garantibeløpet blir slik 1 750 mill. kroner.
18. Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på 15 år. Innkrevjingsperioden kan i særskilte tilfelle forlengast med inntil fem år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskrifta § 3. Samla garantitid blir, inkludert byggjeperioden, på inntil 22 år frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen. Garantisten sine utlegg kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 prosent og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. Garantien gjelder inntil bompengeselskapet si gjeld er nedbetalt og vert redusert i takt med nedbetalinga av lånet. Det er føresett at garantien blir sikra 1. prioritet i retten til å krevje inn bompengar.
I det vidare arbeidet med bypakke Ålesund byggetrinn 2 må Brosundtunnell og strekninga Vegsund- Blindheim ha førsteprioritet.
19. Møre og Romsdal fylkeskommune meiner det er prinsipielt feil at ein fylkeskommune skal ta på seg garantiansvar for statleg og kommunal infrastruktur, jf. punkt 17 og 18 i vedtaket, og ber om at dette spørsmålet blir fremma som ei prinsippsak ovanfor Stortinget så snart som råd.
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune gjorde slikt vedtak 26.10.2020:
1. Teksten nedanfor erstattar punkt 18 i sak T-32/19:
Garantien gjeld frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen i byggeperioden, og gjennom innkrevjingsperioden på inntil 15 år. I tillegg skal garantien gjelde inntil to år, jf. garantiforskrifta § 3. Samla garantitid blir, inkludert byggjeperioden, på inntil 17 år frå første opptrekk på finansieringa i samband med rekvisisjonar frå Statens vegvesen. Garantien gjelder inntil bompengeselskapet si gjeld er nedbetalt og vert redusert i takt med nedbetalinga av lånet. Det er føresett at garantien blir sikra 1. prioritet i retten til å krevje inn bompengar.
2. Fylkesutvalet meiner det er prinsipielt feil at ein fylkeskommune skal ta på seg garantiansvar for statleg og kommunal infrastruktur. Blir reglane for garantiansvar endra i Stortinget føreset Møre og Romsdal fylkeskommune at dette også blir gjort gjeldande for bypakke Ålesund.