4 Trafikkgrunnlag
Trafikkgrunnlaget for Bypakke Ålesund er rekna ut ved hjelp av Regional transportmodell (RTM). Ein har sett på korleis trafikantane reagerer på innføring av bompengar.
Utan bompengeinnkrevjing er totaltrafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane rekna til om lag 57 000 køyretøy per døgn (ÅDT). Modellkøyringane viser at innføring av bompengeinnkrevjing med det takstnivået som det er gjort framlegg om, vil redusere trafikken med om lag 20 pst. Dette inneber at ÅDT i dei planlagde bomstasjonane vil vere om lag 45 400 køyretøy i referanseåret 2022. Delen tunge køyretøy er om lag 5 pst.
Det er ikkje lagt til grunn vekst i personbiltrafikken i innkrevjingsperioden. Dette er gjort sidan Bypakke Ålesund med tiltaka i prosjektporteføljen har ein ambisjon om å nå nullvekstmålet for persontransport med bil. Dette er i tråd med føringane som er gitt i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033, der det går fram at Ålesund er eitt av dei fem mindre byområda som kan få eit tilskot for å styrke satsinga på kollektivtransport, sykling og gåing i mindre byområdar.
Ekstern kvalitetssikrar har vurdert transportmodellberekningane, og stiller seg bak Statens vegvesen sine vurderingar.