1 Innleiing
Samferdselsdepartementet foreslår i denne proposisjonen nokre endringar i løyvingar mv. for programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilde transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Posttenester. Det blir òg foreslått ei fullmakt under vegformål, endringar i to fullmakter under jernbaneformål og orientert om konsekvensar av ekstremvêret «Hans».