3 Luftfartsformål
Kap. 1315 Tilskot til Avinor AS
Post 71 Tilskot til pålagde oppgåver
I 2023 er det løyvd 1 145,5 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 23,5 mill. kr.
For Flytting av Bodø lufthamn har overslaget for kjøpesum i avtale om kjøp av flyplasstomt frå Forsvaret auka, medan delar av prosjektutbetalingane som var venta i 2023, først blir betalt i 2024. Tilskotet til flyttinga av Bodø lufthamn er offentleg støtte og må godkjennast av EFTAs overvakingsorgan, ESA, før det kan utbetalast. Viss godkjenninga ikkje kjem på plass i 2023, vil ubrukt løyving bli søkt overført til 2024, jf. stikkordfullmakt.
For Ny lufthamn ved Mo i Rana har framdrifta i anleggsarbeida vore raskare enn tidlegare føresett.
Kap. 4313 Luftfartstilsynet
Post 01 Gebyrinntekter
I 2023 er det løyvd 167,6 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 26,5 mill. kr.
Inntektene frå fleire gebyrområde blir lågare enn budsjettert. For ubemanna luftfart har talet på nye registrerte i nettportalen flydrone.no blitt lågare. Innan operative godkjenningar er det færre som har betalt årsgebyr for godkjenningssertifikat for luftfartsoperatørar (AOC). Det er òg reduserte inntekter frå årsgebyr for luftfartøy fordi det no er færre fly i dei tyngste vektklassene på norsk register. Vidare er aktiviteten innan sertifikat og teoriprøver litt lågare.