2 Administrasjon m.m.
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
I 2023 er det løyvd 30,8 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 4,3 mill. kr.
Kontingent til dei internasjonale organisasjonane som departementet er medlem i, blir i hovudsak betalt i dollar, euro og sveitsiske franc. Krona har det siste året svekt seg betydeleg mot desse valutaene. Vidare har kontingenten til EASA (Det europeiske byrå for flysikkerhet) og til ERA (Den europeiske unions jernbanebyrå) auka.
Kap. 1301 Forsking og utvikling mv.
Post 70 Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar – tilføying av stikkord
I 2023 er det løyvd 65,2 mill. kr på posten. Oppstarten av nokre av prosjekta som har fått tilsegn i 2022 og 2023, er forseinka. Det har òg vore nokre forseinkingar undervegs i nokre prosjekt. Nokre tilskot blir derfor først betalt i starten av 2024. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å føye til stikkordet «kan overførast» på posten, jf. forslag til romartalsvedtak.