6 Jernbaneformål
Kap. 1352 Jernbanedirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter – utgreiingar
I 2023 er det løyvd 138,8 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 20 mill. kr.
Fleire planar og utgreiingar har blitt sett i gang seinare enn planlagt, m.a. har det tatt lengre tid enn planlagt å inngå avtalar med samarbeidspartnarar i Europe's Rail som er Europas største forskingsprogram for jernbane. I tillegg blei utgifter til nokre prosjekt lågare enn budsjettert.
Post 70 Kjøp av persontransport med tog
I 2023 er det løyvd 5 318,3 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 114,1 mill. kr.
Mindrebehovet kjem m.a. av lågare utgifter til straum enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet.
Endra fullmakt til restverdigaranti
I samband med Stortingets handsaming av Prop. 1 S (2022–2023) og Innst. 13 S (2022–2023) fekk Samferdselsdepartementet fullmakt til å gi ein restverdigaranti for bokførte verdiar på inntil 7 993 mill. kr, og ein restverdigaranti til oppgraderingar og nyinvesteringar innanfor ei ramme på 11 954 mill. kr. Restverdigarantien gjeld for det togmateriellet som inngår i statens kjøp av persontransporttenester med tog, og det er lagt til grunn 75 pst. restverdigaranti.
Samferdselsdepartementet foreslår å justere beløpa til 7 820 mill. kr for bokførte verdiar og 14 020 mill. kr til oppgraderingar og nyinvesteringar, jf. forslag til romartalsvedtak. Forseinka oppgradering av eksisterande materiell (tog type 72 som nyttast i lokaltrafikk rundt Oslo og Stavanger) gjer at fullmakta til dette må aukast, og at fullmakta til bokførte verdiar bli lågare. Vidare er rammene for nyinvesteringar og oppgraderingar indeksjustert, og feil i rapportering av prognostiserte restverdiar for nyinvesteringar er retta.
Post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald
I 2023 er det løyvd 8 011,2 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 100 mill. kr, mot ein reduksjon på post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar.
I Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet, side 174, går det fram at løyvinga til investeringar i jernbana òg kan nyttast til fornying og vedlikehald av jernbanenettet når dette blir vurdert å gi best måloppnåing. Bane NOR SF har nytta meir til fornying av jernbanenettet i 2023 enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2022–2023). I Prop. 1 S (2022–2023) blei det opplyst at vedlikehaldsetterslepet var venta å auke med 1,2 mrd. kr i løpet av 2023. Samferdselsdepartementet anslår no at etterslepet vil auke med om lag 100 mill. kr.
Post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar
I 2023 er det løyvd 17 855,9 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 1 650 mill. kr, der 1 100 mill. kr blir foreslått omdisponert til kap. 1352, post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald.
Bane NOR SF ventar å ha opparbeidd ein likviditet på 8,9 mrd. kr ved utgangen av 2023. Likviditeten har auka fordi Bane NOR har hatt ein lågare produksjon enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet. Den lågare produksjonen kjem av at innføringa av nytt signal- og sikringssystem ERTMS og bygginga av nytt dobbeltspor på strekninga Sandbukta–Moss–Såstad er forseinka. Overslaget for Bane NORs likviditet tek omsyn til at det er nytta 1 100 mill. kr meir til fornying av jernbaneinfrastrukturen i 2023, jf. omtale under post 71. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 550 mill. kr knytt til Bane NORs finansinntekter i 2023 på grunn av opparbeidd kapital. Dette vil gi Bane NOR ein venta likviditet på om lag 8 350 mill. kr ved utgangen av 2023.
Post 74 Tilskot til togmateriell mv.
I 2023 er det løyvd 136,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 136,4 mill. kr til 0.
Løyvinga på posten skal dekkje halvparten av ombyggingskostnadene av ERTMS-ombordutstyr på tog eigd av Norske tog AS. På grunn av forseinkingar i ERTMS-prosjektet er ombygginga av tog utsett.
Endra tilsegnsfullmakt
I 2023 har Samferdselsdepartementet fullmakt til å gi tilsegn om tilskot til ERTMS-ombordutstyr og sidespor utover gitte løyvingar, slik at samla ramme for nye tilsegn og gamalt ansvar ikkje overstig 750 mill. kr, knytt til på kap. 1352, post 74. Departementet foreslår å auke tilsegnsfullmakta med 100 mill. kr til 850 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
På grunn av forseinkingar i ombygginga av tog til ERTMS har prognose for udekte forpliktingar ved utgangen av 2023 auka samanlikna med det som var føresett. Det er ikkje planlagd å inngå nye forpliktingar under tilsegnsfullmakta i 2023. Prognoser viser ei utbetaling i 2023 på om lag 39 mill. kr, som blir dekt av løyvinga på kap. 1352, post 73 Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, jf. stikkordfullmakt på post 73. Prognose for udekte forpliktingar ved utgangen av 2023 er på 850 mill. kr.
Orientering om auka utgifter til jernbaneformål etter ekstremvêret «Hans»
Ekstremvêret i august i år har hatt store konsekvensar for togtrafikken, og det er utgifter til opprydding og gjenoppbygging. For 2023 blir utgiftene dekte innanfor løyvingane på kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog og post 71 Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald.
Konsekvensar av kollapsen av Randklev bru
Kollapsen av Randklev bru på Dovrebana fekk store konsekvensar for gods- og persontogoperatørane. Det er ikkje mogeleg å frakte gods på Dovrebana før Randklev bru er bygd opp att.
Etter brukollapsen har Jernbanedirektoratet saman med SJ Norge AS gjort endringar i togtilbodet på Rørosbana slik at godstrafikk på bana no blir prioritert. Vidare er togtilbodet på Dovrebana endra. Nokre persontogavgangar på Rørosbana er erstatta av alternativ transport, og passasjerar på Dovrebana blir frakta med buss på delar av strekninga. Staten kompenserer SJ Norge for utgifter knytte til desse endringane. Utgiftene er no rekna til om lag 220 mill. kr i 2023, og dei blir dekte innanfor løyvinga på kap. 1352, post 70 Kjøp av persontransport med tog. Det er framleis uvisse om kostnadene.
Ekstremvêret «Hans» vil òg ha konsekvensar i 2024. Det endra rutetilbodet på Rørosbana og Dovrebana vil måtte halde fram. Samferdselsdepartementet ventar monalege meirutgifter til dette i 2024. Behovet vil vere avhengig av kor lang tid det tek før Dovrebana igjen kjem i normal drift. Innanfor forslaget til løyving i statsbudsjettet for 2024 er det sett av midlar til nødvendige tilpassingar av persontogtilbodet på Dovrebana og Rørosbana på grunn av at Randklev bru kollapsa. Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med ei nærmare vurdering av løyvingsbehovet til alternativt rutetilbod i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.
Drift og vedlikehald
Bane NOR SF ventar auka utgifter til opprydding og gjenoppbygging etter ekstremvêret «Hans» på om lag 600 mill. kr samla for 2023 og 2024. Prognosen for 2023 er 200 mill. kr. Bane NOR ventar at delar av utgiftene i 2023 blir dekt av forsikringsoppgjer, medan resten blir dekt innanfor løyvinga på post 71. Det er uvisse knytt til kor mykje som blir betalt i 2023, og kor stor del som blir dekt av forsikringsoppgjer.
Kap. 4352 Jernbanedirektoratet
Post 01 Ymse inntekter
I 2023 er det løyvd 4,5 mill. kr i inntekter på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kr. Det har vore større kursaktivitet ved Norsk fagskole for lokomotivførere og høgare inntekter frå Norsk jernbanemuseum.
Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn
Post 01 Driftsutgifter
I 2023 er det løyvd 105,7 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6 mill. kr.
Fleire ledige stillingar i Statens jernbanetilsyn reduserer mellombels behovet for lønsmidlar. I tillegg er utviklinga av fagsystemet/registeret «TOGreg» forseinka fordi omfanget av løysinga førebels er uavklart.
Kap. 4354 Statens jernbanetilsyn
Post 01 Gebyr for tilsyn med tau- og kabelbanar og moroinnretningar
I 2023 er det løyvd 14,4 mill. kr på posten. Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kr, fordi gebyrsatsane blei sett noko høgare enn lagt til grunn i Prop. 1 S (2022–2023) for Samferdselsdepartementet.