Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2023 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2023 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner | |
---|---|---|---|---|
1300 | Samferdselsdepartementet: | |||
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med | 4 300 000 | ||
frå kr 30 845 000 til kr 35 145 000 | ||||
1315 | Tilskot til Avinor AS: | |||
71 | Tilskot til pålagde oppgåver, kan overførast, blir auka med | 23 500 000 | ||
frå kr 1 145 456 000 til kr 1 168 956 000 | ||||
1320 | Statens vegvesen: | |||
22 | Drift og vedlikehald av riksvegar, kan overførast, kan nyttast under post 29 og post 30, blir auka med | 62 693 000 | ||
frå kr 10 598 717 000 til kr 10 661 410 000 | ||||
72 | Tilskot til riksvegferjedrifta, kan overførast, blir redusert med | 50 000 000 | ||
frå kr 3 213 809 000 til kr 3 163 809 000 | ||||
1330 | Særskilde transporttiltak: | |||
70 | Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes, blir redusert med | 114 700 000 | ||
frå kr 1 075 000 000 til kr 960 300 000 | ||||
1352 | Jernbanedirektoratet: | |||
21 | Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, kan overførast, blir redusert med | 20 000 000 | ||
frå kr 138 803 000 til kr 118 803 000 | ||||
70 | Kjøp av persontransport med tog, kan overførast, kan nyttast under post 71, blir redusert med | 114 100 000 | ||
frå kr 5 318 320 000 til kr 5 204 220 000 | ||||
71 | Kjøp av infrastrukturtenester – drift og vedlikehald, kan nyttast under post 70, blir auka med | 1 100 000 000 | ||
frå kr 8 011 231 000 til kr 9 111 231 000 | ||||
73 | Kjøp av infrastrukturtenester – investeringar, kan nyttast under post 74, blir redusert med | 1 650 000 000 | ||
frå kr 17 855 913 000 til kr 16 205 913 000 | ||||
74 | Tilskot til togmateriell mv., kan overførast, blir redusert med | 136 397 000 | ||
frå kr 136 397 000 til kr 0 | ||||
1354 | Statens jernbanetilsyn: | |||
01 | Driftsutgifter, blir redusert med | 6 000 000 | ||
frå kr 105 694 000 til kr 99 694 000 | ||||
1370 | Posttenester: | |||
70 | Kjøp av posttenester, kan overførast, blir auka med | 92 300 000 | ||
frå kr 1 366 600 000 til kr 1 458 900 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner | |
---|---|---|---|---|
4313 | Luftfartstilsynet: | |||
01 | Gebyrinntekter, blir redusert med | 26 500 000 | ||
frå kr 167 600 000 til kr 141 100 000 | ||||
4330 | Særskilde transporttiltak: | |||
01 | Gebyr, blir auka med | 427 000 | ||
frå kr 20 000 000 til kr 20 427 000 | ||||
4352 | Jernbanedirektoratet: | |||
01 | Ymse inntekter, blir auka med | 1 000 000 | ||
frå kr 4 500 000 til kr 5 500 000 | ||||
4354 | Statens jernbanetilsyn: | |||
01 | Gebyr for tilsyn med tau- og kabelbaner og moroinnretningar, blir auka med | 2 000 000 | ||
frå kr 14 400 000 til kr 16 400 000 |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2023 kan føye til stikkordet «kan overførast» på kap. 1301 Forsking og utvikling mv., post 70 Pilotprosjekt for utsleppsfrie anleggsplassar.
III
Tilsegnsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2023 kan gi tilsegn om tilskot utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Føremål | Samla ramme |
---|---|---|---|
1352 | Jernbanedirektoratet | ||
74 | Tilskot til togmateriell mv. | 850 mill. kroner |
IV
Restverdisikring for eksisterande materiell, oppgraderingar av eksisterande materiell og investeringar i nytt materiell
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2023 for det togmateriellet som inngår i statens kjøp av persontransporttenester med tog på kap. 1352 Jernbanedirektoratet, post 70 Kjøp av persontransport med tog, kan:
a. gi ein restverdigaranti for bokførte verdiar på inntil 7 820 mill. kroner
b. gi ytterlegare restverdigaranti til oppgraderingar og nyinvesteringar innanfor ei ramme på inntil 14 020 mill. kroner. Det blir lagt til grunn 75 pst. restverdigaranti.
V
Fullmakt til å nettoføre i statsrekneskapen og postere mot mellomværet med statskassa
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2023 kan gi Statens vegvesen fullmakt til å:
nettoføre innbetalte midlar frå bompengeselskap og tilskot frå eksterne til riksvegprosjekt på kap. 1320, post 01 Driftsutgifter, post 29 OPS-prosjekt og 30 Riksveginvesteringar. For kap. 1320, post 01 gjeld fullmakta utgifter i samband med utvikling av innkrevingssystem for bompengar.
føre i mellomværet med statskassa overskytande bompengar fram til dei blir nytta og blir nettoførte på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.