6 Andre endringar
6.1 Innleiing
Departementet føreslo i høyringsnotatet enkelte mindre endringar i eigarseksjonslova, burettslagslova, bustadbyggjelagslova og avhendingslova. Ingen høyringsinstansar har hatt merknader til desse forslaga. Departementet omtalar derfor ikkje dei av endringane som må reknast som opprettingar av inkuriar og utdaterte tilvisingar nærare i den generelle delen av proposisjonen. Desse endringane er kommenterte i dei spesifikke merknadene i kapittel 8.
6.2 Tilføying i eigarseksjonslova § 26 andre ledd
Det følgjer av eigarseksjonslova § 19 første ledd første punktum at sameige med ni eller fleire seksjonar skal registrere seg i Føretaksregisteret. Sameige med åtte eller færre seksjonar kan registrere seg i Føretaksregisteret, jf. § 19 første ledd tredje punktum. Dei nærare reglane om registreringa er å finne i lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak (føretaksregisterlova).
Vedtektsføresegner om «forpliktelser som følger av sameieforholdet» har – utan tinglysing – rettsvern mot kreditorane til seksjonseigarane og mot seinare rettsstiftingar i god tru når dei er registrerte i Føretaksregisteret, jf. eigarseksjonslova § 27 tredje ledd.
Eigarseksjonslova § 26 andre ledd pålegg sameiget å innføre byteordningar eller liknande som sikrar at parkeringsplassar som ifølgje vedtak etter plan- og bygningslova skal opparbeidast til bruk av personar med nedsett funksjonsevne, blir gjorde tilgjengelege for dei. Byteordninga må vedtektsfestast, og vedtektene må registrerast i Føretaksregisteret for å sikre rettsvern. Registrering i Føretaksregisteret krev lovheimel. Små sameige, som ikkje pliktar å registrere seg i Føretaksregisteret, må derfor registrere seg frivillig i Føretaksregisteret for å oppfylle den lovpålagde plikta. For å rette opp dette føreslo departementet å påleggje også sameige med åtte eller færre seksjonar med vedtekter som nemnt i § 26 andre ledd, registreringsplikt i Føretaksregisteret.
Brauten Eiendom går imot forslaget. Brauten Eiendom meiner at endringa fører til ei unødvendig utviding av pliktene til dei små sameiga, og elles at registreringsplikt ikkje er nødvendig for å oppnå rettsvern. Rettsvern kan ein også få ved å tinglyse vedtektsføresegna på grunnbokbladet til dei seksjonane som har parkeringsplass. Departementet kan likevel ikkje sjå at Brauten Eiendom har vist at det å tinglyse på grunnbokbladet er ei mindre tyngjande forplikting for sameiga. Departementet held derfor fast på høyringsforslaget.
6.3 Tilføying av overgangsregel i eigarseksjonslova § 67 tredje ledd
Det følgjer av eigarseksjonslova § 19 første ledd første punktum at sameige med ni eller fleire seksjonar skal registrere seg i Føretaksregisteret. Sameige med åtte eller færre seksjonar kan registrere seg i Føretaksregisteret, jf. andre punktum.
Registrering i Føretaksregisteret krev lovheimel, og ein kan spørje om eigarseksjonslova manglar heimel for å registrere eldre sameige. 1997-lova hadde ein slik heimel i § 47 tredje ledd siste punktum:
«Seksjonssameier som loven her gjelder for, kan registreres i Foretaksregisteret.»
Overgangsregelen i § 67 tredje ledd gjer unntak for reglane i kapittel III (inkludert § 19) «for seksjonering som skjer i samsvar med søknad som er satt frem før loven her trer i kraft».
Tredje ledd kan tolkast slik at det berre går ut på at reglane i kapittel III ikkje skal gjelde for søknader som blei sende inn før lova blei sett i kraft. Les ein det slik, gjev regelen skjeringstidspunktet for kva søknader som skal behandlast etter ny og gammal lov. Tredje ledd første og andre punktum talar for denne forståinga når dei blir lesne i samanheng. Tredje ledd kan også forståast slik at det også seier at ingen av reglane i kapittel III gjeld for sameige som allereie er etablerte. Konsekvensen blir i så fall at etablerte sameige ikkje kan nytte seg av heimelen for frivillig registrering i § 19. For å fjerne tvil og moglege diskusjonar om eldre sameige har heimel for frivillig registrering i Føretaksregisteret, føreslo departementet å presisere dette i eit nytt tredje punktum i § 67 tredje ledd.
Ingen høyringsinstansar har kommentert forslaget. Departementet føreslår derfor at regelen blir presisert i tråd med forslaget som var på høyring.