Forslag
til vedtak om Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst
Stortinget gir si tilslutning til utbygging og delvis bompengefinansiering av Bypakke Bodø fase 2 i Nordland.
Stortinget samtykker til at Bompengeselskap Nord AS får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Bypakke Bodø fase 2 i Nordland fylkeskommune. Vilkåra for finansieringa går fram av denne proposisjonen.
Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med Bompengeselskap Nord AS om delfinansiering av Bypakke Bodø fase 2. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra denne proposisjonen fastset.