5 Finansieringsopplegg
Forslaget til finansieringsplan for Bypakke Bodø fase 2 inneber at den økonomiske ramma blir auka med om lag 1 096 mill. 2022-kr, til om lag 4 528 mill. 2022-kr. Tabell 5.1 viser forslag til revidert finansieringsplan, samanlikna med finansieringsplanen i Prop. 131 S (2013–2014), omrekna til 2022-prisnivå.
Bypakke Bodø fase 2 skal finansiere tidlegare forpliktingar for prosjekt i opphavleg Bypakke Bodø, samt nye prosjekt og tiltak i fase 2. Forpliktingar knytt til fase 1 var 31. desember 2021 på om lag 390 mill. 2022-kr. Tabell 5.1 viser forslag til revidert finansieringsplan for Bypakke Bodø, samanlikna med finansieringsplanen i Prop. 131 S (2013–2014), rekna om itl 2022-prisnivå.
Tabell 5.1 Forslag til revidert finansieringsplan for Bypakke Bodø
Mill. 2022-kr | |||
---|---|---|---|
Opphavleg finansieringsplan | Fase 2 | Revidert finansieringsplan | |
Statlege midlar | 660 | 660 | |
Bompengar | 2 464 | 977 | 3 441 |
Fylkeskommunale midlar | 42 | 34 | 76 |
Kommunale midlar | 138 | 138 | |
Refusjon av meirverdiavgift | 128 | 84 | 213 |
SUM | 3 432 | 1 096 | 4 528 |
Finansieringa av Bypakke Bodø fase 2 er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer til Bodø kommune og Nordland fylkeskommune for prosjekt og tiltak i bypakka.
Kommunale og fylkeskommunale midlar
For fase 2 har Nordland fylkeskommune i sin økonomiplan vedtatt å bidra med 34 mill. 2022-kr til prosjektet fv. 834 Nordstrandveien.
Det er lagt til grunn at fylkeskommunen og kommunen bidrar med ein eigendel på minst 20 pst. av investeringskostnaden (ekskl. meirverdiavgift) ved investeringar på kommunal eller fylkeskommunal veg. Den lokale eigendelen er vurdert samla for fase 1 og 2 av Bypakke Bodø. I tillegg er det føresett at all meirverdiavgift som staten refunderer for desse prosjekta skal førast tilbake til pakka.
Investeringar på lokalt vegnett for fase 1 og 2 er førebels anslått til om lag 1 240 mill. 2022-kr, inkludert meirverdiavgift. Refusjon av meirverdiavgift er førebels rekna til om lag 213 mill. 2022-kr. Lokale bidrag frå Bodø kommune og Nordland fylkeskommune utgjer om lag 214 mill. 2022-kr, noko som svarer til ein eigendel på om lag 21 pst. Desse to postane vil til saman utgjere om lag 419 mill. 2022-kr i finansieringsplanen for begge fasane.
Endeleg nivå på den lokale eigendelen er avhengig av kor stor del av investeringsmidlane som faktisk blir brukt til prosjekt og tiltak på det kommunale og fylkeskommunale vegnettet.
Bompengar og bompengeopplegg
Det er lagt til grunn at bompengebidraget til Bypakke Bodø blir auka med 977 mill. 2022-kr. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka legg ein opp til å auke bompengetakstane i dei eksisterande bomstasjonane. Vidare blir det lagt opp til å forlenge innkrevjingsperioden med fem år, frå 15 til 20 år.
I 2019 var årsdøgntrafikken (ÅDT) gjennom bomstasjonane på om lag 56 900 køyretøy. Dette er om lag 15 pst. høgare enn berekna i Prop. 131 S (2013–2014). I 2020 vart ÅDT redusert til om lag 55 200 køyretøy. Trafikken i 2020, spesielt i perioden mars–juni, har vore prega av koronasituasjonen, og ein samanlikning av trafikken mot 2019 er vurdert til å være meir riktig. Innkrevjinga av bompengar i to geografisk nærliggande prosjekt, rv. 80 Vikan og rv. 80 Strømsnes vart avvikla i 2020, noko som vil gi ein auke i trafikk i Bodø. Det er derfor estimert ein ÅDT på 57 500 køyretøy. Det er vidare berekna at auka bompengetakstar vil redusere ÅDT frå om lag 57 500 køyretøy til om lag 56 100 køyretøy, dvs. en reduksjon på 2,4 pst. Det er òg lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 0,4 pst., noko som er litt lågare enn prognosane for Nordland som vart nytta i arbeidet med Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033.
Innkrevjingskostnadene har vist seg å bli betydeleg lågare enn lagt til grunn i berekningane for Bypakke Bodø. Det blir lagt til grunn årlege innkrevjingskostnader på 13 mill. 2022-kr, dvs. ein reduksjon på nærare 40 pst. samanlikna med innkrevjingskostnadene lagt til grunn i Prop. 131 S (2013–2014).
Bompengeselskapet sin netto lånegjeld knytt til Bypakke Bodø var per 31. desember 2021 på om lag 1 175 mill. kr. 40 pst. av låneporteføljen er rentesikra fram til 2026. Lånerenta er på 2,2 pst., noko som det er tatt omsyn til i finansieringsberekningane.
I tråd med lokalpolitiske vedtak er det lagt til grunn at gjennomsnittstaksten blir auka frå 7,8 2022-kr i dag, til om lag 10,9 2022-kr. Basert på dette er det førebels berekna følgande grunntakstar utan rabatt i 2022-prisnivå. Dagens takstar i parentes:
Takstgruppe 1: 20 kr (16 kr)
Takstgruppe 2: 45 kr (36 kr)
Bypakke Bodø er omfatta av tilskotsordninga for reduserte bompengetakstar utanfor byområda. Tilskotet er på om lag 20 mill. 2017-kr og gis årleg i innkrevjingsperioden med atterhald om Stortingets årlege løyving til ordninga. Dersom tilskotet opphøyrar er det førebels berekna at gjennomsnittstaksten må auke med om lag 1 kr for å holde bompengebidraget som føresett. Det betyr at grunntakstane må auke med om lag 1 kr for køyretøy i takstgruppe 1 og 2 kr for køyretøy i takstgruppe 2.
Det er lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje gjeldande takstretningslinjer for bompengeordningar. Alle rabattar og fritak etter retningslinjene tingar gyldig avtale og brikke. Dette inneber mellom anna 20 pst. rabatt for køyretøy i takstgruppe 1 (køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og alle køyretøy i kategori M1) som har gyldig avtale og brikke. Brikkerabatt blir ikkje gitt til køyretøy i takstgruppe 2 (køyretøy over 3 500 kg unntatt køyretøy i kategori M1 med gyldig avtale og brikke). Dagens rabattordning for nullutsleppskøyretøy, timesregel og passeringstak på 80 passeringar per kalendermånad blir vidareført.
Det er lagt til grunn at gjennomsnittstaksten blir justert i samsvar med prisutviklinga. I tråd med føresetnadene for bruk av gjennomsnittstakst i bompengeprosjekt i Prop. 1 S (2016–2017) er det vidare lagt til grunn at bompengetakstane kan justerast slik at gjennomsnittstaksten i prosjektet blir som føresett i denne proposisjonen. Eventuelle takstendringar krev tilslutning frå lånegarantistane.
Andre føresetnader for finansieringsplanen
Følgande føresetnader er elles lagt til grunn for vurdering av bompengepotensialet:
Årleg prisstigning: 2 pst
Lånerente: 4,2 pst. 2022, 4,4 pst. 2023–2024, 4,7 pst. 2025–2026, 5,5 pst. 2027–2030 og 6,5 pst. frå 2031
Innskotsrente: 2 pst. lågare enn lånerenta
Auken i gjennomsnittstaksten frå 7,8 2022-kr til 10,9 2022-kr blir gjennomført så snart som mogleg i 2022
Årleg tilskot til reduserte takstar i innkrevjingsperioden: 20 mill. 2017-kr.
Basert på desse føresetnadene er brutto bompengeinntekter og tilskot frå tilskotsordninga for reduserte bompengetakstar utanom dei største byområdane berekna til om lag 4 230 mill. 2022-kr for begge fasane av Bypakke Bodø. Av dette er om lag 3 440 mill. kr føresett brukt til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 530 mill. kr til å dekkje finansieringskostnadene og om lag 260 mill. kr til å dekkje innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.