Prop. 61 S (2021–2022)

Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst

Til innhaldsliste

3 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Målet for Bypakke Bodø er å byggje ein ny, trafikksikker innfartsveg til Bodø, og samstundes leggje til rette for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport. Bypakka er satt saman av eitt stort vegutbyggingsprosjekt (rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset), og ein portefølje av mindre prosjekt på riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Prosjektporteføljen blir utvida med tiltak for gåande, syklande og kollektivreisande gjennom fase 2 av pakka.

Prosjekta og tiltaka i Bypakke Bodø fase 1 som står att, og som er føreslått gjennomført gjennom ein auke av den økonomiske ramma for pakka, vil styrke måloppnåinga for pakka ytterlegare. Figur 3.1 viser prosjekt og tiltak i Bypakke Bodø som står att. Forslaget frå 2019 er gjennomgått for å tilpasse det til nye føringar for bompengefinansierte bypakker. Det er i tillegg gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) etter statens prosjektmodell. Som følgje av gjennomgangen er den økonomiske ramma for fase 2 redusert med 169 mill. 2022-kr, jf. kap. 4.

For å tilpasse porteføljen til den økonomiske ramma har styringsgruppa for Bypakke Bodø gjort vedtak om at prosjektet rv. 80 Bertnes–Hunstad øst blir redusert frå 4-felts veg til 2-felts veg. Dette er grunngitt med at prosjektet er mindre aktuelt etter bygginga av Bodøtunnelen (rv. 80 Hunstadmoen–Bodøelv). Styringsgruppa har òg utarbeidd ei liste med tiltak som kan gjennomførast om nokre av dei prioriterte prosjekta blir rimelegare enn føresett, eller dersom innkrevjings- og finansieringskostnadene i pakka blir lågare enn berekna, jf. tabell 3.2.

Det er lagt til grunn eit bompengebidrag på til saman 138 mill. 2022-kr til gjennomføring av dei to kommunale prosjekta Sjøgata (Bodø stasjon – Hålogalandsgata) og Hålogalandsgata. Bodø kommune styrer desse prosjekta, og dekkjer kostnaden ut over bompengebidraget.

Med unntak av prosjektet rv. 80 Hunstadmoen – Thallekrysset, skal gjennomføringa av tiltaka i Bypakke Bodø styrast etter prinsippa for porteføljestyring. Tabell 3.1 viser porteføljen i prioritert rekkefølgje. Prosjekta er prioriterte innanfor kvar gruppe, dvs. dei fem prosjekta under større fylkeskommunale og statlege prosjekt er i prioritert rekkefølgje, og tilsvarande er prosjekta under større kommunale prosjekt i prioritert rekkefølgje.

Tabell 3.1 Bypakke Bodø fase 2 – aktuelle prosjekt og tiltak med forventa kostnader

Mill. 2022-kr

Tiltak

Opphavleg ramme

Utvida ramme

Utvida ramme etter KS2

Fullførte prosjekt

2 918

Rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset

150

Portefølje statleg veg

24

Portefølje fylkesveg

82

Portefølje kommunal veg

258

Større fylkeskommunale og statlege prosjekt:

963

794

Fv. 834 Nordstrandveien

189

189

Rv. 80 Trefelten (Hunstadmoen–Bodøelv)

297

297

Rv. 80 Thallekrysset–Snippen (nytt prosjekt)

87

87

Rv. 80 Snippen–Bodø stasjon

82

82

Rv. 80 Bertnes–Hunstad øst (nytt prosjekt)

307

138

Bompengebidrag til større kommunale prosjekt

138

138

Kv. Sjøgata (Bodø stasjon–Hålogalandsgata)

36

36

Kv. Hålogalandsgata

102

102

Tiltak kollektivtrafikk

123

123

Tiltak gåande, syklande, trafikktryggleik og miljø

41

41

Sum

3 431

1 265

1 096

Tabell 3.2 Plussliste for Bypakke Bodø fase 2 med forventa kostnader

Mill. 2022-kr

Tiltak

Utvida ramme

Kollektiv-, TS- og G/S-tiltak Hunstad–Bertnes

108

Diverse kollektivtiltak

31

Diverse tiltak TS, G/S og miljø

31

Sum

169

Figur 3.1 Prosjektoversikt – opphavleg Bypakke Bodø og prosjekt i fase 2

Figur 3.1 Prosjektoversikt – opphavleg Bypakke Bodø og prosjekt i fase 2

Fylkeskommunale og statlege prosjekt

Fv. 834 Nordstrandveien

Nordstrandveien er ein viktig vegstrekning som knyter saman Nordsia/Kjerringøy med Bodø sentrum og det nasjonale vegnettet. Prosjektet omfattar 1300 meter utbetring og etablering av gjennomgåande sykkelveg og fortau mellom Mælen og Rønvikkrysset. Det blir rydda opp i avkøyrsler til næringsareala, og etablert gode løysingar for kollektivtrafikk. Prosjektet omfattar òg ei ny bru over jernbanen, som vil erstatte den gamle brua som er i teknisk dårleg stand. Gjennom desse tiltaka ønskjer ein å auke delen av sykkel- og kollektivreiser, ivareta Nordstrandveien som trafikksikker skoleveg, løyse dagens arealbrukskonfliktar mellom gåande og syklande, samt gi Nordstrandveien eit gatepreg. Reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt i 2018.

Rv. 80 Hunstadmoen–Bodøelv, tilpassing til ny funksjon (3-feltsvegen)

Prosjektet omfattar ombygging av 2,6 km 3-feltsveg mellom Hunstad og Bodøelv til 2-feltsveg med parallell sykkelekspressveg og fortau. I prosjektet inngår òg ei gang- og sykkelbru over ein trafikkert kommunal veg. Prosjektet skal leggje betre til rette for gåande og syklande og for høgare og jamnare fart for syklistar. Tiltaket skal bidra til å gjere det meir attraktivt å velje sykkel framfor bil. Rv. 80 Hunstadmoen–Bodøelv er hovudvegsambandet mellom Bodø sentrum og store bustadområde aust for byen. Potensialet for å auke bruk av sykkel og redusert bruk av bil er betydeleg i dette området. Reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt i 2020.

Rv. 80 Thallekrysset–Snippen–Bodø stasjon (delt opp som to prosjekt i portefølja)

Prosjektet omfattar 600 meter ombygging av dagens gang- og sykkelveg, frå Thallekrysset til rundkøyringa ved Snippen, til sykkelveg med fortau. Vidare frå Snippen til rundkøyringa ved Bodø stasjon (i Sjøgata) vil ein leggje til rette for separasjon av syklistar og gåande, samt betre framkomst og tryggleik for syklistar. Strekninga er eit av fleire viktige samband mellom Bodø sentrum og store bustadområde aust og nord for sentrum. Avstanden til sentrum er kort for store delar av dei som bur der. Potensialet for å auke bruk av sykkel og redusere bilbruk er betydeleg. Prosjektet vil gi ein gjennomgåande god standard med sykkelveg og fortau mellom Hunstad og Bodø sentrum.

Rv. 80 Bertnes–Hunstad øst

Prosjektet består av fleire ulike tiltak på rv. 80 mellom Hunstad øst og Bertnes. Strekninga ligg i forlenginga av dagens 4-feltsveg austover frå Bodø. Prosjektet skal bidra til betre framkomst for kollektivtrafikken og trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, utan å utvide til 4-feltsveg. Aktuelle tiltak er ombygging av rundkøyring på Bertnes, oppgradering av busslommer langs rv. 80, samling av avkøyrsler i kryss, nytt gang- og sykkelsamband over jernbanen nær Mørkvedhallen, samt andre tiltak innanfor strekninga som bidrar til å gi betre måloppnåing for bypakka. Bypakke Bodø si styringsgruppe gjer endeleg prioritering av tiltak innanfor den økonomiske ramma og målsettingane. Prosjektet vart endra frå 4-felts veg til 2-felts veg etter KS2-behandlinga av pakka. Forprosjekt som grunnlag for ny regulering er under utarbeiding.

Kommunale prosjekt

Sjøgata

Sjøgata er hovudvegen for biltrafikk i sentrum med betydeleg trafikk. Sjøgata blir òg brukt av mjuke trafikantar. Køyrearealet er svært bredt, utflytande og nedsliten. Tiltak vil være visuell og teknisk oppgradering, færre gateparkeringsplassar og separasjon av ulike trafikantgrupper med etablering av sykkelfelt. Målet med prosjektet er auka trafikktryggleik for alle trafikantar, betre trafikkavvikling og redusert fart, tilpassa eit travelt bysentrum. Reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt i 2018.

Hålogalandgata

For å leggje betre til rette for sykkel- og kollektivtrafikk i meir sentrale delar av byen, ønskjer Bodø kommune å gjennomføre fleire tiltak i Hålogalandsgata. I opphavleg bypakke var det sett av eit mindre beløp til tiltak som ikkje er tilstrekkeleg i høve til ambisjonen om betre utnytting av gata. Målet er å få fleire til å gå og sykle, og at fleire syklistar veljer denne gata framfor andre som er dårlegare tilrettelagde og har større ulykkesrisiko. Førebels finst skisseprosjekt.

Andre tiltak for kollektivtrafikk

Etter omlegginga av buss-systemet i Bodø har bruk av bussen auka. Attraktiviteten for kollektivtrafikken blir styrka ytterlegare ved å etablere haldeplassar for leddbuss (18 meter lang), forbetre framkomst i sentrum, haldeplassar for regionbusser i Dronningens gate (kollektivkvartalet), betre snarvegar til haldeplassane, og betre fasilitetar for busspassasjerane (leskur). Finansiering og tilretteleggjing for ladeinfrastruktur inngår òg i porteføljen.

Andre tiltak for gåande, syklande, trafikktryggleik og miljø

Tryggleik og framkomst for mjuke trafikantar utanom dei prioriterte strekningane i bypakka, blir forbetra. Dei mest aktuelle tiltaka er forbetring av sikt, kryssingspunkt og belysning, samt utbetring/omlegging ved spesielt dårleg geometri.