4 Ekstern kvalitetssikring
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsgrunnlaget for Bypakke Bodø fase 2. Det er semje mellom Statens vegvesen og den eksterne konsulenten om trafikknivået som er lagt til grunn for finansieringsberekningane. Ekstern kvalitetssikrer meiner at Statens vegvesen sine basisestimat for årsdøgntrafikk (ÅDT), trafikkvekst og trafikkavvising representerer nøkterne estimat.
Den eksterne konsulenten har òg vurdert finansieringsberekningane, og meiner rentenivået som er lagt til grunn for fase 2 er for lågt. For det eksisterande lånet på 1 173 mill. 2022-kr knytt til fase 1 av Bypakke Bodø, ligg det føre ei rentesikring på 40 pst. av lånet, med ei rente på 2,2 pst. Statens vegvesen hadde på grunn av dette lagt inn ei litt lågare rentebane enn det ekstern kvalitetssikrar meiner bør leggjast til grunn. Dette gjer at økonomisk ramme for Bypakke Bodø blir noko lågare enn det som er lagt til grunn i lokalpolitisk handsaming. Økonomisk ramme for Bypakke Bodø fase 2 etter ekstern kvalitetssikring settast ned frå 1 265 mill. 2022-kr til 1 096 mill. 2022-kr. Dette er ein reduksjon på 169 mill. 2022-kr samanlikna med den økonomiske ramma som vart vedtatt av lokale styresmakter.
Etter ekstern kvalitetssikring vart det lagt fram ei sak for styringsgruppa for å redusere storleiken på prosjektporteføljen i Bypakke Bodø, jf. kap. 3. Følgjande vedtak vart fatta i styringsgruppemøtet 16. april 2021: «En enstemmig styringsgruppe har blitt enige om å erstatte 4-feltsutbygging på Mørkved med 2-feltsutbedring og legger alternativ 1 til grunn.» I saksframlegget går det fram at alternativ 1 er ein reduksjon av prosjektet rv. 80 Bertnes–Hunstad øst med 169 mill. kr. Det er òg laga ei liste med tiltak som kan gjennomførast dersom nokon av dei prioriterte prosjekta blir rimelegare enn føresett, eller innkrevjings- og finansieringskostnadane blir lågare enn berekna, jf. tabell 3.2.
Den eksterne konsulenten peikar på at det ikkje er definert spesifikke mål for Bypakke Bodø fase 2, utover at måla frå fase 1 skal vidareførast og effekten forsterkast. Eit mål frå fase 1 er mellom anna at talet på drepne og alvorleg skadde i trafikken skal reduserast med minst 50 pst. Vidare er eit mål at talet på personar som går, syklar eller brukar kollektivtransport skal utgjere minst 21 pst. av trafikantane, og talet på personar som er sterkt plaga av vegtrafikkstøy skal reduserast med 25 pst. For å kunne vurdere om fase 2 vil ha ein ytterlegare effekt på bypakka si måloppnåing, tilrår ekstern konsulent å etablere ein tydeleg målstruktur for Bypakke Bodø fase 2. Statens vegvesen meiner at tiltaka som blir vedtatt for fase 2 av bypakka vil ha ein forsterka effekt på bypakka si måloppnåing, men at ein òg bør etablere nye og meir ambisiøse mål for framkomst, miljø og trafikktryggleik. Når det gjeld målet for transportmiddelfordelinga i Bodø, bør det styrast mot nullvekstmålet, noko som er ambisiøst, og vil krevje betydeleg auke i bruk av både sykkel og kollektivtransport. Dette er i tråd med føringane som er gitt i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033, der det går fram at Bodø er eitt av byområda som kan få av eit tilskot tidleg i første seksårsperiode av planen for å styrke satsinga på kollektivtransport, sykling og gåing i mindre byområde. Det er ein føresetnad at dei lokale partane forpliktar seg til å følgje opp nullvekstmålet for persontransport med bil, og gjennomfører tiltak innanfor eigne ansvarsområde som bidrar til å nå målet.