Forslag
til lov om kommunale vass- og avløpsanlegg (vass- og avløpsanleggslova)
§ 1 Formål
Formålet med denne lova er å sikre langsiktige og trygge vass- og avløpstenester gjennom kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg, å sikre at kommunen kan levere vass- og avløpstenester til eigedomar som har tilknyting til kommunale vass- og avløpsanlegg, og å sikre finansiering av kommunen sine utgifter forbundne med levering av vass- og avløpstenester.
§ 2 Kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg
Nye vass- og avløpsanlegg skal vere eigd av ein eller fleire kommunar. Eksisterande vass- og avløpsanlegg kan berre seljast eller på annan måte overdragast til kommunar. Ei vesentleg utviding eller ei samanslåing av eksisterande private anlegg kan berre skje med løyve frå kommunen etter § 3.
Første ledd gjeld ikkje for mindre vass- og avløpsanlegg, overvassanlegg-, vass- og avløpsanlegg eigde av andre offentlege organ enn kommunar eller anlegg som gjeld næringsverksemd og liknande som ikkje er knytt til kommunale anlegg.
Departementet kan gi forskrifter om eigarskap til vass- og avløpsanlegg.
§ 3 Kommunalt løyve til private vass- og avløpsanlegg
Kommunen kan etter søknad gi løyve til samanslåing eller vesentleg utviding av eit eksisterande privat vass- og avløpsanlegg eller til etablering av eit nytt anlegg dersom
-
a. det private anlegget ligg så langt frå kommunalt vass- og avløpsanlegg at kommunen ikkje kan krevje at busetnaden som det private anlegget tener eller skal tene, skal knytast til det kommunale anlegget med heimel i plan- og bygningslova § 27-1 og § 27-2
-
b. kostnadene ved å knyte seg til det kommunale anlegget vil vere urimeleg store
-
c. eller andre særlege omsyn talar for samanslåing, utviding eller nyetablering.
Nye anlegg etter første ledd skal organiserast som partslag eigd av brukarane. Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå kravet. Når særlege omsyn tilseier det, kan kommunen fatte enkeltvedtak om at også samanslåtte eller utvida anlegg skal organiserast som eit partslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for eit løyve etter første ledd.
§ 4 Kommunale vass- og avløpsgebyr
Kommunen kan gi forskrift om at det skal betalast vass- og avløpsgebyr, storleiken på gebyra i kommunen og om innkrevjing av gebyra. Kommunale vass- og avløpsgebyr skal vera eingongsgebyr for tilknyting og årlege gebyr.
Når ein fast eigedom har tilknyting til ein kommunal vass- eller avløpsleidning, anten direkte eller gjennom ein privat samleidning, skal eigaren betale vass- og avløpsgebyr til kommunen i samsvar med forskrift gitt i medhald av første ledd. Det same gjeld når kommunen med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1 eller 27-2 har kravd at eigedomen skal ha slik tilknyting.
Det kan krevjast gebyr etter andre ledd for ein eigedom som det ikkje er hus på, når kommunen kunne kravd tilknyting til ein kommunal vass- eller avløpsleidning om det hadde vore hus på eigedomen. Er det ikkje bygd på eigedomen på grunn av eit offentleg fastsett forbod mot bygging eller ein annan særleg grunn som eigaren ikkje har ansvaret for, kan det ikkje krevjast gebyr så lenge forbodet eller hindringa varar.
Det kan, uavhengig av vilkåra i andre og tredje ledd, krevjast gebyr for eigedomar som slepp ut avløpsvatn i vassdrag, når kommunen legg vassdraget i ein lukka leidning.
Kommunen kan ta bort alt eller noko av gebyret for eigedomar som det ikkje er hus på.
§ 5 Rammene for kommunale vass- og avløpsgebyr
Departementet skal gi forskrift om rammene for gebyra og hovudreglane om utrekning og innkrevjing av dei.
§ 6 Lovpant og tvangsgrunnlag for utlegg
Forfalt krav på årsgebyr etter denne lova er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Både årsgebyr og eingongsgebyr for tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsleidning er tvangsgrunnlag for utlegg. Gebyra kan krevjast inn av kommunekasseraren etter reglane for innkrevjing av skatt.
§ 7 Krav til levering og bruk av kommunale vasstenester
Kommunen har plikt til å levere drikkevatn til eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt vassanlegg.
Eigarane av eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt vassanlegg, skal vedlikehalde private vassleidningar og -installasjonar og bruke kommunen sine vasstenester på ein måte som ikkje vanskeleggjer kommunen si plikt til å levere drikkevatn etter første ledd. Plikta kan mellom anna gå ut på at abonnenten skal utbetre lekkasjar på sine private leidningar og installasjonar.
Kommunen kan gi forskrift eller fatte enkeltvedtak om krav til bruk av vatn frå kommunalt vassanlegg til anna enn drikkevatn.
§ 8 Krav til levering og bruk av kommunale avløpstenester
Kommunen har plikt til å ta imot sanitært avløpsvatn frå eigedomar som har tilknyting til kommunalt avløpsanlegg.
Eigarane av eigedomar som har tilknyting til kommunalt avløpsanlegg skal vedlikehalde private avløpsleidningar og -installasjonar og bruke kommunen sine avløpstenester på ein måte som ikkje vanskeleggjer kommunen si plikt til å ta imot sanitært avløpsvatn etter første ledd. Plikta kan mellom anna gå ut på at abonnenten skal utbetre lekkasjar på sine private leidningar og installasjonar.
Kommunen kan ved påslepp av avløpsvatn til kommunalt avløpsanlegg gi forskrift eller fatte enkeltvedtak om krav til tiltak som er nødvendige for å sikre
-
a. at avløpsanlegget kan overhalde utsleppskrav
-
b. at avløpsanlegget ikkje blir skada
-
c. at det ikkje blir vanskeleg å drifte avløpsanlegget
-
d. at det ikkje blir vanskeleg å disponere avløpsslammet
-
e. vern av helsa til personale som arbeider ved anlegget.
Kommunen kan mellom anna fastsetje krav til innhaldet i og mengda avløpsvatn.
§ 9 Forbod mot å sleppe kverna matavfall på kommunalt avløpsanlegg
Det er forbode å sleppe kverna matavfall på et kommunalt avløpsanlegg. Kommunen kan gi forskrift om unntak frå dette forbodet.
§ 10 Kortvarig stans i levering av kommunale vass- og avløpstenester
Dersom nødvendig vedlikehald av kommunale vass- eller avløpsanlegg medfører ein kortvarig stans i leveringa av drikkevatn eller mottaket av avløpsvatn, gjeld ikkje pliktene etter § 7 første ledd og § 8 første ledd.
Kommunen skal i slike tilfelle avgrense ulempene for eigedomane som blir påverka av stansen, så langt det lar seg gjere.
Ved planlagt vedlikehald av eit vass- eller avløpsanlegg skal kommunen i god tid varsle eigarane av dei eigedomane som blir påverka. Ved akutte hendingar skal kommunen varsle så raskt som mogeleg.
§ 11 Pålegg om opplysningar
Kommunen kan pålegge eigaren av ein eigedom som har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg, å legge fram opplysningar som er nødvendige for at kommunen skal kunne føre tilsyn med om krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller 8 er overhaldne.
§ 12 Pålegg om undersøkingar
Dersom det er grunn til å tru at eigaren av ein eigedom som har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg bryt krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller 8, kan kommunen påleggje eigaren å sørge for eller betale for rimelege og nødvendige undersøkingar for å finne ut om det ligg føre noko slikt brot eller om det er behov for tiltak.
§ 13 Tilgang til eigedomar med tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg
Kommunen skal ha uhindra tilgang til eigedom som har tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg dersom det er nødvendig for å føre tilsyn med om krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller 8 blir overhaldne eller for å gjennomføre tiltak etter § 15.
Kommunen skal på same måte ha tilgang til eigedom for å gjennomføre tiltak på tekniske installasjonar o.l. som er nødvendige for at kommunen skal kunne oppfylle plikta si etter §§ 7 eller 8.
Kommunen skal om mogeleg varsle eigaren på førehand.
§ 14 Pålegg om retting
Kommunen kan pålegge eigaren av ein eigedom som har tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg, å rette forhold som er i strid med krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller 8 innan ein nærare fastsett frist.
§ 15 Direkte gjennomføring ved kommunen
Dersom eigaren av ein eigedom som har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg, ikkje oppfyller eit pålegg om retting etter § 14 kan kommunen gjennomføre tiltak. Det same gjeld dersom det er nødvendig å rette eit forhold som nemnt i § 14 så raskt at kommunen ikkje kan følgje vanleg sakshandsaming med pålegg om retting.
Kommunen kan krevje utgiftene til tiltak etter første ledd dekt av eigaren av eigedomen.
§ 16 Tvangsmulkt
For å sikre at føresegnene i denne lova eller vedtak i medhald av lova vert følgde, kan kommunen fatte vedtak om tvangsmulkt til kommunen. I vedtaket skal det givast ein frist for retting av forholdet. Tvangsmulkta byrjar å gjelde først dersom forholdet ikkje er retta innan fristen.
Kommunen kan ikkje fatte vedtak om tvangsmulkt for forhold i strid med §§ 7 eller 8 utan at det på førehand er fatta enkeltvedtak etter § 7 tredje ledd eller § 8 andre ledd eller gitt pålegg i medhald av § 14 om retting av forholdet.
Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 17 Når krav skal rettast mot festaren av grunnen
Dersom ikkje anna er avtala, skal krav som etter §§ 4, 7, 8, 11, 12, 14, 15 og 16 rettast mot eigaren av eigedomen, i staden rettast mot festaren av grunnen når
-
a. festaren har arvefeste
-
b. det er att minst 30 år av festetida når kravet kjem opp
-
c. festeavtala gjev festaren rett til å krevja festetida lengt så mykje at det vert att ei festetid på minst 30 år når kravet kjem opp
§ 18 Forskrifter om nærare regler om kommunale vass- og avløpstenester
Departementet kan fastsetje utfyllande forskrifter om levering og bruk av kommunale vass- og avløpstenester.
§ 19 Ikraftsetjing
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Frå same tid vert lov 16. mars 2012 nr. 16 om kommunale vass- og avløpsanlegg oppheva.
Forskrifter gjevne i medhald av lov 16. mars 2012 nr. 16 om kommunale vass- og avløpsanlegg held frem å gjelde etter at lova her tek til å gjelde.
§ 20 Endringar i andre lover
Frå den tida lova tek til å gjelde, blir det gjort følgjande endringar i andre lover:
1. I lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant skal § 6-1 andre ledd bokstav c lyde:
-
c. årsgebyr for vann og avløp etter lov om kommunale vass- og avløpsanlegg
2. I lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall blir det gjort følgende endringer:
§ 21 skal lyde:
§ 21 (definisjoner)
Med avløpsanlegg forstås anlegg som er etablert for transport og behandling av avløpsvann.
Med avløpsvann forstås både sanitært og industrielt avløpsvann og overvann.
Med overvann forstås vann som renner av på overflaten som følge av regn og smeltevann.
Ny § 22 a skal lyde:
§ 22 a. (pålegg om frakobling av overvann og overvannstiltak)
Når det er nødvendig for å avlaste et kommunalt avløpsanlegg, kan kommunen pålegge eieren av en eiendom som er tilknyttet et kommunalt avløpsanlegg, å koble overvann helt eller delvis fra avløpsanlegget eller fordrøye overvannet før påslipp til avløpsanlegget. Det kan bare gis slikt pålegg dersom overvannet kan håndteres på annen forsvarlig måte.
Dersom det er nødvendig for å sikre forsvarlig håndtering av overvannet ved pålegg etter første ledd, kan kommunen pålegge eieren å sørge for tiltak som med rimelighet kan kreves for å håndtere overvannet på egen eiendom eller å lede overvannet til et annet avløpsanlegg eller en alternativ avrenningsvei.
Dersom ikke annet er avtalt, skal et pålegg etter første og andre ledd rettes mot festeren av eiendommen istedenfor eieren, når
-
a. festeren har arvefeste
-
b. det er igjen minst 30 år av festetiden når pålegget blir gitt
-
c. avtalen gir festeren rett til å kreve festetiden forlenget så mye at det er igjen en festetid på minst 30 år når pålegget blir gitt
§ 23 tredje ledd skal lyde:
Skjer tilknytning til kommunal avløpsledning, betales tilknytningsavgift etter lov om kommunale vass- og avløpsanlegg. Skjer tilknytning til privat avløpsanlegg, kan eieren av anlegget kreve at vedkommende foretar eller betaler de utvidelser og forandringer av avløpsanlegget som tilknytningen gjør nødvendig, eller at det blir stilt sikkerhet for dette. Eieren kan også kreve refusjon for anleggsutgiftene i samsvar med plan- og bygningsloven. Kostnadene ved underskjønnet skal bæres av den som blir tilknyttet anlegget.