2 Høyringa
2.1 Høyringsinstansar og høyringssvar
Eit høyringsnotat med framlegg til endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta blei 2. juli 2021 sendt til følgjande 789 høyringsinstansar:
Departementa
Barneombodet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Miljødirektoratet
Norsk senter for menneskerettar
Riksantikvaren
Statistisk sentralbyrå
Statsforvaltarane
Statsforvalterens fellestenester
Universitetet i Oslo
Riksrevisjonen
Sametinget
Sivilombodet
Kommunane
Bispedømeråda
Den norske kyrkja
Kyrkjelege fellesråd
Opplysningsvesenets fond
Den norske kirkes presteforening
Det norske Diakonforbund
Fafo – Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning
Fagforbundet
Fagforbundet teoLOgene – seksjon kirke, kultur og oppvekst
Human-Etisk Forbund
Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning KIFO
Institutt for samfunnsforskning
Islamsk råd Norge
KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter
Kirkeansatte i Delta
Kirkelig undervisningsforbund (Kateketforeningen)
KS – kommunesektorens organisasjon
MF vitenskapelig høyskole
Muslimsk Dialognettverk
Norges Kristne Råd
Norsk forening for gravplasskultur
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL)
Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter
VID vitenskapelige høgskole
Virke Gravferd
Høyringa blei òg lagt ut på nettsida til regjeringa. I høyringsbrevet blei det gjort merksam på at høyringa var open, og at alle kunne sende innspel.
Det kom inn 97 høyringssvar. Av desse var om lag 2/3 frå lokale gravplasstyresmakter (kyrkjelege fellesråd). Departementet mottok høyringssvar med realitetsmerknader frå følgjande instansar:
Arkivverket
Digitaliseringsdirektoratet
Riksantikvaren
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Aurskog-Høland kommune
Bergen kommune
Bærum kommune
Lørenskog kommune
Nordre Follo kommune
Oslo kommune – Byråd for kultur, idrett og frivillighet
Sandefjord kommune
Sandnes kommune
Vestfold Krematorium IKS
Agder og Telemark bispedømeråd
Asker kyrkjelege fellesråd
Askvoll sokneråd
Aurskog-Høland kyrkjelege fellesråd
Bamble kyrkjelege fellesråd
Bergen kyrkjelege fellesråd
Birkenes kyrkjelege fellesråd
Bjørgvin bispedømeråd
Bokn sokneråd
Båtsfjord kyrkjelege fellesråd
Den norske kyrkja – Kyrkjerådet
Dovre kyrkjelege råd
Eidsvoll og Hurdal kyrkjelege fellesråd
Enebakk sokn
Fjaler sokneråd
Frøya sokn
Gjøvik kyrkjelege fellesråd
Gol og Herad kyrkjelege fellesråd
Grimstad kyrkjelege fellesråd
Hamar kyrkjelege fellesråd
Høylandet sokn
Hå kyrkjelege fellesråd
Jevnaker kyrkjelege fellesråd
Kvam kyrkjelege fellesråd
Kvinesdal kyrkjelege fellesråd
Larvik kyrkjelege fellesråd
Leirfjord og Alstahaug kyrkjelege fellesråd
Lund kyrkjelege fellesråd
Marker kyrkjelege fellesråd
Meløy kyrkjelege fellesråd
Meråker menighetsråd
Mo kyrkjelege fellesråd
Møre bispedøme
Nannestad kyrkjelege fellesråd
Nidaros bispedømeråd
Notodden kyrkjelege fellesråd
Ringerike kyrkjelege fellesråd
Rælingen kyrkjelege fellesråd
Sirdal sokn
Skien kyrkjelege fellesråd
Skiptvet sokn
Skjåk kyrkjelege fellesråd
Sola kyrkjelege fellesråd
Solund sokn
Stavanger bispedømeråd
Stavanger kyrkjelege fellesråd
Steinkjer kyrkjelege fellesråd
Støren kyrkjelege fellesråd
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Sykkylven kyrkjelege fellesråd
Sør-Hålogaland bispedømeråd
Trondheim kyrkjelege fellesråd
Trysil kyrkjelege fellesråd
Tunsberg bispedømeråd
Tvedestrand kyrkjelege fellesråd
Utsira kyrkjelege fellesråd
Vestby kyrkjelege fellesråd
Vestvågøy kyrkjelege fellesråd
Østre Toten kyrkjelege fellesråd
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Ålesund kyrkjelege fellesråd
Fagforbundet
Human-Etisk Forbund
KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter
Kirkeansatte i Delta
KS – kommunesektorens organisasjon
Norsk forening for gravplasskultur
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL)
Følgjande høyringsinstansar støtta framlegget utan andre merknader:
Øvre Eiker kommune
Hamar bispedømeråd
Øvre Eiker kyrkjelege fellesråd
Følgjande høyringsinstansar hadde ikkje merknader:
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Samferdselsdepartementet
Statistisk sentralbyrå
Andøy kyrkjelege fellesråd
Bardu kyrkjelege fellesråd
Hemnes kyrkjelege fellesråd
Holmestrand kyrkjelege fellesråd
Lødingen kyrkjelege fellesråd
Mo kyrkjelege fellesråd
Moskenes kyrkjelege fellesråd
Sør-Varanger kyrkjelege fellesråd
Vardø kyrkjelege fellesråd
Høyringsnotatet svarte ikkje ut alle framlegga i NOU 2014: 2 Lik og likskap eller alle innspela som kom i høyringa av denne utgreiinga. Departementet vil arbeide vidare med sikte på at gravplasslovgivinga legg til rette for fleire alternativ i møte med eit meir mangfaldig samfunn og ein venta auke i talet på dødsfall dei neste tiåra. Eit tema departementet tek sikte på å vurdere i den samanhengen, er reglane om oskespreiing.
2.2 Høyringsframlegg som ikkje blir vidareførte
Høyring omfatta eit framlegg om at kommunen, når han etter gravplasslova § 23 andre ledd har teke over som gravplasstyresmakt, skal hente inn synspunkt frå dei aktuelle organa i Den norske kyrkja ved utviding, endring og liknande av gravplass kring ei kyrkje. Departementet ser etter høyringa at denne regelen ikkje er naudsynt, sidan kommunen skal følgje reglane i forvaltningslova om opplysing av saka før avgjerd. Departementet viser vidare til rundskriv Q-06/2020 (Forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø), som gjer greie for samspelet mellom kyrkjelege organ, gravplasstyresmaktene, kulturmiljøstyresmaktene og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark ved tiltak på kyrkjer og gravplassar. Trussamfunnslova § 15 første ledd og gravplasslova § 1 fjerde ledd slår fast at soknet i Den norske kyrkja eig kyrkje og gravplass «med mindre annet følger av særskilt rettsgrunnlag». Sjølve eigarskapen som følgjer av gravplasslova § 1, gir etter departementets vurdering ikkje organ for Den norske kyrkja nokon særskilt påverknad på utforminga og drifta av gravplassane når kommunen har teke over oppgåva som gravplasstyresmakt.
Vidare omfatta høyringa eit framlegg om å endre regelen om at dødsbuet skal informere gravplasstyresmakta om kven som skal kunne tre inn i festekontraktane til avlidne. Høyringa gav støtte til eit framlegg om ein presumsjon for at den som tek ansvaret for gravferda, blir ny festar, men det blei òg stilt fleire spørsmål ved denne løysinga. Departementet vil ikkje gå vidare med framlegget no. Digitaliseringa av prosessen rundt livshendinga dødsfall og arv vil etter departementets vurdering kunne gi moglegheiter som ein må sjå nærare på før lova eventuelt blir endra.