7 Dei økonomiske og administrative konsekvensane
Framlegget om at arkivlova skal gjelde for gravplasstyresmakter og krematorium vidarefører det som gjaldt under kyrkjelova, og no følgjer av kyrkjeordninga. Framlegget har såleis ingen økonomiske eller administrative konsekvensar for dei kyrkjelege fellesråda. Det same gjeld framlegget i om teieplikt for dei som utfører arbeid eller teneste etter lova. Det har heller ingen økonomiske og administrative konsekvensar å ta ut føresegna om unntak frå kravet til medlemskap i Den norske kyrkja.
Sakshandsaming i departementet som følgje av framlegget i om å opne for forsøk med avvik frå lova, vil bli handtert innanfor gjeldande budsjettrammer. Ei gravplasstyresmakt som søkjer om forsøk, vil få kostnader knytte til søknaden og forsøket. Dette må dei sjølve bere. For gravplassektoren vil det vere mogleg å spare ressursar til investering og drift dersom ein finn fram til effektiv og miljøvenleg teknologi som kan takast i bruk.