5 Oppheving av føresegna om unntak frå kravet om medlemskap i Den norske kyrkja
5.1 Gjeldande rett
Kyrkjelova § 29 kravde at kyrkjeleg tilsette skulle vere medlem av Den norske kyrkja. Fordi oppgåvene etter gravplasslova blir løyste på vegner av det offentlege, er det i gravplasslova § 22 eit unntak frå kravet om medlemskap i Den norske kyrkja for tilsette «med arbeidsoppgaver alene knyttet til gravplass, gravkapell og krematorium». Kravet om medlemskap i Den norske kyrkja er ikkje ført vidare i trussamfunnslova, og der er derfor ikkje behov for føresegna i gravplasslova § 22 meir. Gravplasslova § 22 var ikkje tema i NOU 2014: 2 Lik og likskap, høyringa i 2017 av ny lov for Den norske kyrkja osb. eller i Prop. 130 L (2018–2019).
Kyrkjemøtet har vedteke ei kyrkjeordning for Den norske kyrkja som i § 40 ikkje stiller noko generelt krav om at kyrkjeleg tilsette må vere medlem i kyrkja: «Ved tilsetting i kirkelige stillinger som er av betydning for å virkeliggjøre Den norske kirkes formål, skal tilsettingsmyndigheten oppstille krav om medlemskap i Den norske kirke i tråd med adgangen til dette i likestillings- og diskrimineringsloven § 9, jf. § 30.»
5.2 Framlegget i i høyringsnotatet
Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å oppheve føresegna i gravplasslova § 22.
5.3 Høyringa
38 høyringsinstansar slutta seg til framlegget, og ingen gjekk imot det. Arbeidstakarorganisasjonane Fagforbundet og Kirkeansatte i Delta sluttar seg til framlegget om å oppheve føresegna i gravplasslova § 22. Det same gjer arbeidsgivarorganisasjonen KA.
Bergen kyrkjelege fellesråd stør òg lovendringa og legg til at følgjande stillingar ikkje verkar inn på verkeleggjeringa av det religiøse føremålet til Den norske kyrkja: «ansatte i administrasjonen som arbeider med gravplassoppgaver som for eksempel; saksbehandling, innkjøp, prosjektledelse og ledelse.»
5.4 Departementets vurdering og framlegg
Departementet viser til at framlegget fekk støtte i høyringa og gjer framlegg om å oppheve føresegna i gravplasslova § 22.
Gravplassane er allmenne og skal forvaltast slik at ordningane i hovudsak er felles for alle. Gravplasslova legg offentlege oppgåver til eit trussamfunn, sjå Innst. 208 L (2019–2020) punkt 12.2. og Prop. 130 L (2018–2019) punkt 22.1 og 22.6.1, men departementet legg til grunn at arbeid på gravplassar, gravkapell og krematorium ikkje verkar inn på gjennomføringa av det religiøse føremålet til Den norske kyrkja. Departementet legg vidare til grunn at praktiseringa av gravplasslova § 22 i dei kyrkjelege fellesråda har vore i samsvar med likestillings- og diskrimineringslova § 30, og at opphevinga ikkje krev ei endring av praksis.
Etter framlegget blir reglane om teieplikt teke inn i § 22. Paragrafen blir såleis ikkje formelt oppheva, men får nytt innhald.