4 Teieplikt
4.1 Gjeldande rett
Forvaltningslova §§ 13 flg. gir generelle reglar om teieplikt. Forvaltningslova gjeld i utgangspunktet ikkje for rettssubjektet Den norske kyrkja, dei kyrkjelege fellesråda eller sokna, sjå drøftinga i Prop. 130 L (2018–2019) punkt 20.5.7 og den tidlegare kyrkjelova § 38. Forvaltningslova vil likevel gjelde i saker der dei kyrkjelege fellesråda eller andre organ i Den norske kyrkja «treffer enkeltvedtak eller utferdiger forskrift», jf. forvaltningslova § 1 tredje punktum.
Gravplassforskrifta § 19 andre ledd gir reglar om teieplikt, innsyn og personvern. Etter andre punktum her gjeld offentleglova for innsyn i gravregister, og det blir i tredje punktum slått fast at opplysningar «om anonyme gravlegginger og personlige forhold» er omfatta av teieplikt. Gravplassforskrifta § 15 definerer anonym grav slik: «Med anonym grav forstås grav som ikke har noen ansvarlig, og hvor gravens plassering bare er kjent for gravplassmyndighetene.»
Tilsette på gravplassane er ikkje omfatta av straffelova § 211 om såkalla kallsmessig teieplikt.
Kyrkjemøtet har vedteke ei kyrkjeordning som i § 42 gir saksbehandlingsreglar som inneber at reglane om teieplikt i forvaltningslova gjeld som internt regelverk i Den norske kyrkja.
4.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet gjorde framlegg om ei føresegn i gravplasslova om teieplikt som viste til forvaltningslova.
Dersom ei lovføresegn om teieplikt blei vedteken, kunne innskrenkingar i teieplikta ikkje lenger gå fram av forskrifta. Departementet gjorde derfor framlegg om å flytte til lova regelen i forskrifta § 19 om at det gjeld teieplikt for opplysningar om plasseringa av anonyme graver. Dette var særleg naudsynt fordi departementet ville klargjere at gravplasstyresmakta kan gi opplysningar om kva for gravplass og gravfelt ei anonym grav ligg på.
4.3 Høyringa
I høyringa var 38 av om lag 80 høyringsinstansar positive til endringa, og ingen gjekk imot framlegget. Tre instansar hadde kommentarar utan å ta stilling til framlegget. Høyringsinstansane var særleg opptekne av i kva grad gravplasstyresmakta kan peike ut kvar ei anonym grav ligg.
Enebakk sokn meiner at framlegget var vanskeleg å forstå.
Bergen kommune meiner at lovframlegget bør endrast, slik at det blir heilt klart at gravplasstyresmakta kan gi opplysningar om gravfeltet ei anonym grav ligg på. Bærum kommune uttaler seg i same retning.
Bergen kyrkjelege fellesråd legg til grunn at framlegget berre vil ha noko å seie der det ikkje finst ein anonym minnelund med minnesmerke.
Vestfold Krematorium IKS meiner at tilsette på krematoriet bør ha teieplikt med grunnlag i lov.
4.4 Departementets vurderingar og framlegg
Departementet merker seg at framlegget fekk støtte i høyringa.
Etter departementet si oppfatning har tilsette på gravplassane og i dei kyrkjelege fellesråda god rolleforståing og høg profesjonsetikk. Departementet er ikkje kjent med at personopplysningar om avlidne, etterlatne eller festarar blir spreidde. Oppgåvene etter gravplasslova er allmenne velferdstenester, og departementet meiner det bør gjelde lovpålagd teieplikt her, på linje med det som gjeld for oppgåver som kommune og stat utfører. Lovfesta plikter er noko anna enn at Kyrkjemøtet pålegg organ i Den norske kyrkja lokalt å følgje forvaltningslova. Departementet meiner derfor at gravplasslova bør innehalde reglar om teieplikt.
Departementet gjer derfor framlegg om ei eiga føresegn om at reglane i forvaltningslova om teieplikt skal gjelde for oppgåvene etter gravplasslova. Teieplikta vil ikkje berre gjelde for dei tilsette, men for alle som utfører teneste eller arbeid etter lova, både faste og mellombels tilsette (medrekna tilsette ved krematorium), folkevalde og dei som utfører enkeltståande oppdrag for gravplasstyresmakta, som private sakkunnige eller konsulentar. Gravplasstyresmakta skal gjere slike eksterne oppdragstakarar kjende med teieplikta, jf. forvaltningslova § 13 c første ledd.
Teieplikta inneber eit forbod mot å gjere opplysningar som er omfatta av teieplikt, kjende for utanforståande ved å fortelje om dei eller levere ut dokument som inneheld slike opplysningar. Det er ikkje nok at ein lèt vere å bringe slike opplysningar vidare, ein må aktivt hindre at andre får kjennskap til opplysningane. Dette inneber mellom anna plikt til å ta vare på opplysningane på ein trygg måte, slik at utanforståande ikkje får tilgang til dei.
Sidan gravplasslova gjeld for trussamfunnsgravplassar, vil teieplikta òg gjelde for dei som utfører arbeid eller oppdrag på trussamfunnsgravplassar, jf. trussamfunnslova § 21 andre punktum.
Det kan vere gode grunnar til å gi opplysningar om at ein person er gravlagd på gravplassen. Er grava sletta eller avlidne gravlagd anonymt, vil etterlatne eller andre ikkje finne noko gravminne. Det kan ha verdi for dei å vite at avlidne er gravlagd, og at dei ikkje treng å leite på andre gravplassar. Vidare er det å velje anonym gravlegging ikkje noko uttrykk for tru eller livssyn. Departementet gjer derfor framlegg om endring i denne reguleringa, slik at det berre er opplysningar om plasseringa av anonyme graver som er omfatta av teieplikta. Det vil etter framlegget ikkje bryte med teieplikta å gi opplysningar om kva for gravplass og gravfelt ei anonym grav ligg på. Opplysningar om gravplass og gravfelt kan òg gjevast for ei sletta anonym grav. Sidan det er tale om ei presisering av rekkevidda av den lovfesta teieplikta, bør reguleringa stå i lova, ikkje i forskrifta.