1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Denne proposisjonen inneheld framlegg til endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Kunnskapsdepartementet foreslår følgjande lovendringar:
endre reglane om krav om relevant kompetanse i undervisningsfag (kapittel 3)
klargjere kva avgjerder i skolesamanheng som barneverntenesta kan ta på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga for barnet (kapittel 4)
endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) (kapittel 5)
tekniske endringar i opplæringslova (kapittel 6)
Framlegget om å klargjere kva avgjerder i skolesamanheng som barneverntenesta kan ta på vegner av barn, er utarbeidd i samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.