Prop. 82 L (2014-2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

Til innhaldsliste

5 Framlegg om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE)

5.1 Bakgrunnen for framlegget

Framlegget går ut på å endre § 2-3 og § 2-4 i opplæringslova slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) blir endra til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE). Framlegget er forankra i den politiske plattforma til regjeringa Solberg, Sundvolden-erklæringa.

Framlegget til endringar i opplæringslova må sjåast i samanheng med departementet sitt framlegg til endringar i læreplanen for religion, livssyn og etikk. Dette framlegget har vore på høyring samtidig med framlegget til lovendring. Framlegget til endring av læreplanen gjeld innføring av eit krav om at om lag halvparten av undervisningstida i faget skal brukast til kristendomskunnskap. Kunnskapsdepartementet foreslår òg å endre namnet på faget i læreplanen til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

På grunn av den sterke posisjonen kristendommen har i norsk historie, ønskjer regjeringa at det skal brukast meir tid på og leggjast større vekt på denne religionen i undervisninga enn det som er tilfellet på dei fleste skolar i dag. Av same grunn er det ønskjeleg å reflektere denne religionen i namnet på faget. Departementet vil understreke at det ikkje blir foreslått å endre innhaldet i faget elles. Kravet i opplæringslova om at undervisninga ikkje skal vere forkynnande, blir ført vidare. Undervisninga skal halde fram med å presentere ulike verdsreligionar og livssyn objektivt og kritisk. Dessutan skal undervisninga framleis vere pluralistisk og såleis byggje på ein sameksistens av ulike grunnsyn. Ulike livssyn skal anerkjennast som likeverdige og bidra til mangfald.

5.2 Historikk

Sidan faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) blei innført i norsk skole i 1997, har det vore gjort fleire endringar i faget.

I 2003 sa Menneskerettskomiteen i FN i saka Leirvåg mfl. mot Noreg1 at faget KRL, inkludert fritaksordninga, var i strid med FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 18 nr. 4, som seier at foreldre har fridom til å sørgje for at barna deira får ei religiøs og moralsk oppseding som samsvarer med deira eiga overtyding. Som oppfølging av kritikken frå Menneskerettskomiteen blei det gjort følgjande endringar i opplæringslova i 2005:

  • Ei føresegn om at den som underviser i KRL-faget, skal ta utgangspunkt i formålet i lova, blei oppheva. Den dåverande formålsføresegna inneheldt ei formulering om at skolen skal hjelpe til med å gi elevane «ei kristen og moralsk oppseding».

  • Føresegnene om fritak blei skilde ut som ei eiga lovføresegn, som gjeld for heile skoleverksemda (ikkje berre religionsfaget).

  • Det blei presisert i forarbeida at elevar som hadde fått fritak, skulle få tilbod om tilpassa undervisning med eit tydeleg pedagogisk innhald.

  • Skoleeigaren fekk ei lovfesta plikt til å gi informasjon om reglane for fritak.

  • Omgrepet «religiøse aktivitetar» blei bytt ut med «aktivitetar».

Det blei òg gjort endringar i læreplanen i faget i 2005.

Eit fleirtal i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) kom i storkammerdom mot Noreg 29. juni 2007 (Folgerø mfl.)2 til at KRL-faget, slik det var etter ordninga frå 1997, ikkje samsvarte med krava i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)3 fordi faget ikkje tok stort nok omsyn til den religiøse og filosofiske overtydinga til foreldra.

Endringane som blei gjorde i lova og læreplanen i 2005, kom i hovudsak kritikken i dommen frå EMD i møte.4 Som følgje av dommen i EMD blei det likevel gjort fleire endringar i opplæringslova i 2008, slik at det ikkje skulle vere tvil om at faget er i samsvar med menneskerettane.5 Desse endringane blei gjorde:

  • I føresegnene om fritak frå aktivitetar i opplæringa kom det inn eit krav om god informasjon om innhaldet i opplæringa.

  • Namnet på faget blei endra frå kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (KRL) til religion, livssyn og etikk (RLE).

  • Det blei presisert i lova at opplæringa i faget skal vere objektiv, kritisk og pluralistisk.

5.3 Gjeldande rett

Opplæringslova § 2-3 handlar om innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa og lyder slik:

§ 2-3 Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa
Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.
Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar 8.-10. årstrinn.
Departementet gir forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.
Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med og forskrifter etter § 1-5.
Etter søknad frå kommunen kan departementet gi ein skole løyve til avvik frå første leddet og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå samarbeidsutvalet.

Opplæringslova § 2-4 handlar om undervisninga i faget religion, livssyn og etikk og lyder slik:

§ 2-4 Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk
Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.
Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

Faget fekk namnet religion, livssyn og etikk ved ei lovendring i 2008.6 Det opphavlege namnet var kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL), endra til kristendoms-, religions- og livssynskunnskap i 2002. Namneendringa i 2008 var ei av fleire lovendringar som kom som følgje av Folgerø-dommen i 2007. Sjølv om ikkje namnet direkte blei kritisert i dommen, meinte departementet at ei endring var riktig for å signalisere at alle religionar og livssyn, inklusiv kristendom, skal ha ei kvalitativ likeverdig behandling i undervisninga.

Det følgjer av opplæringslova § 2-12 andre ledd at § 2-4 om undervisninga i faget religion, livssyn og etikk i opplæringslova med forskrifter òg gjeld for private grunnskolar.

Det er ingen føresegner om RLE-faget i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova). Etter privatskolelova § 2-3 skal private skolar drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Skolane kan enten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane jamgod opplæring.

5.4 Høyringsframlegget

Departementet foreslo i høyringsnotatet å endre opplæringslova § 2-3 og § 2-4 slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) blir endra til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Høyringsnotatet omfatta òg eit framlegg til endringar i læreplanen for religion, livssyn og etikk. Læreplanen har status som forskrift. Endringane departementet har foreslått i læreplanen, er å innføre eit krav om at om lag halvparten av undervisningstida i faget skal brukast til kristendomskunnskap, og å endre namnet på faget til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Høyringsnotatet frå departementet inneheldt ei relativt omfattande vurdering av korleis framlegga samsvarer med dei internasjonale pliktene Noreg har etter menneskerettane. Det er særleg retten til utdanning departementet har vurdert, slik denne kjem til uttrykk i EMK, FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP), FN-konvensjonen om barnerettane og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). I lys av Folgerø-dommen er det i første rekkje staten sine plikter etter EMK, nærmare bestemt føresegna om retten til utdanning i artikkel 2 i den første tilleggsprotokollen til EMK (EMK P1-2), endringane er vurderte opp mot.

Også forholdet til nasjonal diskrimineringslovgiving er vurdert i høyringsnotatet.

I høyringa vurderte departementet endringsframlegga til å liggje innanfor rammene av både nasjonal diskrimineringslovgiving og internasjonale krav til vern av menneskerettane.

5.5 Høyringsfråsegner

5.5.1 Generelt

73 høyringsinstansar har uttala seg om framlegget til endringar i RLE-faget. Fordi framlegga til endringar i opplæringslova og læreplanen heng saman, omtalar departementet her høyringsfråsegnene samla for framlegget til namneendring (lovendring) og framlegget om å innføre ein regel om tidsbruk (endring i læreplanen), sjølv om proposisjonen berre gjeld lovendringane.

Tolv av høyringsinstansane har uttrykt at dei støttar begge framlegga. Tre høyringsinstansar støttar berre framlegget til namneendring, mens fire høyringsinstansar berre støttar framlegget om å innføre ein regel om tidsbruk. Ein høyringsinstans uttrykkjer verken støtte eller motstand, men har ein kommentar som gjeld forholdet til menneskerettane. Ein annan høyringsinstans har uttrykt seg på ein måte som gjer det uklart om instansen støttar eller går imot høyringsframlegga.

Eit fleirtal av høyringsinstansane som har uttala seg, førti instansar, er imot begge framlegga. Tolv høyringsinstansar har ingen merknader eller tek framlegga «til etterretning».

Dei tolv høyringsinstansane som støttar begge framlegga, er kommunar, i tillegg til Troms fylkeskommune. Ti av desse grunngir ikkje støtta utover å vise til høyringsnotatet.

Bergen kommune, som støttar framlegga, seier dette:

«Bergen kommune ser navneendringen i faget RLE i sammenheng med samarbeidsavtalen inngått mellom Høyre, Frp, Venstre og Kristelig Folkeparti i etterkant av stortingsvalget i 2013. Bergen kommune støtter forslaget om å sikre like rammer for undervisningen og er enig i at dette kan bidra til en likere praksis på landets skoler når det gjelder bruk av tid på kompetansemålene knyttet til kristendomskunnskap enn tilfellet er i dag. Bergen kommune legger videre til grunn at hensynet til informasjon og kunnskap i faget blir presentert på en objektiv, kritisk og pluralistisk måte, og at undervisningen ikke skal være indoktrinerende.»

Arendal kommune, som òg støttar framlegga, held fram:

«[Kommunen] vurderer endringene som foreslås som mindre omfattende. Det står også i dag i læreplanen at kristendomskunnskap skal ha den kvantitativt største andelen av lærestoffet på grunn av kristendommens særlige plass i norsk kultur og historie. Men det står ikke noe om tidsbruk på de ulike kompetansemålene. Ved lovendringen vil kristendommens plass gjøres tydeligere, men innholdet i faget endres ikke. Det skal fortsatt legges stor vekt på kunnskap om andre religioner.»

Justis- og beredskapsdepartementet peikar på at høyringsnotatet har ein noko knapp omtale av forholdet til artikkel 18 nr. 4 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar (SP) og av fråsegna frå Menneskerettskomiteen i FN i saka Leirvåg mfl. Justis- og beredskapsdepartementet anbefaler å ta inn ein noko meir omfattande omtale av desse forholda i proposisjonen. Same departementet anbefaler i tillegg at proposisjonen skildrar betre kva retningslinjer opplæringslova § 2-3a gir når det gjeld høvet til fritak frå KRLE-faget.

I det vidare vil departementet omtale dei høyringssvara som er negative til framlegga som blei sende ut til høyring. Dei representerer et breitt utval, frå enkeltkommunar til trudoms- og livssynsminoritetar som Human-Etisk Forbund og Hedningsamfunnet, kristne organisasjonar som Kristent pedagogisk forum, Det teologiske menighetsfakultet, Norsk religionspedagogisk forskerforum og ei rekkje utdanningsinstitusjonar (fleire høgskolar, UiO, UiT, NTNU, UiB). Også Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) er imot framlegget.

For betre oversikt er argumenta mot framlegget til namneendring og argumenta mot framlegget om å innføre ein regel om tidsbruk i læreplanen omtala kvar for seg.

5.5.2 Høyringsfråsegner mot namneendringa

Fleire høyringsinstansar, mellom andre Kristent pedagogisk forum, Kirkelig pedagogisk senter og NTNU, framhevar at det eksisterande fagnamnet femnar om religionen kristendommen òg, og at endringa slik sett er både unødvendig og ulogisk.

Mange høyringsinstansar, mellom andre Høgskolen i Østfold, Kristent pedagogisk forum, Det teologiske menighetsfakultet, Norsk religionspedagogisk forskerforum, Det utdanningsvitskaplege fakultet ved UiO, Institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved UiT og NLA Høgskolen, peikar vidare på at namneendringa skaper unødvendig støy og uro rundt eit fag som no treng ro. Dette blir illustrert med at framlegget har vore problematisert av trudoms- og livssynsminoritetar, men òg frå kristent hald, frå det blei kjent at regjeringa ønskjer endringa.

Høgskolen i Østfold skriv mellom anna dette:

«Høgskolens hovedinnvending er imidlertid at navneendringen skaper unødvendig uro og konflikt rundt et fag som de siste årene har vært preget av konstruktivt arbeid med å realisere fagets viktige mål. Etter vårt syn innebærer forslaget om navneendring en reell fare for at den striden som tidligere har vært rundt faget vil blusse opp igjen. Samtidig bidrar det til et negativt fokus på forholdet mellom kristendommens og andre religioners og livssyns plass i undervisningen. Navneendring vil dermed, etter vårt syn, undergrave formålet med faget; at det «… skal være en møteplass for elever med ulik bakgrunn, der alle skal bli møtt med respekt» (sitat Kunnskapsløftet).»

Kristent pedagogisk forum seier:

«De siste årene har det blitt en viss ro rundt faget. Det har kommet signaler om at flere lærere nå er kommet dit at de føler seg nokså trygge på faget og dets posisjon og dermed kan bruke mer krefter på pedagogisk utviklingsarbeid. […]Det vår vurdering at både skolen og samfunnet har utviklet seg siden endringen av fagnavnet fra KRL til RLE i 2008. Da K-en forsvant i 2008, ble også en del nye kristne grunnskoler etablert. Dette bidrar også til at situasjonen i 2014/2015 er en annen enn for 6 år siden. En endring av fagnavnet til KRLE framstår ikke som viktig i dag.»

Det teologiske menighetsfakultet skriv dette i høyringssvaret sitt:

«Vi mener det er uklokt å endre navnet på faget fra RLE til KRLE. Vi ønsker ro rundt faget, ikke nok en opprivende debatt om fagets legitimitet i norsk skole. MF er opptatt av å sikre et bredt og inkluderende fag, fordi skolen og det norske samfunnet mer enn noen gang trenger elever og borgere med kompetanse på religion og livssyn. Vi finner det også problematisk at faglige endringsforslag kommer i forbindelse med nye regjeringserklæringer, uten at lærere, elever, foresatte eller fagmiljø er blitt forespurt. Dermed fremstår forslaget mer som symbolpolitikk enn som et kunnskapsbasert forslag.»

Institutt for lærarutdanning og pedagogikk ved UiT held fram:

«Med tanke på den roen som nå hersker rundt RLE-faget i skolen, framstår forslaget om navnendring fra RLE til KRLE særdeles uklokt. Departementets argumentasjon for navneendring synes å ta lite hensyn til kritiske innspill som er kommet fra de som forholder seg til faget til daglig.»

Nittedal kommune trekkjer fram faren for at mange foreldre og elevar kan oppleve ei namneendring som støytande, og at trua og livssynet deira blir sette på som annanrangs i høve til kristendommen. Human-Etisk Forbund peikar på at reverseringa departementet no foreslår, å ta K-en inn att i fagnamnet, gir eit uheldig signal som kan tolkast som mindre likeverd og dårlegare forankring i menneskerettane. Organisasjonen meiner vidare at framlegget om å ta K-en inn att i fagnamnet òg gir eit sterkt signal om kva religion som er viktigast, om kva religion som framleis skal dominere i undervisninga, og om at andre religionar og livssyn kjem i andre rekkje.

Om dette seier Det utdanningsvitskaplege fakultet ved UiO:

«Da Stortinget endret fagets navn til RLE var argumentet å signalisere at alle religioner og livssyn skulle ha en kvalitativt likeverdig behandling i undervisningen. I mai 2013 gikk et stort flertall i KUF-komiteen mot både endring av navn og innføring av en tidsbestemmelse. Vi vil framheve betydningen av at endringer i et verdifag som RLE har et bredt parlamentarisk grunnlag og at navneendring nå kan så tvil om sentrale intensjoner i faget.»

Dette seier Fredrikstad kommune om det same temaet i høyringssvaret sitt:

«Det er viktig at opplæringen i faget oppleves som objektiv, kritisk og pluralistisk, slik lovteksten formulerer det. En navneendring vil kunne oppleves slik at kristendom har en særstilling og skape inntrykk av at opplæringen om kristendommen er kvalitativ ulik opplæringen om andre religioner og livssyn.»

Enkelte høyringsinstansar, mellom andre Kristent pedagogisk forum, meiner at det å ta inn ein K i RLE vil gjere at faget i mindre grad blir oppfatta som eit breitt og interessant fag, og at færre lærarstudentar derfor vil velje det. Dette vil kunne gi utfordringar når det gjeld kompetansen til KRLE-lærarar.

Høgskolen i Oslo og Akershus seier mellom anna:

«Selv om det foreslåtte KRLE-faget etter loven skal være et ordinært skolefag, vil K-en gjøre at det ikke oppleves slik. Både det symbolske i navneendringen og mer kristendom i forhold til andre religioner og livssyn vil framprovosere fritak som splitter elevene. Fritak vil dessuten i særlig grad ramme nettopp kristendomsdelen. […] Som reaksjon mot den varslede K-en planlegges også privatskoler med alternativ livssynsprofil. De gruppene som kan minst om kristendommen fra før, vil lære enda mindre ved den foreslåtte endringen.»

5.5.3 Høyringsfråsegner mot å innføre ein regel om tidsbruk

Høyringsinstansane som er mot framlegget om å innføre ein regel om tidsbruk i læreplanen, peikar på fleire forhold som talar mot denne måten å regulere korleis læraren skal bruke undervisningstida på.

Mange av høyringsinstansane, mellom andre Utdanningsforbundet, LO, Høgskolen i Østfold, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Oslo kommune og Nittedal kommune, viser til at framlegget bryt med det gjennomgåande prinsippet for alle fag i grunnskolen om at læraren skal regulere tidsbruken ut frå sitt eige faglege skjønn og justere reguleringa etter måloppnåinga til elevane. Dei peikar på at departementet ikkje gir nokon god grunn for at akkurat RLE-faget treng ei særskild regulering. Framlegget om ein eigen regel om tidsbruk i læreplanen i dette faget vil svekkje grunnlaget for at faget skal vere eit ordinært fag på linje med dei andre faga. Mange viser òg til at læreplanen sjølv presiserer at det skal vere rom for lokale variasjonar i fordelinga mellom hovudområda i faget for å nå kompetansemåla. Desse høyringsinstansane meiner at framlegget er i strid med dette prinsippet.

Både Nedre Eiker kommune og enkelte andre høyringsinstansar peikar på at RLE-faget har mange kompetansemål i forhold til kor mange undervisningstimar det er i faget på ungdomstrinnet. Dette vil i praksis seie at elevane vil få mindre tid til mange kompetansemål innanfor dei andre hovudområda i læreplanen (andre religionar, filosofi og etikk). Nedre Eiker kommuneviser òg til at enkelte lærarar som underviser i RLE-faget i dag, har uttrykt at dei ikkje ønskjer å undervise i dette faget dersom det kjem eit krav om «at om lag halvparten av undervisningstida» skal brukast på kristendomskunnskap.

Mange høyringsinstansar viser til at kristendommen alt tel meir enn dei andre religionane i dag, og at dette går fram av læreplanen. Desse høyringsinstansane er ikkje usamde i at kristendommen skal telje meir enn dei andre religionane og livssyna, sidan denne religionen spelar ei så viktig rolle i Noreg. Men dei meiner at han tel nok slik reglane er i dag, noko som gjer framlegget unødvendig. Enkelte høyringsinstansar meiner òg at framlegget vil bidra til å svekkje både faget og kristendomsundervisninga som framlegget er meint å skulle styrkje.

Ein del høyringsinstansar framhevar at grunngivinga for framlegget verkar politisk-religiøst, og at det ikkje finst fagleg prov for at kristendomsundervisninga i dagens RLE-fag ikkje er god eller omfattande nok.

Fleire høyringsinstansar, mellom andre Ullensaker kommune og Human-Etisk Forbund, peikar på at det er eit dårleg grep å redusere undervisninga i kunnskapen om andre religionar og livssyn, filosofi og etikk i møte med det nye, mangfaldige samfunnet. Desse høyringsinstansane meiner mindre kunnskap om minoritetane vil bidra til fleire fordommar og misforståingar og kan gi betre grobotn for bruk av religiøse merkelappar som skjellsord i skolegardane.

Mange høyringsinstansar peikar på at RLE-faget har vore gjennom fleire turbulente år med debatt og konfliktar, og at faget har hatt ei positiv utvikling den siste tida, med meir ro, aksept og balanse mellom dei ulike religionane. Fleire av desse høyringsinstansane seier at det er viktig å halde fram denne positive utviklinga for at faget skal få den legitimiteten det treng som eit felles fag i skolen. I lys av dette meiner desse høyringsinstansane at det er svært uheldig at regjeringa foreslår endringar som har opna opp tidlegare konfliktlinjer, som skaper unødvendig uro, og som ikkje bidreg til å løyse verken prinsipielle eller praktiske utfordringar i skolen.

Somme høyringsinstansar, mellom andre Nittedal kommune og Høgskolen i Oslo og Akershus, meiner framlegga (òg framlegget til namneendring) vil føre til at fleire elevar og føresette søkjer fritak, og at faget ikkje lenger vil bli oppfatta som samlande, slik intensjonen er.

Human-Etisk Forbund og Redd Barna seier at dei er skuffa over at faget ikkje er blitt evaluert, i tråd med tilrådinga frå Barnekomiteen i FN i 2010. Dei viser til at både Stålsett-utvalet (NOU 2013: 1) og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn har teke opp att kravet om evaluering, og meiner at eventuelle endringsframlegg bør vere tufta på kunnskap og fagleg grunnlag, noko ei evaluering ville kunne gitt.

Nokre av høyringsinstansane, mellom andre Høgskolen iOslo og Akershus (HIOA) og Kristent pedagogisk forum, peikar på at framlegget vil verke uheldig inn på rekrutteringa av RLE-lærarar i lærarutdanninga. HIOA hevdar i sitt høyringssvar at symbolkrafta i K-en er så sterk at ho åleine vil føre til at dei fleirspråklege studentane ikkje ønskjer å studere og undervise i faget. HIOA skriv vidare at med svakare rekruttering må vi rekne med fleire ufaglærte (K)RLE-lærarar og dårlegare kristendomsundervisning.

HIOA seier elles dette:

«Få bestrider at kristendommen er viktig og skal ha plass deretter. Og – som allerede påpekt – den er godt dekket i dagens RLE-plan, med formuleringen om at kristendomskunnskap skal ha «den kvantitativt største andelen av lærestoffet» (læreplanen i RLE, avsnittet «Formål»). Kristendomskunnskap er allerede sikret gjennom flest kompetansemål, som skal styre undervisningen, slik det også ble påpekt fra fagmiljøene straks KRLE-forslaget ble kunngjort.
RLE-faget rommer kristendom, andre religioner/livssyn og filosofi/etikk og består ikke bare av avgrensede og gjensidig utelukkende størrelser. Her er sammenlikning, tverrgående temaer, ulike perspektiver. F.eks. tilhører Tanak/GT både jødedom og kristendom, og religionskritikk er også en del av kristendommens virknings-historie. I filosofi og etikk opptrer en rekke tenkere som også tilhører kristendomshistorien. Redigering og alternative vinklinger kan raskt gi «om lag halvparten» kristendomsundervisning uten lovendring. Forslaget om å lovfeste at om lag halvparten av undervisningstiden i faget skal øremerkes kristendomskunnskap, framstår som unødvendig.»

5.6 Departementet sine vurderingar

5.6.1 Generelle vurderingar

RLE-faget er eit ordinært skolefag som skal samle alle elevar uavhengig av etnisk bakgrunn og religiøs eller filosofisk overtyding. Undervisninga i faget skal gi kjennskap til alle dei sentrale verdsreligionane og til etiske og filosofiske emne. Undervisninga skal òg bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål. Undervisninga skal ikkje vere forkynnande, og ho skal presentere dei ulike religionane og livssyna på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dette følgjer av opplæringslova § 2-4.

RLE-faget er utforma på ein måte som gir elevar med ulik bakgrunn og religiøst opphav, eller ikkje-religiøst opphav, ei felles forankring i kunnskap og forståing om kvarandre og andre når det gjeld religiøs eller etisk/filosofisk ståstad. Å kunne tilby elevar slik kunnskap og samle dei innanfor ramma av eitt religions- og livssynsfag, fremjar toleranse og forståing mellom ulike kulturar, religionar og livssyn. Denne kompetansen er vurdert til å ha svært stor verdi for den oppveksande generasjonen, i eit samfunn som i større og større grad er prega av mangfald og integrasjon. Samtidig har kristendommen spelt ei sentral rolle i norsk historie. Kristendommen har òg ein sterk posisjon i det norske samfunnet i dag. Det er vanskeleg å forstå norsk historie, norsk kultur og delar av norsk kunst utan å ha god kjennskap til kristendommen.

Formålet med endringsframlegga som har vore på høyring – å endre opplæringslova § 2-3 og § 2-4 slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE) blir kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE), og å innføre eit krav i læreplanen om at om lag halvparten av undervisningstida i faget skal brukast til kristendomskunnskap – er å sikre at kunnskap om kristendommen har ein sentral plass i faget, og å sikre like rammer for undervisninga. Slik departementet vurderer det, er det ingen motsetnad mellom eit breitt og ope religions- og livssynsfag og det å gi kristendomskunnskap noko meir plass i faget enn i dag.

Sjølve namneendringa har ingen materielle følgjer, men slik departementet vurderer det, er ho viktig for å synleggjere den kvantitative fordelinga av dei ulike religionane i faget. Innføringa av «kristendom» i namnet vil samtidig reflektere betre den posisjonen kristendommen har i norsk historie. Kristendomskunnskap utgjer den største delen av faget allereie ved at det er knytt fleire kompetansemål til kristendomskunnskap enn til dei andre religionane og til livssyn og etikk. Det går òg fram av læreplanen at kristendomskunnskap skal ha den kvantitativt største delen av lærestoffet. Slik departementet vurderer det, er det derfor naturleg å reflektere den posisjonen kristendommen har i faget, i namnet òg. Framlegget om å innføre eit krav om at om lag halvparten av undervisningstida skal brukast på kristendomskunnskap, er endå eit argument for å ta inn «kristendom» i namnet på faget.

Departementet foreslår ingen endringar i kompetansemåla i faget. Dei enkelte delane av faget skal framleis sjåast i samanheng.

Eit fleirtal av høyringsinstansane er imot både framlegget om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk og imot framlegget om å innføre eit krav i læreplanen om at om lag halvparten av undervisningstida i faget skal brukast til kristendomskunnskap. Berre tolv høyringsinstansar uttrykkjer full støtte til framlegga. I lys av dette ønskjer departementet å understreke at regjeringa har forplikta seg i regjeringsplattforma og gjennom avtale med samarbeidspartia på Stortinget til å gjennomføre endringane i RLE-faget. Dette står regjeringa fast på. I det vidare vil departementet kommentere hovudinnvendingane som er komne mot høyringsframlegget. Omtalen femnar berre departementet sine vurderingar når det gjeld lovframlegget om å endre namnet på faget frå religion, livssyn og etikk (RLE) til kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) i opplæringslova § 2-3 og § 2-4.

Enkelte høyringsinstansar har peika på at det er unødvendig å leggje til «kristendom» i fagnamnet, ettersom omgrepet «religion» alt femnar om kristendom. Til dette vil departementet kommentere at sjølv om omgrepet «religion» femnar om kristendom, hindrar ikkje det at religionen kristendom kan trekkjast tydelegare fram i fagnamnet.

Enkelte høyringsinstansar har peika på at K-en i namnet kan verke støytande for somme elevar og foreldre. Til dette vil departementet understreke at namneendringa i seg sjølv ikkje får følgjer for innhaldet i faget. Dessutan har kristendom uansett størst plass i faget, også i dag. Slik departement ser det, er det naturleg at namnet reflekterer dette. Departementet viser til det Norsk Lektorlag skriv i høyringsfråsegna si: «å tilføye K foran RLE, vil representere en presisering av det faktiske innholdet i faget».

Somme høyringsinstansar har vist til at det er viktig at opplæringa i faget blir oppfatta som objektiv, kritisk og pluralistisk, slik lovteksten formulerer det, og at ei namneendring vil bidra til det motsette. Dei hevdar at det å ta K-en inn att i namnet vil sende eit uheldig signal som kan tolkast som at andre religionar og livssyn kjem i andre rekkje, og skape eit inntrykk av at opplæringa om kristendommen er kvalitativ ulik opplæringa om andre religionar og livssyn.

Departementet vil understreke at namneendringa ikkje er meint å signalisere at kristendomskunnskap skal få kvalitativ forrang i undervisninga i faget. Tvert imot skal alle religionar og livssyn framleis behandlast kvalitativt likt, og undervisninga skal vere nøytral og ikkje bere preg av forkynning. Men sjølv om det er eit viktig omsyn at alle religionar og livssyn skal behandlast kvalitativt likt i undervisninga, bør det òg leggjast vekt på omsynet til kristendommen sin plass i faget. Slik departementet ser det, gir den foreslåtte lovendringa få haldepunkt for å tolke det nye namnet som om opplæringa om kristendommen skal vere kvalitativ ulik opplæringa om andre religionar og livssyn.

Enkelte høyringsinstansar har peika på at den foreslåtte endringa kan føre til at fleire elevar og føresette vil melde om fritak. Eit utslag av dette kan bli at faget ikkje lenger blir oppfatta som samlande, slik intensjonen er.

Departementet vil halde fram at sidan innhaldet i faget ikkje blir endra, gir ikkje dei foreslåtte endringane noko større grunnlag for å melde om fritak, slik somme høyringsinstansar fryktar. Departementet understrekar at elevane ikkje kan få fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen, berre frå «aktivitetar» som dei opplever som utøving av ein annan religion enn deira eigen, jf. opplæringslova § 2-3a.

Når det gjeld kravet frå fleire høyringsinstansar om ei evaluering av faget, meiner departementet at den foreslåtte namneendringa ikkje har materielle følgjer og derfor heller ikkje krev ei evaluering på førehand. Dette stiller seg annleis ved vurdering av innhaldsmessige endringar i faget. Departementet vil på lengre sikt vurdere om det kan vere tenleg med ei evaluering, slik Barnekomiteen i FN tilrådde i ei fråsegn frå 2010.

5.6.2 Forholdet til det nasjonale diskrimineringsvernet

Det følgjer av lov om forbud mot diskriminering på grunn av etnisitet, religion og livssyn § 6 at det er forbode å diskriminere på grunnlag av etnisitet, religion og livssyn. Diskrimineringslovgivinga set rammer for korleis RLE-faget kan utformast. Departementet vurderer at endringsframlegga ikkje vil vere i strid med den nasjonale diskrimineringslovgivinga.

5.6.3 Forholdet til Noregs folkerettslege plikter

Eit spørsmål som må vurderast, er om dei foreslåtte endringane ligg innanfor grensene for Noregs folkerettslege plikter. Når det gjeld menneskerettane, er det formålstenleg å vurdere dei to framlegga som har vore på høyring – framlegget til namneendring (lovendring) og framlegget om å innføre ein regel om tidsbruk (endring i læreplanen) – under eitt.

I lys av Folgerø-dommen er det i første rekkje staten sine plikter etter EMK, nærmare bestemt føresegna om retten til utdanning i artikkel 2 i den første tilleggsprotokollen til EMK (EMK P1-2), endringane må vurderast opp mot. Departementet vil òg knyte nokre kommentarar til fråsegna frå Menneskerettskomiteen i FN i saka Leirvåg mfl., til føresegna i artikkel 18 nr. 4 i SP, til artikkel 29 nr. 1 i FN-konvensjonen om barnerettane og til artikkel 13 nr. 1 i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK).

5.6.3.1 EMK første tilleggsprotokoll artikkel 2

Spørsmålet som blir vurdert her, er kva plikter for staten som kan utleiast av EMK P1-2, og om desse avgrensar høvet til å gjennomføre endringsframlegga.

Den norske omsetjinga av EMK P1-2 er teken inn som vedlegg til lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettslova), med denne ordlyden:

Art. 2 Rett til utdanning
Ingen skal bli nektet retten til utdanning. Funksjoner staten påtar seg i utdanning og undervisning, skal den utøve med respekt for foreldres rett til å sikre slik utdanning og undervisning i samsvar med deres egen religiøse og filosofiske overbevisning.

Føresegna har to delar: retten til utdanning for alle og rett for foreldre til å sikre utdanning og undervisning for barna sine i samsvar med si eiga religiøse og filosofiske overtyding. I samsvar med EMD sin praksis må dei to delane tolkast i lys av kvarandre. Det sentrale for spørsmålet her er den andre delen, retten for foreldre til å sikre utdanning og undervisning for barna sine i samsvar med si eiga religiøse og filosofiske overtyding. Det var denne delen av føresegna som stod sentralt då EMD behandla det dåverande KRL-faget i Folgerø-dommen.

Ordlyden i artikkel 2 gir ikkje i seg sjølv svar på om dei foreslåtte endringane vil stri mot føresegna. Ein må gå til EMD sin rettspraksis for å slå fast det nærmare innhaldet i retten til utdanning etter EMK P1-2 og finne haldepunkt for korleis ein skal forstå føresegna. Folgerø-dommen, som EMD avsa i storkammer, er heilt sentral for spørsmålet som blir vurdert her, ettersom han gjaldt eit saksforhold som kan samanliknast med dette. EMD har vist til dommen i ei rekkje seinare dommar. Departementet kan ikkje sjå at det er komme andre, nyare saker frå EMD etter Folgerø-dommen som er relevante for spørsmålet vårt.

Det sentrale spørsmålet i Folgerø-dommen var om det dåverande KRL-faget krenkte foreldra sin «rett til å sikre slik utdanning og undervisning i samsvar med deres egen religiøse og filosofiske overbevisning», jf. andre punktumet i EMK P1-2. Dette er det naturlege utgangspunktet å ta også for vurderinga av om eit nytt KRLE-fag vil liggje innanfor ramma av EMK.

I avsnitt 84 av Folgerø-dommen gjer EMD greie for generelle prinsipp for tolkinga av innhaldet i EMK P1-2, som domstolen hadde slått fast i sin tidlegare rettspraksis. Basert på desse generelle prinsippa la EMD i avsnitt 85 til grunn at spørsmålet domstolen måtte ta stilling til i den konkrete saka, var om staten Noreg hadde sikra at informasjon og kunnskap i KRL-faget var blitt presenterte på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte, eller om undervisninga i faget gjekk føre seg på ein måte som bar preg av indoktrinering, og som ikkje respekterte den religiøse og filosofiske overtydinga til foreldra, i strid med EMK P1-2.7

EMD kom i dommen med fleire fråsegner som har innverknad på korleis departementet vurderer endringsframlegga. Domstolen seier mellom anna at sjølv om særinteresser i eit demokratisk system enkelte gonger må vike for fleirtalet, er det likevel eit krav at det må finnast ein balanse som sikrar ei rettvis og rimeleg behandling av minoritetar, og som hindrar utnytting av ei dominerande stilling (avsnitt 84 (f)8). Vidare peikar domstolen på at det i prinsippet er konvensjonsstatane som har myndigheita til å planleggje og fastsetje læreplanen/pensumet i faget, og at dei løysingane statane vel, kan variere frå stat til stat (avsnitt 84 (g)9). Ein viss variasjon ut frå eigenarta ved staten må altså aksepterast. Staten må sikre at informasjon og kunnskap i religionsfaget blir presenterte på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Staten vil bryte mot konvensjonen dersom han legg til rette for at undervisninga i faget kan gå føre seg på ein måte som ber preg av indoktrinering, og som ikkje respekterer den religiøse og filosofiske overtydinga til foreldra. Domstolen framheva òg at styresmaktene har ei plikt til å sørgje for at den religiøse og filosofiske overtydinga til foreldra ikkje blir avfeia på grunn av aktløyse, dårleg dømmekraft eller som ledd i å omvende nokon til ei anna tru (avsnitt 84 (i)10). Staten har altså ei plikt til å sørgje for at den generelle politikken blir følgd konkret opp.

Spørsmålet om EMK P1-2 var krenkt, blei strukturert i to ledd i dommen. Denne tilnærmingsmåten er følgd opp i seinare praksis.

Først vurderte fleirtalet om det låg føre ei skeivfordeling i favør av kristendom som dei meinte var problematisk i lys av staten si plikt til å sikre at informasjon og kunnskap i faget blir presenterte på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Fleirtalet konkluderte med at det låg føre ei slik skeivfordeling, og gjekk på det grunnlaget vidare til spørsmålet om det fanst ei god nok fritaksordning. Denne toledda vurderinga inneber at jo lenger staten går i å etablere ei undervisningsform som går på akkord med krava til objektivitet, kritisk distanse og pluralisme, jo vidare kan ein rekne med at høvet til fritak frå slik undervisning vil måtte vere. Forhold som spelte inn i vurderinga til EMD, var korleis innhaldet i og måla for KRL-faget var skildra i lov, forarbeid og læreplan, sett i samanheng med den kristne formålsparagrafen i lova og kva verknader faget på denne bakgrunnen ville kunne ha på elevane. Desse forholda blei så sette opp mot det avgrensa høvet til fritak.

Ut frå den konkrete vurderinga EMD gjorde i Folgerø-dommen, vurderer departementet det slik at hovudgrunnen til at fleirtalet i EMD underkjende KRL-faget, var kombinasjonen av den dåverande kristne formålsparagrafen i opplæringslova og den klare overvekta av kristendom i samansetjinga av faget. Overvekta av kristendom i faget kom mellom anna til uttrykk i føresegna i opplæringslova § 2-4 første ledd om å fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar, sett i samanheng med § 2-4 fjerde ledd, som indikerte at religiøse aktivitetar kunne inngå i faget. Fleirtalet i EMD meinte at den avgrensa retten til fritak ikkje kompenserte for dette. At kristendomskunnskap kvantitativt utgjorde ein større del av faget enn kunnskap om andre religionar og livssyn, var ikkje i seg sjølv problematisk ifølgje EMD, jf. avsnitt 8911 (omsett av departementet):

Det faktum at kunnskap om kristendom representerte ein større del av pensumet i grunnskolen enn kunnskap om dei andre religionane og livssyna, kan, slik domstolen ser det, ikkje i seg sjølv reknast som eit brot på prinsippa om ei pluralistisk og objektiv undervisning. I lys av den historia og tradisjonen kristendommen har i staten Noreg, må dette reknast for å falle inn under staten sitt handlingsrom ved planlegging og fastsetjing av pensum/læreplan.

På bakgrunn av argumentasjonen til fleirtalet i EMD i Folgerø-dommen vurderer departementet det slik at dei foreslåtte endringane i RLE-faget ikkje vil krenkje EMK P1-2.

Etter dei omfattande endringane ein har gjort i faget i tida fram til og med 2008 for å komme innvendingane til Menneskerettskomiteen og EMD i møte, og etter endringane i Grunnlova § 2, verkar det klart at faget i dag ligg innanfor norma som EMD sette opp i Folgerø-dommen. Opplæringslova gir desse retningslinjene for den gjeldande fritaksordninga:

Etter opplæringslova § 2-3a skal skolen vise respekt for den religiøse og filosofiske overtydinga til elevar og foreldre og sikre alle elevar retten til likeverdig opplæring. Elevar har rett til fritak frå dei aktivitetane i opplæringa som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn. På same grunnlag har elevar rett til fritak frå aktivitetar dei opplever som støytande eller krenkjande. Alle foreldre og elevar skal kvart år få skriftleg melding om retten til fritak frå aktivitetar i opplæringa.

Opplæringslova gir ikkje rett til fritak frå opplæring i dei ulike emna i læreplanen for fag. Skolen skal tidleg gi god informasjon om innhaldet i læreplanar og om aktivitetar knytte til desse planane. Retten til fritak frå aktivitetar er ikkje avgrensa til fag, men gjeld alle aktivitetar i skoletida. I slike tilfelle skal skolen gi tilbod om alternative aktivitetar.

Når det er gitt melding om fritak, skal skolen gjennomføre fritaket og gi tilpassa alternativ opplæring innanfor dei rammene som læreplanen set. For elevar under 15 år gir foreldra melding om fritak. Elevar som har fylt 15 år, gir sjølve melding om fritak. Ein treng ikkje å oppgi grunn for meldinga, og ho skal ikkje sendast som søknad. Dersom skolen ikkje godtek melding om fritak frå aktivitetar, kan foreldre, og elevar over 15 år, klage på avslaget. Skolen skal følgje opp klagen etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Departementet vil understreke at både utforminga og implementeringa av den gjeldande fritaksføresegna i opplæringslova § 2-3a utgjer eit sjølvstendig vern av dei konvensjonsbestemte rettane til foreldra. Slik departementet vurderer det, fungerer fritaksordninga godt i praksis. Dette ser ein mellom anna på at det har blitt færre klagesaker.

EMD har sagt at det kan aksepterast at faget inneheld ein større del kristendomskunnskap på grunn av den historia og tradisjonen kristendommen har i Noreg. Det at kristendomskunnskap med dei foreslåtte endringane får ein kvantitativt noko større plass enn kunnskap om andre religionar og livssyn enn i dag, vil slik departementet ser det, ikkje endre faget slik at det kjem i strid med det EMD sa i Folgerø-dommen. Den gjeldande fritaksordninga blir ført vidare, og den norske staten vil framleis sikre omsynet til at informasjon og kunnskap i KRLE-faget blir presenterte på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Likeins vil ikkje endringane føre til at undervisninga i faget kan gå føre seg på ein måte som ber preg av indoktrinering, og som ikkje respekterer den religiøse og filosofiske overtydinga til foreldra, i strid med EMK. Når det gjeld framlegget om å endre namn på faget, vil departementet nemne at EMD ikkje la vekt på KRL-namnet i si samla vurdering.

5.6.3.2 SP artikkel 18 nr. 4

Menneskerettskomiteen i FN kom i 2003 med ei fråsegn i saka Leirvåg mfl. der komiteen vurderte KRL-faget ut frå føresegna i SP artikkel 18 nr. 4.12 Saka dreidde seg om KRL-faget slik det var utforma i 1997, akkurat som i Folgerø-dommen.

Slik lyder føresegna i SP artikkel 18 nr. 4:

Konvensjonspartene forplikter seg til å respektere foreldres, og i tilfelle vergers, frihet til å sørge for sine barns religiøse og moralske oppdragelse i samsvar med deres egen overbevisning.

I spørsmålet om det låg føre eit konvensjonsbrot i saka Leirvåg mfl., delte komiteen vurderingane sine i to. Først såg komiteen på om undervisninga i KRL-faget gjekk føre seg på ein måte som tilfredsstilte krava om at slik undervisning skulle vere nøytral og objektiv. Her konkluderte komiteen med at undervisninga ikkje tilfredsstilte krava i konvensjonen. Deretter vurderte komiteen om fritaksordninga var tilstrekkeleg til å sikre foreldra og elevane sine rettar etter konvensjonen. På dette punktet konkluderte komiteen med at han ikkje heldt regelverket om fritak for å vere tilstrekkeleg. Når det gjaldt implementeringa av fritaksretten, peika komiteen mellom anna på at regelverket om fritak innebar at foreldre som ønskte å søkje om fritak, blei pålagde ei «considerable burden». I dette låg at elevar og foreldre blei pålagde å skaffe seg kunnskap om dei ulike sidene ved KRL-faget, slik at dei kunne ta stilling til kva delar av faget dei ønskte å søkje om fritak frå. Med eit slikt system var det ikkje sikkert at alle som ønskte å søkje om fritak, faktisk gjorde det. Komiteen viste òg til at faget ikkje skilde klart nok mellom kunnskapsformidling og religiøs praksis, noko som gjorde det vanskeleg å praktisere fritaksretten på ein måte som tilfredsstilte krava i konvensjonen. På denne bakgrunnen meinte komiteen at det låg føre brot på SP artikkel 18 nr. 4.

Fleire av momenta som ligg til grunn for vurderinga av forholdet til EMK i Folgerø-dommen, blei òg vektlagde i vurderinga av SP artikkel 18 nr. 4 i saka Leirvåg mfl. Fordi det er mange av dei same momenta som er viktige for vurderingane etter både EMK P1-2 og SP artikkel 18 nr. 4, går ikkje departementet like grundig inn på vurderinga av korleis endringsframlegget samsvarer med SP artikkel 18 nr. 4. Slik departementet ser det, verkar det relativt klart, etter endringane som er gjorde i faget i perioden 2005–2008, at framlegga som har vore på høyring, ikkje vil vere i strid med SP artikkel 18 nr. 4.

5.6.3.3 FN-konvensjonen om barnerettane artikkel 14 og artikkel 29 nr. 1 og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar artikkel 13 nr. 1 og nr. 3

Spørsmålet om menneskerettslege krav til utforminga av religionsundervisninga er òg regulert av FN-konvensjonen om barnerettane artikkel 29 nr. 1 og FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK) artikkel 13 nr. 1 og nr. 3.

Etter barnekonvensjonen artikkel 14 har barnet rett til tanke-, samvits- og religionsfridom. Staten skal respektere retten og plikta foreldra har til å rettleie barnet om utøvinga av dei rettane han eller ho har på ei måte som samsvarer med den gradvise utviklinga til barnet.

Slik lyder barnekonvensjonen artikkel 29 nr. 1:

  • 1 Partene er enige om at barnets utdanning skal ta sikte på:

    • a) å utvikle barnets personlighet, talenter og psykiske og fysiske evner så langt det er mulig,

    • b) å utvikle respekt for menneskerettighetene og de grunnleggende friheter og for prinsippene nedfelt i De forente nasjoners pakt,

    • c) å utvikle respekt for barnets foreldre, dets egen kulturelle identitet, språk og verdier, for de nasjonale verdier i det land barnet bor, landet hvor han eller hun eventuelt kommer fra og for kulturer som er forskjellige fra barnets egen kultur,

    • d) å forberede barnet til et ansvarlig liv i et fritt samfunn i en ånd av forståelse, fred, toleranse, likestilling mellom kjønnene og vennskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper og personer som tilhører urbefolkningen,

    • e) å fremme respekten for det naturlige miljø.

Slik lyder ØSK artikkel 13 nr. 1 og nr. 3:

1. Konvensjonspartene anerkjenner retten for enhver til utdannelse. De er enige om at utdannelsen skal ta sikte på den fulle utvikling av mennesket; karakter og forståelsen av dets verdighet, og skal styrke respekten for menneskerettighetene og de grunnleggende friheter. De er videre enige om at utdannelse skal gjøre det mulig for alle å delta på en nyttig måte i et fritt samfunn, fremme forståelse, toleranse og vennskap mellom alle nasjoner og alle rasegrupper, etniske og religiøse grupper samt fremme De Forente Nasjoners arbeid for bevarelse av freden.
3. Konvensjonspartene forplikter seg til å respektere foreldres og, når det er aktuelt, formynderes frihet til å velge andre skoler for sine barn enn dem som er opprettet av offentlige myndigheter, forutsatt at førstnevnte oppfyller eventuelle minstekrav til undervisningsstandard fastsatt eller godkjent av den enkelte stat, og til å sikre sine barn en religiøs og moralsk undervisning som er i samsvar med deres egen overbevisning.

Utgangspunktet etter EMK og SP er at det blir stilt eit grunnleggjande krav om at undervisninga skal vere objektiv og pluralistisk og ikkje indoktrinerande. Barnekonvensjonen og ØSK har eit anna utgangspunkt. Desse konvensjonane legg større vekt på å sikre dei sjølvstendige rettane til elevane. På den måten fokuserer dei meir på dei positive pliktene staten har når det gjeld utforminga av undervisninga.

Departementet finn ikkje haldepunkt for at barnekonvensjonen og ØSK er til hinder for dei foreslåtte endringane. Staten har etter dei to konvensjonane ei aktiv plikt til å leggje til rette for religiøst og livssynsmessig mangfald for elevane, og slik departementet vurderer det, er ikkje endringsframlegga i strid med denne plikta. Kristendomskunnskap har alt i dag ein meir sentral plass i religionsfaget enn kunnskap om andre religionar og livssyn, og utforminga av faget elles ber klart preg av å leggje til rette for religiøst og livssynsmessig mangfald. Barnekomiteen har sagt om barnekonvensjonen artikkel 29 nr. 1 at undervisninga skal utformast slik at det blir vist respekt for ulikskap. Slik departementet ser det, vil ikkje dei foreslåtte endringane medføre brot på dette prinsippet.

5.7 Departementet sitt framlegg

Departementet foreslår, i samsvar med høyringsnotatet, å leggje til ordet «kristendom» i namnet på faget religion, livssyn og etikk i opplæringslova § 2-3 første ledd, i opplæringslova § 2-4 første, andre, tredje og fjerde ledd og i overskrifta til § 2-4. Namnet på faget blir etter dette kristendom, religion, livssyn og etikk. Endringa har ingen materielle følgjer.

Fotnotar

1.

Klagesak nr. 1155/2003 4. november 2004 http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/Regjeringen-Bondevik-II/ufd/Nyheter-og-pressemeldinger/2004/Human-Rights-Committee-Communication-No-11552003.html?id=422478

2.

Lenkje til dommen: http://hudoc.echr.coe.int/sites/eng/pages/search.aspx?i=001-81356#{"itemid":["001-81356"]}

3.

Føresegna om retten til utdanning i artikkel 2 i den første tilleggsprotokollen til EMK

4.

Sjå rundskriv F-10-08.

5.

Jf. Ot.prp. nr. 54 (2007–2008).

6.

Ot.prp. nr. 54 (2007–2008)

7.

Frå avsnitt 85 i dommen: «The question to be determined is whether the respondent State, in fulfilling its functions in respect of education and teaching, had taken care that information or knowledge included in the Curriculum for the KRL subject be conveyed in an objective, critical and pluralistic manner or whether it had pursued an aim of indoctrination not respecting the applicant parents’ religious and philosophical convictions and thereby had transgressed the limit implied by Article 2 of Protocol No.»

8.

Frå avsnitt 84 (f): «Although individual interests must on occasion be subordinated to those of a group, democracy does not simply mean that the views of a majority must always prevail: a balance must be achieved which ensures the fair and proper treatment of minorities and avoids any abuse of a dominant position (see Valsamis, cited above, § 27).»

9.

Frå avsnitt 84 (g): «However, the setting and planning of the curriculum fall in principle within the competence of the Contracting States.»

10.

Frå avsnitt 84 (i): «the competent authorities have a duty to take the utmost care to see to it that parents’ religious and philosophical convictions are not disregarded at this level by carelessness, lack of judgment or misplaced proselytism»

11.

Frå avsnitt 89: «[…]That being so, the fact that knowledge about Christianity represented a greater part of the Curriculum for primary and lower secondary schools than knowledge about other religions and philosophies cannot, in the Court’s opinion, of its own be viewed as a departure from the principles of pluralism and objectivity amounting to indoctrination (see, mutatis mutandis, Angeleni v. Sweden, no 10491/83, Commission decision of 3 December 1986, Decisions and Reports 51). In view of the place occupied by Christianity in the national history and tradition of the respondent State, this must be regarded as falling within the respondent State’s margin of appreciation in planning and setting the curriculum.»

12.

Fråsegna er tilgjengeleg på http://www.regjeringen.no/nb/dokumentarkiv/Regjeringen-Bondevik-II/ufd/Nyheter-og-pressemeldinger/2004/Human-Rights-Committee-Communication-No-11552003.html?id=422478

Til forsida