Prop. 82 L (2014-2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:

Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendom, religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring.

§ 2-4 skal lyde:

§ 2-4 Undervisninga i faget kristendom, religion, livssyn og etikk

Kristendom, religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Undervisninga i kristendom, religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-3,1 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3 og 15-4.

§ 10-2 tredje ledd andre punktum og femte ledd blir oppheva.

§ 13-2 andre ledd skal lyde:

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som Barne-, ungdoms- og familieetaten har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

Ny § 15-6 skal lyde:

§ 15-6 Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga

Dersom barneverntenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barneverntenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje målform, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a og krevje opplæring i finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot skal ny § 7-7 skal lyde:

§ 7-7 Rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga

Dersom barneverntenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barneverntenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 3-12, og til å velje privat skole, jf. opplæringslova § 2-1.

III

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Til forsida