Prop. 82 L (2014-2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

Til innhaldsliste

4 Framlegg om å klargjere kva avgjerder i skolesamanheng barneverntenesta kan ta på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga for barnet

4.1 Bakgrunnen for framlegget

I den politiske plattforma til regjeringa Solberg, Sundvolden-erklæringa, går det fram at regjeringa vil gi barn som barnevernet har omsorga for, ein betre tilpassa skolegang.

Fleire av elevrettane etter opplæringslova og privatskolelova er utforma slik at foreldra må samtykkje, søkje eller på annan måte gjere eit val for at eleven skal få nytta den aktuelle retten. Slik regelverket er i dag, er det ikkje uttrykkjeleg regulert kven som kan ta slike avgjerder på vegner av barnet når barneverntenesta har teke over omsorgsansvaret for barnet.

For at barnet sine rettar etter opplæringslova og privatskolelova med forskrifter skal vere sikra på ein god måte, må det gjerast klart kva skolesaker barneverntenesta kan ta avgjerder om på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking. At det er klart kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet, er dessutan ein viktig føresetnad for god samhandling mellom skolen og barneverntenesta.

Etter ei omsorgsovertaking er det den kommunale barneverntenesta som har det faste og heilskaplege ansvaret for den vidare oppveksten og omsorga til barnet. Samtidig har foreldra framleis eit avgrensa foreldreansvar. I vurderinga av kven som skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker, bør ein leggje stor vekt på kven som har dei beste føresetnadene for å sørgje for interessene til barnet i det aktuelle spørsmålet. Særleg gjeld dette for avgjerder som heng nært saman med den faglege og sosiale utviklinga til barnet, og der dei som har omsorga for barnet, har dei beste føresetnadene for å vite kva behov barnet har. Samtidig bør ein ta omsyn til at foreldra framleis bør kunne ta avgjerder i spørsmål som blir rekna som sentrale delar av foreldreretten, ettersom foreldra held fram med å ha eit avgrensa foreldreansvar ved ei omsorgsovertaking.

4.2 Gjeldande rett

Opplæringslova og privatskolelova inneheld ei rekkje rettar som skal sikre at barn og unge får den opplæringa dei har krav på. Fleire av rettane er utforma slik at foreldra må samtykkje, søkje eller på annan måte gjere eit val for at eleven skal få nytta den aktuelle retten. Til dømes krev opplæringslova § 5-4 samtykke frå foreldra til eleven før det blir gjort sakkunnig vurdering, og før det blir gjort vedtak om spesialundervisning.

I ein del tilfelle står det uttrykkjeleg i den aktuelle føresegna at foreldra har rett til å ta avgjerder. I andre tilfelle kan ein slutte seg til dette av innhaldet i føresegna og alderen på barnet i det enkelte tilfellet. Barnelova § 32 slår fast at barn som har fylt 15 år, sjølv avgjer spørsmål om val av utdanning. For enkelte spørsmål er det regulert i opplæringslova at barnet sjølv tek avgjerder frå barnet er 15 år, eller i somme tilfelle frå barnet går på 8. trinnet. Elles må det vurderast i det enkelte tilfellet om eit spørsmål kan avgjerast av barnet eller foreldra til barnet. Barnelova §§ 31 til 33 har føresegner om barnet sin medråderett og sjølvråderett og vil vere retningsgivande for vurderinga av kva spørsmål barnet kan avgjere sjølv.

Forutan samtykke i samband med spesialundervisning er foreldra sine rettar i opplæringslova og privatskolelova knytte til forhold som val av målform og skole, fritak frå undervisning, tiltak som gjeld det fysiske og psykososiale miljøet, opplæring i og på samisk og teiknspråk, opplæring i finsk, bortvising m.m.Det er òg visse oppgåver som er lagde til foreldra i samband med foreldresamarbeid og deltaking i utval.

4.2.1 Barnevernlova

Etter barnevernlova § 4-12 kan fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i nærmare fastsette tilfelle gjere vedtak om at barneverntenesta skal overta omsorga for barnet. Føresegna omfattar ulike former for mishandling og alvorleg omsorgssvikt.

Vidare følgjer det av barnevernlova § 4-8 at fylkesnemnda etter nærmare fastsette vilkår kan gjere vedtak om forbod mot flytting eller vedtak om omsorgsovertaking i tilfelle der barnet alt er plassert utanfor heimen av foreldra sjølve eller med hjelp frå barneverntenesta som eit frivillig hjelpetiltak etter § 4-4 fjerde ledd i lova. Det er eit vilkår for vedtak om omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-8 at det er svært sannsynleg at flytting vil føre til ein situasjon som nemnd i barnevernlova § 4-12.

Etter barnevernlova § 4-6 andre ledd kan leiaren for barneverntenesta og påtalemakta gjere eit mellombels vedtak om å plassere barnet utanfor heimen. Føresegna gjeld når det er fare for at barnet blir vesentleg skadelidande ved å bli verande i heimen.

Etter ei omsorgsovertaking er det den kommunale barneverntenesta som har det faste og heilskaplege ansvaret for den vidare oppveksten og omsorga til barnet, jf. barnevernlova § 4-16. Føresegna pålegg òg barneverntenesta å følgje utviklinga til forelda og å tilby foreldra rettleiing og oppfølging. Vidare går det fram av barnevernlova § 4-18 at fosterheimen eller institusjonen der barnet er plassert, utøver den daglege omsorga på vegner av barneverntenesta.

I tilfelle der barneverntenesta tek over omsorga for eit barn, har foreldra framleis eit avgrensa foreldreansvar for barnet. Det avgrensa foreldreansvaret inneber at foreldra framleis har ein viss råderett over barnet. Etter ei omsorgsovertaking er dermed ansvaret for og råderetten over barnet delte mellom barneverntenesta, som har ansvaret for omsorga som heile, fosterforeldra eller barneverninstitusjonen, som står for den daglege omsorga, og foreldra, som har eit avgrensa foreldreansvar.

Barneverntenesta kan fremje sak om å ta frå foreldra heile foreldreansvaret, jf. barnevernlova § 4-20.

4.2.2 Foreldreomgrepet og det avgrensa foreldreansvaret

Det er ikkje særskilt regulert korleis ein skal forstå foreldreomgrepet i opplæringslova og privatskolelova i dei tilfella der barnevernet har overteke omsorga for barnet. Av forarbeida1 til barnevernlova går det fram at vanleg oppfølging når det gjeld skole, høyrer til den daglege omsorga, mens forhold som gjeld val av skole, utdanning og religiøse spørsmål er ein del av det avgrensa foreldreansvaret.

I Prop. 106 L (2012–2013) blei det lagt til grunn at det er foreldra til barnet som skal samtykkje til sakkunnig vurdering og spesialundervisning også etter omsorgsovertaking. For andre avgjerder i skolesamanheng går det verken fram av barnevernlova, opplæringslova, privatskolelova eller forarbeida til desse om det er barneverntenesta eller foreldra som kan ta avgjerder på vegner av barnet.

4.3 Høyringsframlegget

I høyringsnotatet foreslo departementet å klargjere i opplæringslova og privatskolelova om det er foreldra eller barneverntenesta som kan ta avgjerder i skolesaker på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking.

Departementet foreslo at barneverntenesta skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet i alle skolesaker som er regulerte i opplæringslova og privatskolelova, og som ikkje uttrykkjeleg leggjast til foreldra. Framlegget har for det første til følgje at det er barneverntenesta som skal bestemme og opptre på vegner av barnet i saker som må reknast for vanleg oppfølging av skolegangen til barnet, slik som foreldresamarbeid, rett til informasjon, rett til varsel ved bortvising m.m. Departementet viste dessutan til at framlegget inneber at det er barneverntenesta som skal ta avgjerder på vegner av barnet mellom anna i saker som gjeld

  • spesialundervisning

  • tiltak retta mot det fysiske og psykososiale skolemiljøet

  • val av ein annan offentleg skole enn nærskolen

  • fritak frå delar av opplæringa og tidleg eller utsett skolestart

  • grunnskoleopplæring i og på teiknspråk

  • skyss eller innlosjering

Hovudgrunnen departementet gav for framlegget om at barneverntenesta skal ha avgjerdsretten i dei fleste skolesaker, var at det vil vere det beste for barnet. Høyringsnotatet inneheldt denne grunngivinga:

«For at barn som barnevernet har overtatt omsorgen for, skal få oppfylt sine rettigheter etter opplæringsloven og privatskoleloven, er det av vesentlig betydning at det er den som har best forutsetninger for å ivareta barnets interesser i skolesammenheng, som gis rett til å ta avgjørelser på barnets vegne.
Mange av avgjørelsene som i opplæringsloven og privatskoleloven er lagt til elevens foreldre, er nært knyttet til elevens utvikling, faglig og sosialt. De som ivaretar den daglige omsorgen, vil gjennom leksehjelp, vurdering fra lærer og samvær med barnet ha best forutsetninger for å kjenne til og ivareta barnets behov.»

Vidare foreslo departementet at foreldra skal ha rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når det gjeld val av privat skole, fritak frå heile opplæringsplikta, fritak frå undervisning ut frå religionen eller livssynet til foreldra, krav om opplæring i og på samisk og i finsk og val av målform. Grunngivinga for framlegget var at desse avgjerdene er knytte til forhold som religion, livssyn, kulturell samkjensle og identitet, som ofte er særskilt viktig for foreldra.

Departementet foreslo at ny føresegn i opplæringslova og privatskolelova skal gjelde ved omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-12 og dessutan ved akuttvedtak om plassering utanfor heimen etter barnevernlova § 4-6 andre ledd og ved vedtak om flytteforbod eller omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-8. Departementet viste til at dei same omsyna langt på veg gjer seg gjeldande i desse tilfella, ettersom barnet blir flytta eller blir buande utanfor heimen utan at foreldra samtykkjer til det, og det er andre enn foreldra som står for den daglege omsorga for barnet. I høyringsnotatet viste departementet òg til tilsvarande regulering av samtykke til helsehjelp i pasient- og brukarrettslova kapittel 4.

Framlegget har til følgje at det er barneverntenesta som etter ei omsorgsovertaking skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker i alle tilfelle der avgjerdsretten ikkje eksplisitt leggjast til foreldra. Departementet viste i høyringsnotatet til at fosterforeldra eller institusjonen der barnet bur, utøver den daglege omsorga for barnet etter ei omsorgsovertaking, men at retten til å ta avgjerder på vegner av barnet ligg hos barneverntenesta. Når det gjeld kva høve fosterforeldre og institusjonar skal ha til å ta avgjerder i skolesaker, sa departementet dette:

«Hvilke spørsmål som fosterforeldre eller barneverninstitusjonen i praksis kan ta stilling til, må avklares mellom barneverntjenesten og fosterhjemmet eller barneverninstitusjonen. Det forutsettes at barneverntjenesten orienterer skolen om hvem som utøver den daglige omsorgen for barnet og hvilke avgjørelser fosterforeldrene eller barneverninstitusjonen kan ta på vegne av barneverntjenesten.»

I høyringsnotatet presiserte departementet at framlegget ikkje får konsekvensar for kven som har rettsleg klageinteresse i enkeltvedtak som er treft med heimel i opplæringslova eller privatskolelova. Departementet presiserte vidare at framlegget ikkje får konsekvensar for kva avgjerder barnet sjølv kan ta, eller kva avgjerder barnet skal høyrast i. Framlegget gjeld berre om det er foreldra eller barneverntenesta som har rett til å ta avgjerda der barnet ikkje kan ta ho sjølv.

4.4 Høyringsfråsegner

Det er 48 høyringsinstansar som har uttala seg om framlegget. 34 høyringsinstansar støttar framlegget om å klargjere kven som kan ta avgjerder i skolesaker på vegner av barnet etter omsorgsovertaking. 12 høyringsinstansar har ingen merknader til framlegget, og 2 høyringsinstansar har uttala seg om framlegget, men tek ikkje stilling til om dei er for eller imot. Av dei som støttar framlegget, har 16 høyringsinstansar merknader til delar av framlegget.

Dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget om at barneverntenesta som hovudregel skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker etter ei omsorgsovertaking. Dei fleste støttar òg framlegget om at foreldra framleis skal kunne ta enkelte avgjerder på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking. Oslo kommune meiner at det ikkje er vurdert grundig nok kva slags ansvarssystem som sikrar utdanningsløpet til elevane der avgjerdsretten ligg til foreldra. Randaberg kommune meiner at foreldre ikkje bør ha rett til å ta avgjerder som gjeld barnet og undervisninga når barneverntenesta har teke over omsorga for barnet.

Likestillings- og diskrimineringsombodet stiller seg undrande til at departementet mellom anna grunngir endringsframlegga med at det er tidkrevjande å gi informasjon til dei føresette i tilfelle der barnevernet har overteke omsorga for barna. Ombodet meiner at dette ikkje verkar som ein sakleg grunn til å ta avgjerdsrett frå føresette i saker som gjeld barna deira.

Alle høyringsinstansane som uttalar seg om spesialundervisning, støttar framlegget om at barneverntenesta skal kunne samtykkje til sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Arendal kommune, som støttar framlegget, seier dette:

«Tidligere har man risikert at saksgang har kunnet ta svært lang tid, når man skal få godkjenning av biologiske foreldre til å fremme en søknad. Som for eksempel utredning av behov for spesialundervisning. Dette har kunnet ført til at tiltak settes inn for sent og at vansker blir mer omfattende enn det ellers kunne blitt.»

Det er fire høyringsinstansar som ikkje støttar departementet sitt framlegg om at foreldra til barnet skal kunne samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta, eller meiner framlegget ikkje er godt nok grunngitt. Asker kommune, som ikkje er samd i framlegget, held fram:

«Det er verken hensiktsmessig eller praktisk at foreldrene skal kunne bestemme fritak for skoleplikt når barneverntjenesten har omsorgen for barnet. Det bør utredes/kommenteres nærmere hva dette innebærer i praksis når det ikke er foreldrene som skal undervise dem.»

KS og Fylkesmannen i Rogaland peikar på at departementet ikkje har grunngitt godt nok kvifor det skil mellom fritak frå heile og delar av opplæringsplikta når det gjeld kven som kan samtykkje på vegner av barnet. Fylkesmannen i Rogaland skriv:

«Vi meiner det ikkje er grunn til å skilje mellom heilt eller delvis fritak her. Terskelen for å gi fritak vil i alle tilfelle vere høg og skal vere basert på at det vil vere urimeleg overfor barnet å gjennomføre opplæringsplikta. Vi meiner at foreldra ikkje er nærmast til å kjenne barnet sine behov i desse tilfella. Det er i tillegg krav om sakkunnig vurdering der fritak blir tilrådd.»

Dei fleste høyringsinstansane støttar departementet sitt framlegg om at det er barneverntenesta som skal kunne krevje tiltak som gjeld det fysiske eller psykososiale miljøet. Telemark fylkeskommune meiner at også foreldra bør ha rett til å be om tiltak:

«Barn som barneverntjenesten har overtatt omsorgen for er ofte særlig sårbare for et utfordrende psykososialt miljø. Sjøl etter at barnevernstjenesten har overtatt omsorgen kan barna fortsatt ha verdifull kontakt med én eller begge foreldrene. Disse vil i en del tilfeller være bedre i stand til å fange opp signaler fra barna om mobbing eller andre utslag av et krevende skolemiljø enn en barnevernsinstitusjon eller et fosterhjem.»

Dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget om at foreldra skal kunne velje skoletype (privat eller offentleg) også etter ei omsorgsovertaking. Landsforeningen for barnevernsbarn held fram at val av privat skole ikkje bør få urimelege konsekvensar for barnet. Foreldreutvalet for grunnopplæringa seier at både råderetten til foreldra og kommuneøkonomien kan bli meir avgjerande enn det beste for barnet ved val av privat skole. Steinerskoleforbundet og Steinerhøyskolen meiner at barn som går på ein privatskole ved omsorgsovertaking, bør få halde fram på denne skolen. Dei grunngir synspunktet med at stabilitet er viktig.

Språkrådet peikar på at når barneverntenesta har høve til å søkje barnet inn på ein annan offentleg skole enn den skolen barnet soknar til, er det viktig at barneverntenesta ser skolevalet i samanheng med kva målform foreldra har valt. Dei viser i denne samanhengen til at det er kommunane som etter lokal folkerøysting vel kva målform som skal vere hovudmålet ved dei enkelte skolane, og at det ikkje er utenkjeleg at eit barn etter ei omsorgsovertaking blir flytta til ein skole som har eit anna hovudmål.

Alle høyringsinstansane som uttalar seg om fritak frå delar av undervisninga ut frå religionen eller livssynet til foreldra, støttar framlegget om at det er foreldra som skal kunne krevje slikt fritak også etter ei omsorgsovertaking. Departementet foreslo òg at skolen si plikt til å informere om reglane for fritak og innhaldet i opplæring skal reknast for å vere oppfylt når barneverntenesta er informert. Til dette seier KS:

«KS ser at dette kan være en hensiktsmessig saksgang, men det krever at pliktene til hhv skole og barnevern tydeliggjøres og at det må vurderes hvilke dokumentasjonskrav som følger av en slik saksgang.»

Av høyringsinstansane som uttalar seg om val av målform, er alle utanom Fylkesmannen i Rogaland samd i framlegget om at foreldra skal kunne velje målform for barnet også etter ei omsorgsovertaking. Fylkesmannen i Rogaland gir uttrykk for at dette bør avgjerast av den som er nærmast til å vurdere kva som er best for barnet, og viser til at valet av målform kan få følgjer for om barnet føler samkjensle med andre elevar i klassen.

Av høyringsinstansane som uttalar seg om rett til å krevje opplæring i og på samisk og i finsk, støttar alle framlegget frå departementet om at foreldra skal ha rett til å krevje dette også etter ei omsorgsovertaking. Språkrådet, som er samd i departementet sitt framlegg på dette punktet, meiner at det bør komme tydelegare fram kva rettar og høve barn som har rett til opplæring i og på samisk og i finsk, har til å lære språket etter ei omsorgsovertaking dersom foreldra ikkje krev eller har kravd slik opplæring tidlegare.

Språkrådet er skeptisk til å la barneverntenesta få rett til å ta avgjerder om teiknspråkopplæring på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking, og seier dette:

«Vi kan ikke regne med at den lokale barneverntjenesten har den nødvendige kompetansen om tegnspråk til å foreta en slik avgjørelse, og det bør legges opp til ei ordning som er slik at det ved uenighet mellom foreldre og barneverntjeneste skal hentes inn en faglig og sakkyndig vurdering fra tegnspråkfaglig hold.»

Dei andre høyringsinstansane støttar eller har ingen særskilde merknader til framlegget om at barneverntenesta får avgjerdsrett i saker om teiknspråkopplæring. Institutt for lærarutdanning og pedagogikk seier at dei frå ein spesialpedagogisk ståstad vil seie seg samd i framlegget om at barneverntenesta får rett til å ta avgjerder på vegner av barnet i saker om grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. KS held fram dette:

«KS ser dilemmaet i om spørsmålet skal vurderes som vesentlig eller ikke, men velger å støtte departementets forslag om at barnevernet får avgjørelsesmyndigheten i saker om tegnspråkopplæring (oppll. § 2-6). KS støtter departementets forutsetning om at barneverntjenesten ivaretar foreldrenes ønske med hensyn til tegnspråkopplæring dersom dette lar seg forene med å sikre barnet en forsvarlig opplæring.»

Landsforeningen for barnevernsbarn ser det som ønskjeleg at retten til å klage er noko tydelegare formulert. Dei viser til at det er heilt vesentleg at dei partane det gjeld, får informasjon om retten til å klage og korleis dette skal gjerast.

Nittedal kommune, KS, Fylkesmannen i Rogaland og Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring har merknader til avgjerder som ikkje er omtala i høyringa. Dei saknar ei vurdering og ein omtale av kven som har avgjerdsretten når det gjeld mellom anna fritak frå vurdering, særskild språkopplæring og punktskriftopplæring, og kven som har avgjerdsretten når det gjeld varsel om bortvising, deltaking i utval m.m. Landsforeningen for barnevernsbarn held fram at den som ikkje har samtykkerett, bør ha informasjonsrett når det gjeld mellom anna val av målform og rett til opplæring i og på samisk og i finsk.

KS understrekar føresetnaden frå departementet om at barneverntenesta må orientere skolen om kven som utøver den daglege omsorga for barnet, og kva avgjerder fosterforeldre eller barneverninstitusjon kan ta på vegner av barneverntenesta. Fylkesmannen i Rogaland, Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Landsforeningen for barnevernsbarn held fram kor viktig det er å gjere tydeleg kva avgjerder fosterforeldra eller barneverninstitusjonen kan ta på vegner av eit barn som barneverntenesta har overteke omsorga for. Landsforeningen for barnevernsbarn viser mellom anna til at det er fosterforeldra eller institusjonen som har den faktiske daglege omsorga, og at dei som oftast kjenner barnet vesentleg betre enn saksbehandlaren i barnevernstenesta.

Redd Barna og UNICEF Noreg understrekar kor viktig det er at barnevernet sikrar barnet sin rett til å seie meininga si i saker som gjeld skolen. UNICEF Noreg oppmodar departementet til å ta inn ei forplikting for barneverntenesta i forarbeida, mens Redd Barna ber om at det kjem ei eiga føresegn om at barnet har rett til å medverke og til å bli høyrt i skolesaker når barneverntenesta har teke over omsorga for barnet.

Oslo kommune støttar framlegget om at den nye lovføresegna også skal gjelde barn som får vedtak om mellombels plassering utanfor heimen etter barnevernlova § 4-6 andre ledd, og ved vedtak om flytteforbod og omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-8. KS ber departementet om at ordlyden i framlegget til ny § 15-6 i opplæringslova blir i samsvar med dei paragrafane i barnevernlova som gir heimel for omsorgsovertaking, og dei paragrafane som berre er plasseringsparagrafar.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar, etterlyser KS ei drøfting av moglege rapporterings- og dokumentasjonskrav som kan følgje av lovframlegga.

4.5 Departementet sine vurderingar

4.5.1 Generelt

For at eit barn som barnevernet har overteke omsorga for, skal få oppfylt rettane sine etter opplæringslova og privatskolelova, er det svært viktig at det er avklara kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i saker der rettane er utforma slik at foreldra må samtykkje, søkje eller på annan måte gjere eit val for at barnet skal få nytta den aktuelle retten.

Verken barnevernlova, opplæringslova eller privatskolelova regulerer direkte om det er barneverntenesta eller foreldra som i skolesamanheng skal ta avgjerder på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking. Høyringsinstansane som uttalar seg om framlegget, er positive til at dette blir regulert i opplæringslova og privatskolelova.

Dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget om at barneverntenesta skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet i dei fleste skolesaker når barneverntenesta har overteke omsorga for barnet. Dei fleste høyringsinstansane støttar òg framlegget om at foreldra framleis skal kunne ta enkelte avgjerder i skolesaker på vegner av barnet. Randaberg kommune meiner at foreldre ikkje bør ha rett til å ta avgjerder som gjeld barnet og undervisninga når barneverntenesta har teke over omsorga for barnet.

Departementet meiner det er svært viktig at den som får rett til å ta avgjerder på vegner av barnet, er den som har dei beste føresetnadene for å sørgje for interessene til barnet i skolesamanheng. Særleg gjeld dette for avgjerder som heng nært saman med den faglege og sosiale utviklinga til eleven, og der dei som står for den daglege omsorga gjennom leksehjelp, vurdering frå lærar og samvære med barnet, vil ha dei beste føresetnadene for å vite kva behov barnet har, og for å sikre desse behova. Samtidig vil departementet peike på at foreldre som har mista omsorga for eit barn, framleis har eit avgrensa foreldreansvar, og at foreldra derfor bør kunne ta enkelte typar avgjerder på vegner av barnet også etter ei omsorgsovertaking. Departementet viser i denne samanhengen til at barneverntenesta kan fremje sak om å ta frå foreldra heile foreldreansvaret, jf. barnevernlova § 4-20. Av forarbeida til barnevernlova går det fram at forhold som val av skole, utdanning og religiøse spørsmål er ein del av det avgrensa foreldreansvaret som foreldra beheld etter ei omsorgsovertaking.

Likestillings- og diskrimineringsombodet stiller seg undrande til at departementet mellom anna grunngir endringsframlegga med at det er tidkrevjande å gi informasjon til dei føresette i tilfelle der barnevernet har overteke omsorga for eit barn. Departementet vil understreke at tidsaspektet kan ha innverknad på barnet si moglegheit til å få oppfylt rettane sine etter opplæringslova og privatskolelova. Dersom ein skole må bruke lang tid på å hente inn samtykke til for eksempel spesialundervisning, kan dette føre til forseinkingar og i verste fall medføre at eleven ikkje får oppfylt rettane sine.

4.5.2 Rett for barnet til å ta avgjerder og til å bli høyrt

Redd Barna og UNICEF Noreg understrekar kor viktig det er at barnevernet sikrar barnet sin rett til å seie meininga si i saker som gjeld skolen.

Retten til å seie meininga si og til å bli høyrt er ein grunnleggjande rett barn har etter barnekonvensjonen artikkel 12. Retten barn har til å vere med på avgjerder, er òg nærmare regulert i barnelova § 31. Departementet vil understreke at framlegget ikkje får konsekvensar for kva avgjerder barnet sjølv kan ta, eller for barnet sin rett til å bli høyrt. Departementet føreset at både foreldra og barneverntenesta sørgjer for at barnet blir høyrt i saker der dei kan ta avgjerder på vegner av barnet. Departementet vil i denne samanhengen vise til at barn og unge som barnevernet har omsorga for, har rett til nødvendig og tilpassa informasjon og skal få høve til å medverke, jf. barnevernlova § 4-1 andre ledd.

4.5.3 Klagerett

Landsforeningen for barnevernsbarn ser det som ønskjeleg at retten til å klage er noko tydelegare formulert. Departementet vil understreke at det må avgjerast i det enkelte tilfellet kven som har rett til å klage, basert på reglane om klagerett og rettsleg klageinteresse i forvaltningslova. Den eller dei som kan ta avgjerder på vegner av barnet i ein type spørsmål, vil òg kunne klage på vegner av barnet dersom det blir gjort enkeltvedtak i saka. Departementet vil understreke at også andre enn partane og den som opptrer på vegner av parten, kan ha rettsleg klageinteresse i det enkelte tilfellet. Det kan derfor hende at foreldra kan ha rettsleg klageinteresse i ei sak der avgjerdsretten ligg til barneverntenesta.

4.5.4 Omsorgsovertaking, flytteforbod og akuttplassering

I høyringsnotatet foreslo departementet at føresegnene om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet, skal gjelde ved omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-12, ved akuttvedtak om plassering utanfor heimen etter barnevernlova § 4-6 andre ledd og ved vedtak om flytteforbod eller omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-8. Oslo kommune har sagt at dei støttar dette framlegget. Ingen andre høyringsinstansar har uttala seg om kva tilfelle føresegnene bør gjelde for.

Slik departementet ser det, vil omsyna som gjer seg gjeldande ved vedtak etter barnevernlova § 4-12, langt på veg også vere til stades ved mellombelse vedtak om å plassere barn utanfor heimen etter barnevernlova § 4-6 andre ledd og ved vedtak om forbod mot flytting og omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-8. Akkurat som § 4-12, har § 4-6 andre ledd og § 4-8 til følgje at barnet blir flytta eller blir buande utanfor heimen utan at foreldra samtykkjer til det, og at det er andre enn foreldra som står for den daglege omsorga på vegner av barneverntenesta. Departementet viser i denne samanhengen òg til tilsvarande regulering av samtykke til helsehjelp i pasient- og brukarrettslova kapittel 4.

Departementet vil understreke at vedtak om omsorgsovertaking, flytteforbod og akuttplassering er vedtak som blir gjorde utan samtykke frå foreldra. Framlegget om å klargjere kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker, gjeld ikkje i tilfelle der barnet blir plassert i fosterheim eller institusjon med samtykke frå foreldra. I slike tilfelle er det opp til foreldra og barneverntenesta å avklare kven som skal ta ulike avgjerder på vegner av barnet, og foreldra gir ikkje frå seg meir avgjerdsrett enn dei sjølve ønskjer.

Terskelen for at det skal kunne gjerast vedtak om omsorgsovertaking, flytteforbod og akuttplassering, er svært høg. Slike tvangstiltak skal berre nyttast dersom det er til beste for barnet, og dersom mindre inngripande tiltak ikkje strekk til. Når det gjeld mellombels akuttvedtak etter § 4-6 andre ledd, er hovudvilkåret at det er fare for at barnet blir «vesentlig skadelidende ved å forbli i hjemmet». Det er med andre ord snakk om ein akutt skaderisiko som ikkje kan hindrast ved mindre inngripande tiltak. Ved mellombels akuttvedtak vil barnet vere i ein situasjon der det er nødvendig at nokon tek avgjerder for barnet fram til fylkesnemnda og domstolane avklarar den vidare omsorgssituasjonen. Departementet viser elles til at det er mogleg å klage på akuttvedtak til fylkesnemnda, og at barneverntenesta må fremje hovudsak innan det har gått seks veker, elles fell vedtaket bort.

Departementet held fast på at framlegget til nye føresegner om avgjerdsretten til barneverntenesta skal gjelde ved omsorgsovertaking, flytteforbod og akuttplassering. I vurderingane nedanfor brukast omgrepet «omsorgsovertaking» som ei samlenemning for alle tilfella som er nemnde over.

4.5.5 Rett for barneverntenesta til å ta avgjerder på vegner av barnet

I høyringsnotatet foreslo departementet at det ved omsorgsovertaking er barneverntenesta som skal ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker i dei tilfella der avgjerdsretten ikkje eksplisitt er lagd til foreldra (omtala i kapittel 4.5.6).

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for vurderinga av dei avgjerdene der det kan vere omsyn som trekkjer i ulike retningar. Enkelte avgjerder og rettar som etter opplæringslova og privatskolelova ligg til eleven sine foreldre, høyrer naturleg inn under omsorgsansvaret og var derfor ikkje særskilt omtala i høyringsnotatet. Departementet vil understreke at framlegget har til følgje at det er barneverntenesta som kan ta avgjerder i alle saker der avgjerdsretten ikkje eksplisitt leggjast til barnet sine foreldre, også i saker som ikkje er omtala i høyringsnotatet. Det vil òg vere barneverntenesta som kan bestemme og opptre på vegner av barnet i saker som må reknast som vanleg oppfølging av skolegangen, slik som foreldresamarbeid, deltaking i utval m.m.

Etter barnevernlova § 4-16 har barneverntenesta eit ansvar for å rettleie og følgje opp foreldra etter ei omsorgsovertaking. Foreldra vil dermed vere involverte i barnet sin situasjon også i saker der avgjerdsretten ligg til barneverntenesta. Departementet føreset at barneverntenesta tek omsyn til kva foreldra meiner i avgjerder som barneverntenesta kan ta på vegner av barnet i skolesamanheng. Kva foreldra meiner, vil særleg vege tungt i tilfelle der det blir rekna som sannsynleg at barnet skal førast tilbake til foreldra innan kort tid.

Opplæringslova og privatskolelova med forskrifter pålegg skolane ei plikt til å gi enkelte opplysningar uoppmoda til barnet sine foreldre. I tilfelle der barneverntenesta har teke over omsorga for barnet, inneber framlegget frå departementet at skolen vil ha oppfylt denne informasjonsplikta dersom barneverntenesta er informert, med mindre det dreier seg om informasjon i samband med ei avgjerd som eksplisitt er lagd til foreldra. Foreldra og barneverntenesta kan òg ha rett til innsyn i opplysningar om barnet sjølv om skolen ikkje har noka plikt til å gi informasjonen uoppmoda. Retten til innsyn i opplysningar i tilfelle der skolen ikkje har plikt til å gi slik informasjon uoppmoda, vil vere avhengig av alderen på barnet, teieplikt m.m. som er regulert i andre lover enn opplæringslova og privatskolelova.

4.5.5.1 Sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp (oppll. kap. 5)

Departementet foreslo i høyringsnotatet at barneverntenesta skal kunne samtykkje til sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Retten til spesialundervisning er ein sentral individuell rett som skal bidra til at alle elevar skal få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, uansett kva føresetnader dei har. Det er derfor svært viktig at retten til å samtykkje ligg hos den som har dei beste føresetnadene til å vurdere kva barnet treng. I nokre tilfelle kan det vere vanskeleg og tidkrevjande for ein skole å hente inn samtykke frå foreldra til barnet, noko som kan forseinke særskilde tiltak som barnet har behov for, og i verste fall medføre at slike tiltak ikkje blir sette i verk. Dersom tiltak for særskild tilrettelegging kjem for seint i gang, kan eventuelle læringsutfordringar bli meir omfattande enn dersom tiltak kjem i gang tidleg.

For elevar som får spesialundervisning, kan både undervisningsmetoden og målet for opplæringa avvike frå den ordinære opplæringa. Spørsmål om rett til spesialundervisning er noko dei fleste foreldre opplever som vesentleg. På den andre sida heng spørsmål om spesialundervisning nært saman med den daglege oppfølginga av eleven. Fosterforeldre eller barneverninstitusjon vil gjennom dialog med lærar, tilbakemelding på prøvar, leksehjelp og samhandling med barnet få eit godt grunnlag til å vurdere om barnet får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om barnet har behov for særskilde tiltak. Foreldre som ikkje har den daglege omsorga for barnet, vil i utgangspunktet ikkje ha same grunnlaget for å vurdere kva barnet treng.

Alle høyringsinstansane som har uttala seg om dette spørsmålet, støttar framlegget frå departementet. Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet om at det er barneverntenesta som skal kunne samtykkje til sakkunnig vurdering, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking.

4.5.5.2 Tiltak som gjeld det psykososiale og fysiske miljøet (oppll. kap. 9a)

Dei fleste høyringsinstansane støttar òg framlegget om at det er barneverntenesta som skal kunne krevje tiltak som gjeld det psykososiale og fysiske miljøet. Fylkeskommunen i Telemark meiner at både barneverntenesta og foreldra skal ha rett til å be om slike tiltak, og grunngir dette med at foreldra kan ha viktig informasjon om det barnet opplever på skolen.

Retten til å be om tiltak inneber at skolen snarast mogleg må behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Departementet ser at det kan vere tilfelle der foreldra har informasjon om korleis barnet har det som vil vere nyttig for skolen i vurderinga av om det skal setjast i verk tiltak. Departementet kan likevel ikkje sjå at det er nødvendig at foreldra, i tillegg til barneverntenesta, skal ha rett til å be om tiltak som gjeld skolemiljøet. Foreldra kan uansett informere både barneverntenesta og skolen, og skolen vil alltid ha eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om det skal setjast i verk tiltak. Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet om at det er barneverntenesta som skal ha rett til å krevje tiltak som gjeld det fysiske og psykososiale miljøet.

4.5.5.3 Val av ein annan offentleg skole enn nærskolen (oppll. § 8-1)

Departementet foreslo i høyringsnotatet at det er barneverntenesta som skal kunne søkje eleven inn på ein annan offentleg grunnskole enn nærskolen. Retten til å søkje barnet inn på ein annan offentleg grunnskole enn den skolen barnet soknar til, handlar ofte om praktiske forhold, det psykososiale miljøet eller eventuelle særskilde behov. Slik departementet vurderer det, er det dei som har omsorga for barnet, som står nærmast til å vurdere både praktiske forhold og kva barnet treng når det gjeld særskild tilrettelegging og psykososialt miljø.

Det er berre Språkrådet som har merknader til denne delen av framlegget. Språkrådet peikar på at det er viktig å sjå skolevalet i samanheng med kva målform foreldra har valt. Departementet ser at det kan bli avgjerande for målforma kva offentleg skole barnet går på, sidan det er kommunen som vel hovudmål for den enkelte skolen. Slik departementet vurderer det, medfører det likevel liten risiko å gi barneverntenesta rett til å søkje barnet inn på ein annan offentleg skole enn nærskolen. Ved val av plasseringsstad for barnet skal det mellom anna takast omsyn til kva språkleg bakgrunn barnet har, jf. barnevernlova § 4-15. For det andre har elevane rett til å høyre til i ei eiga elevgruppe når foreldra til minst ti elevar på same årstrinnet (1.–7.) i ein kommune ønskjer opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke. Departementet føreset dessutan at barneverntenesta ved søknad om annan offentleg skole vil ta omsyn til kva målform foreldra har valt dersom dette samsvarer med omsynet til kva som totalt sett er best for barnet.

Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet om at det er barneverntenesta som skal kunne søkje eleven inn på ein annan skole enn nærskolen.

4.5.5.4 Rett til teiknspråkopplæring i grunnskolen (oppll. § 2-6)

Språkrådet er skeptisk til framlegget om at barneverntenesta skal kunne velje om barnet skal nytte retten til teiknspråkopplæring. Dei foreslår at det blir henta inn ei sakkunnig teiknspråkfagleg vurdering ved usemje mellom barneverntenesta og foreldra til barnet. Dei andre høyringsinstansane som uttalar seg om denne delen av høyringa, støttar framlegget frå departementet.

Teiknspråk er eit fullverdig språk på linje med norsk og samisk, og retten til opplæring i og på teiknspråk kan samanliknast med retten til opplæring i og på samisk etter opplæringslova § 6-2. Språk er viktig for identitet og kulturell samkjensle, og valet av om barnet skal ha grunnskoleopplæring i og på teiknspråk, kan vere svært viktig for foreldra. Samtidig heng dette valet nært saman med kva behov og føresetnader barnet har, og med barnet sitt høve til å få eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Slik departementet vurderer det, vil dei som har omsorga for barnet, ha betre føresetnader enn foreldre utan omsorgsansvar, til å vurdere kva behov og føresetnader barnet har.

Departementet vurderer det slik at omsynet til at barnet skal få ei forsvarleg opplæring, må vege tyngre enn råderetten til foreldra. Departementet held derfor fast på framlegget i høyringsnotatet om at barneverntenesta skal ha rett til å ta avgjerder om teiknspråkopplæring på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking. Departementet føreset at barneverntenesta hentar inn nødvendig kompetanse om teiknspråkopplæring ved behov, og at barneverntenesta legg vekt på kva foreldra meiner om teiknspråkopplæring dersom dette samsvarer med å sikre barnet ei forsvarleg opplæring. Departementet viser elles til at det ved val av plasseringsstad for barnet mellom anna skal takast omsyn til kva språkleg bakgrunn barnet har, jf. barnevernlova § 4-15.

4.5.5.5 Særskild språkopplæring, punktskrift og ASK (oppll. §§ 2-8, 2-14 og 2-16)

Enkelte høyringsinstansar har sagt at dei saknar ei vurdering av kven som kan krevje særskild språkopplæring, punktskrift og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) på vegner av barn som barneverntenesta har teke over omsorga for. Departementet vil understreke at framlegget har til følgje at det er barneverntenesta som etter ei omsorgsovertaking kan ta avgjerder i alle saker som ikkje eksplisitt er lagde til foreldra. Framlegget har derfor òg til følgje at det er barneverntenesta som kan ta avgjerder om særskild språkopplæring, punktskrift og ASK på vegner av barnet.

Retten til særskild språkopplæring, punktskrift og ASK er sentral for at elevar med behov for slik opplæring skal kunne få eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Slik departementet vurderer det, vil den som har omsorga for barnet, vere den nærmaste til å vurdere om barnet treng særskild språkopplæring, punktskrift og ASK. Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet om at avgjerder om språkopplæring, punktskrift og ASK skal liggje til barneverntenesta etter omsorgsovertaking.

4.5.5.6 Skyss eller innlosjering (oppll. § 7-1)

Det er ingen høyringsinstansar som har konkrete merknader til framlegget om at det skal liggje til barneverntenesta å velje skyss eller innlosjering ved omsorgsovertaking etter barnevernlova. Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet.

4.5.5.7 Fosterforeldre og barneverninstitusjon

Enkelte høyringsinstansar har sagt at det bør gjerast tydeleg kva avgjerder fosterforeldre og barneverninstitusjon kan ta på vegner av barn som barneverntenesta har overteke omsorga for.

Departementet vil understreke at det etter ei omsorgsovertaking er den kommunale barneverntenesta som har omsorgsansvaret for barnet, og som dermed har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet, jf. barnevernlova § 4-16. Fosterheimen eller institusjonen der barnet er plassert, står for den daglege omsorga på vegner av barneverntenesta, jf. barnevernlova § 4-18. Kva spørsmål fosterforeldra eller barneverninstitusjonen i praksis kan ta stilling til, må avklarast mellom barneverntenesta og fosterheimen eller barneverninstitusjonen. Avgjerda om å overlate skolespørsmål til fosterforeldra eller institusjonen må takast med utgangspunkt i forholda i den enkelte saka og det ein må rekne med er til beste for det enkelte barnet. Det vil uansett vere barneverntenesta som har det faste og heilskaplege ansvaret for barnet og dermed òg ansvar for å følgje opp og føre kontroll med barnet sin situasjon.

Departementet ser at skolane treng å få avklara kva avgjerder fosterforeldre og barneverninstitusjon i praksis kan ta på vegner av barnet. Departementet føreset at barneverntenesta orienterer skolen om kven som utøver den daglege omsorga for barnet, og kva avgjerder fosterforeldra eller barneverninstitusjonen kan ta på vegner av barneverntenesta.

4.5.6 Rett for foreldra til å ta avgjerder på vegner av barnet

Departementet foreslo i høyringsnotatet at foreldra skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet når det gjeld val av privat skole, fritak frå heile opplæringsplikta, fritak frå undervisning ut frå religionen eller livssynet til foreldra, krav om opplæring i og på samisk og i finsk og val av målform.

4.5.6.1 Val av privat skole (oppll. § 2-1)

Dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget om at foreldra skal kunne velje privat skole for barnet sitt også etter ei omsorgsovertaking. Landsforeningen for barnevernsbarn peikar på at det å velje privatskole ikkje bør få urimelege konsekvensar for barnet, og Steinerskoleforbundet og Steinerhøyskolen meiner at barn som går på ein privatskole ved omsorgsovertaking, bør få halde fram med å gå på denne skolen.

Når foreldre vel privat grunnskole, kan det henge nært saman med den religiøse eller filosofiske overtydinga deira. Det er ein grunnleggjande foreldrerett2 å kunne gjere dette valet, og slik departementet vurderer det, bør denne retten liggje hos foreldra også etter ei omsorgsovertaking. Departementet presiserer at det er typen skole foreldra bør kunne velje, og ikkje den konkrete skolen. Foreldra bør for det første kunne velje at barnet skal gå på privat skole framfor offentleg skole. I tillegg bør foreldra kunne velje mellom private skolar ut frå det grunnlaget skolane er godkjende etter, til dømes religiøst eller anerkjend pedagogisk retning. Departementet vil òg understreke at det kan vere ulike typar skolar innanfor eit godkjenningsgrunnlag, til dømes ulike religiøse retningar.

Når foreldra skal kunne velje kva type skole barnet skal gå på, vil dei skoletypane som finst i nærområdet der barnet bur, danne ei naturleg ramme for valfridommen deira. Slik departementet vurderer det, bør ikkje foreldra kunne velje ein type privat skole som ligg langt borte frå heimen der barnet bur, sidan dette vil kunne vere uheldig for barnet og gi urimelege praktiske konsekvensar for barneverntenesta eller dei som har den daglege omsorga for barnet.

Departementet vurderer det slik at det er liten risiko for at foreldra sitt val av skoletype vil få negative konsekvensar for barnet. Alle grunnskolar i Noreg må vere godkjende etter enten privatskolelova eller opplæringslova, og det er eit krav at opplæringstilbodet i private skolar skal vere jamgodt med tilbodet i offentleg skole. Departementet vil òg peike på at barneverntenesta kan fremje sak om å ta frå foreldra heile foreldreansvaret, jf. barnevernlova § 4-20.

Ved val av privatskole vil det vere visse ekstrautgifter til skolegang og eventuelt òg til skyss dersom den private skolen ligg i ein annan kommune enn den kommunen eleven er busett i. Slik departementet vurderer det, bør foreldre som etter ei omsorgsovertaking vel privat skole for barnet sitt, på lik linje med andre foreldre vere økonomisk ansvarlege for eventuelle utgifter til skolegang og skyss som følgje av dette valet. At foreldra er villige til å betale eventuelle ekstrautgifter vil dermed vere ein føretsetnad for at foreldra skal kunne velje skoletype.

4.5.6.2 Fritak frå undervisning ut frå religionen og livssynet til foreldra (oppll. § 2-3a og prskol. § 3-12)

Departementet foreslo i høyringsnotatet at det er foreldra til barnet som skal kunne krevje fritak frå undervisninga ut frå eigen religion og eige livssyn også etter ei omsorgsovertaking. I høyringsframlegget er det presisert at skolen si plikt til å informere om reglane for fritak og innhaldet i opplæring likevel skal reknast for å vere oppfylt når barneverntenesta er informert.

Dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget. Når det gjeld informasjonsplikta for skolen, meiner KS at framlegget krev at det blir gjort tydeleg kva plikter høvesvis skolen og barnevernet har, og at det må vurderast kva dokumentasjonskrav som følgjer av ein slik saksgang.

Barneverntenesta har etter barnevernlova § 4-16 eit ansvar for å følgje opp foreldra etter ei omsorgsovertaking. Departementet føreset at barneverntenesta informerer foreldra om reglane for fritak og innhaldet i opplæring og gjer sitt til at foreldra får reelt høve til å krevje fritak dersom dei opplever delar av undervisninga som barnet skal få, som krenkjande eller støytande ut frå eigen religion eller eige livssyn. Departementet finn ikkje at det er grunnlag for ei særskild regulering av dette.

Departementet held fast på framlegget i høyringsnotatet om fritak frå undervisning ut frå religion og livssyn.

4.5.6.3 Val av målform (oppll. § 2-5)

Departementet foreslo i høyringsnotatet at foreldra skal kunne velje målform også etter ei omsorgsovertaking. Dei fleste høyringsinstansane støttar framlegget. Fylkesmannen i Rogaland meiner at det avgjerande må vere kva som er best for barnet, og viser til at valet av målform kan få følgjer for om barnet føler samkjensle med andre elevar i klassen.

Kva målform barnet får opplæringa si på, vil verke inn på kva målform barnet kjem til å føretrekkje. Val av målform handlar om kulturell samkjensle og identitet, noko som kan reknast for å vere vesentleg for foreldra. Dersom foreldra ikkje krev ei anna målform, er konsekvensen at barnet får opplæring på den målforma som skolen har vedteke. Departementet ser at omsynet til samkjensle med dei andre elevane kan vere relevant i samband med val av målform, men slik departementet vurderer det, er det liten risiko for at det vil få uheldige konsekvensar for barnet å la foreldra avgjere målforma også etter ei omsorgsovertaking. Departementet held fast på framlegget om at foreldra skal ha rett til å avgjere målforma også etter ei omsorgsovertaking.

4.5.6.4 Opplæring i og på samisk og i finsk (oppll. §§ 2-7 og 6-2)

Språket er viktig for identiteten og den kulturelle samkjensla til barnet, og spørsmål om opplæring i og på samisk og i finsk kan vere svært viktige for foreldra. Slik departementet vurderer det, bør foreldra framleis ha rett til å krevje opplæring i og på samisk og i finsk etter ei omsorgsovertaking. Høyringsinstansane som uttalar seg om dette, støttar framlegget frå departementet.

Språkrådet støttar framlegget om at foreldra skal ha rett til å krevje opplæring i og på samisk og i finsk også etter ei omsorgsovertaking, men meiner det bør komme tydelegare fram kva rettar og høve barn har til slik opplæring etter ei omsorgsovertaking. Språkrådet viser i denne samanhengen til opplæringslova § 2-5 femte ledd, som gir rett til opplæring på det opphavlege hovudmålet for barn som blir flytta til ein skole med eit anna opplæringsmål. Dei viser òg til at tilsvarande rettar manglar i lovverket for barn som har rett til opplæring i og på samisk og i finsk. Til dette vil departementet kommentere at lovframlegget berre gjeld kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet, ikkje vilkåra for og innhaldet i rettane etter opplæringslova. Departementet ser at det kan oppstå situasjonar der flytting av ein elev i samband med ei omsorgsovertaking kan få følgjer for rettane til eleven, til dømes dersom ein elev blir flytta ut frå eit samisk distrikt. Framlegg om å utvide retten til opplæring i og på samisk og i finsk har ikkje vore på høyring, og departementet vil derfor ikkje foreslå at barn som barnevernet har omsorga for, skal ha rett til opplæring i og på samisk og i finsk på andre vilkår enn andre barn.

Departementet viser elles til at det ved val av plasseringsstad for barnet mellom anna skal takast omsyn til kva språkleg bakgrunn barnet har, jf. barnevernlova § 4-15. Departementet legg derfor til grunn at eit barn ikkje vil bli flytta bort frå eit område som gir rett til opplæring i og på samisk og i finsk, med mindre dette totalt sett er det beste for barnet.

4.5.6.5 Fritak frå heile opplæringsplikta (oppll. § 2-1)

Departementet foreslo i høyringsnotatet at foreldra skal ha rett til å samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta, mens barneverntenesta skal kunne samtykkje til delvis fritak. Det er fire høyringsinstansar som ikkje støttar dette framlegget. Mange høyringsinstansar støttar framlegget som heile, men uttalar seg ikkje særskilt om samtykke til fritak frå opplæringsplikta.

Ein elev kan få fritak frå heile eller delar av opplæringa dersom omsynet til eleven tilseier det. Det er likevel berre i heilt spesielle unntakstilfelle at omsynet til eleven kan gi grunn til fritak. Føresegna kan til dømes nyttast til å gi fritak frå heile eller delar av opplæringsplikta for elevar med alvorlege funksjonshemmingar eller til å gi delvis fritak ved å la elevar som presterer høgt, hoppe over eit årstrinn. Det er kommunen som etter opplæringslova kan ta avgjerder om fritak frå opplæringsplikta. Det er eit krav at det ligg føre ei sakkunnig vurdering, og at foreldra samtykkjer skriftleg til at eleven får fritak. Fritak frå heile opplæringa, altså at eleven ikkje må gjennomføre grunnskoleopplæring, blir svært sjeldan nytta.

Samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta må ein sjå i samanheng med val av skole og utdanning. Dette er spørsmål som er rekna for å liggje i det avgrensa foreldreansvaret som foreldre framleis har etter ei omsorgsovertaking. Departementet ser likevel at spørsmål om fritak òg heng nært saman med kva behov og føresetnader eleven har. Dette er det den som har omsorga for barnet, som står nærmast til å vurdere.

Slik departementet vurderer det, vil det vere liten risiko for at det får uheldige konsekvensar for barnet at kommunen må hente inn samtykke frå foreldra før kommunen gir fritak frå heile opplæringsplikta. Det vil vanlegvis ikkje vere slik som til dømes for spesialundervisning, at det er særskilt viktig med ei rask avgjerd.

Det vil òg vere liten risiko for at barnet får fritak i tilfelle der barnet bør få opplæring. Kommunen kan berre gi fritak frå opplæringsplikta dersom det ligg føre ei sakkunnig vurdering, og dersom omsynet til barnet tilseier at barnet skal få eit slikt fritak. Departementet vil òg peike på at barneverntenesta kan fremje sak om å ta frå foreldra heile foreldreansvaret, jf. barnevernlova § 4-20.

Departementet viser elles til at elevar som blir fritekne for grunnskoleopplæring, har rett til å fullføre den opplæringa dei blei fritekne for, på eit seinare tidspunkt. Eit fritak avkortar derfor ikkje elevrettane, og fritekne elevar har framleis rett til tiårig grunnskole.

Departementet forstår argumentet frå høyringsinstansane om at det vil vere lite tenleg å skilje mellom heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta, men finn ikkje grunn til å leggje avgjerande vekt på dette. Departementet vil understreke at fritak frå heile opplæringsplikta svært sjeldan er aktuelt, slik at det i praksis ikkje vil bli ei utfordring som kommunen eller barneverntenesta vil stå framfor særleg ofte.

Etter ei totalvurdering held departementet fast på framlegget i høyringsnotatet om at barneverntenesta skal kunne samtykkje til delvis fritak frå opplæringsplikta, mens det er foreldra som skal kunne samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta.

4.5.7 Særleg om lovteksten

I høyringsnotatet foreslo departementet at hovudregelen om avgjerdsretten til barneverntenesta blir formulert slik:

«Dersom barneverntenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-6 andre ledd, 4-8 eller 4-12, har barneverntenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet.»

Barnevernlova § 4-12 gjeld omsorgsovertaking, mens barnevernlova § 4-8 gjeld vedtak om flytteforbod eller omsorgsovertaking for barn som alt er plasserte utanfor heimen. Barnevernlova § 4-6 andre ledd gjeld akuttvedtak om plassering utanfor heimen.

KS ber departementet om at ordlyden i framlegget til ny § 15-6 i opplæringslova blir i samsvar med dei paragrafane i barnevernlova som gir heimel for omsorgsovertaking, og dei paragrafane som berre er plasseringsparagrafar.

Departementet er samd med KS i at ordlyden er noko upresis, og foreslår denne formuleringa:

Dersom barneverntenesta har overteke omsorga etter barnevernlova §§ 4-8 eller 4-12, har barneverntenesta rett til å ta avgjerder på vegner av barnet. Tilsvarande gjeld ved vedtak om flytteforbod etter barnevernlova § 4-8 og vedtak om plassering etter barnevernlova § 4-6 andre ledd.

4.6 Departementet sitt framlegg

Departementet foreslår, i samsvar med høyringsframlegget, å ta inn ei ny føresegn i opplæringslova og privatskolelova som gjer det klart om det er foreldra eller barneverntenesta som kan ta avgjerder på vegner av barnet i skolesaker i tilfelle der det er gjort tvangsvedtak som inneber at foreldra ikkje lenger har den daglege omsorga for barnet. Framlegget gjeld for tilfelle der det er gjort vedtak om omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-12, akuttvedtak om plassering utanfor heimen etter barnevernlova § 4-6 andre ledd og vedtak om flytteforbod eller omsorgsovertaking etter barnevernlova § 4-8. Departementet viser i denne samanhengen til tilsvarande regulering av samtykke til helsehjelp i pasient- og brukarrettslova kapittel 4. Departementet foreslår å endre ordlyden i framlegget til lovtekst noko i forhold til høyringsframlegget for å få tydelegare fram at framlegget òg gjeld i andre tilfelle enn ved omsorgsovertaking.

Framlegget får ikkje konsekvensar for kven som har rettsleg klageinteresse i enkeltvedtak som er gjorde med heimel i opplæringslova eller privatskolelova. Framlegget får heller ikkje konsekvensar for kva avgjerder barnet sjølv kan ta, eller kva avgjerder barnet skal høyrast i. Det framlegget handlar om, er berre om det er foreldra eller barneverntenesta som har rett til å ta avgjerda der barnet ikkje kan ta ho sjølv.

Departementet foreslår at føresegnene blir utforma slik at hovudregelen etter ei omsorgsovertaking er at barneverntenesta kan ta avgjerder på vegner av barnet, og at det blir gitt ei uttømmande oppramsing av dei avgjerdene som likevel ligg hos foreldra.

Framlegget frå departementet inneber at foreldra har rett til å ta desse avgjerdene på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking:

  • Val av privat skole

  • Fritak frå heile opplæringsplikta

  • Fritak frå undervisning ut frå religionen eller livssynet til foreldra

  • Krav om opplæring i og på samisk og i finsk

  • Val av målform.

I alle andre skolesaker foreslår departementet at det er barneverntenesta som skal kunne ta avgjerder på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking.

Framlegget inneber òg at det er barneverntenesta som bestemmer og opptrer på vegner av barnet i saker som må reknast for vanleg oppfølging av skolegangen til barnet, slik som foreldresamarbeid, rett til informasjon, rett til varsel ved bortvising m.m.

Der avgjerdsretten er lagd til foreldra i forskriftene til opplæringslova og privatskolelova, vil dei foreslåtte lovføresegnene bli retningsgivande i vurderinga av kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet etter ei omsorgsovertaking.

Fotnotar

1.

Ot.prp. nr. 44 (1991–92) og Innst. O. nr. 80 (1991–1992)

2.

Jf. EMK protokoll 1 artikkel 2.

Til forsida