8 Merknader til lovframlegga
8.1 Endringar i opplæringslova
Til § 2-3
I første ledd første punktum blir ordet kristendom lagt til, slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk blir endra til kristendom, religion, livssyn og etikk. Departementet viser til vurderingane i kapittel 5.6 og til departementet sitt framlegg i kapittel 5.7.
Til § 2-4
I overskrifta på føresegna og i første, andre, tredje og fjerde ledd blir ordet kristendom lagt til, slik at namnet på faget religion, livssyn og etikk blir endra til kristendom, religion, livssyn og etikk. Departementet viser til vurderingane i kapittel 5.6 og til departementet sitt framlegg i kapittel 5.7.
Til § 2-12
I tredje ledd blir tilvisning til § 14-1 lagt til. Departementet viser til nærmare omtale i kapittel 6.1.
Til § 10-2
Tredje ledd andre punktum og femte ledd blir oppheva. Departementet viser til vurderingane i kapittel 3.5 og til departementet sitt framlegg i kapittel 3.6.
Til § 13-2
I andre ledd første punktum blir «Statlig regional barnevernmyndighet» endra til «Barne-, ungdoms- og familieetaten». Departementet viser til nærmare omtale i kapittel 6.2.
Til ny § 15-6
Første ledd slår fast at det er barneverntenesta som har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når det er gjort vedtak etter barnevernlova §§ 4-6 andre ledd, 4-8 eller 4-12. Denne hovudregelen gjeld for dei avgjerdene som etter opplæringslova er lagde til barnet sine foreldre. Føresegna inneber at barneverntenesta mellom anna har rett til å samtykkje til spesialundervisning, søkje om ein annan offentleg skole enn nærskolen og ta avgjerder om skyss eller innlosjering. I tillegg inneber føresegna at det er barneverntenesta som tek avgjerder og opptrer på vegner av barnet i alle typar skolesaker som er ein del av den daglege oppfølginga av barnet.
Andre ledd slår fast at det likevel er foreldra som har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet i enkelte saker. Foreldra har etter føresegna rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykkje til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje målform, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a, og krevje opplæring i finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.
Val av privat skole inneber at foreldra skal kunne velje privat skole framfor offentleg skole og dessutan velje type privat skole. Dei skoletypane som finst i området der barnet bur, vil danne ei naturleg ramme for valfridommen deira, og det vil vere ein føresetnad at foreldra er villige til å betale eventuelle ekstrautgifter som følgje av det valet dei tek.
Etter opplæringslova § 2-3a har foreldra rett til å krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn. Etter denne føresegna har skolen plikt til å gi foreldra årleg informasjon om reglane for fritak og innhaldet i undervisninga. Det er berre retten til fritak etter opplæringslova § 2-3a som blir lagd til foreldra etter andre ledd i ny § 15-6. Plikta for skolen til å gi årleg informasjon blir rekna for å vere oppfylt når barneverntenesta er informert.
Ny § 15-6 slår fast om det er barneverntenesta eller foreldra som kan ta avgjerder på vegner av barnet. Paragrafen får ingen følgjer for kva tilfelle og saker barnet sjølv kan ta avgjerder i. Paragrafen får heller ingen følgjer for forholdet mellom barneverntenesta og fosterforeldre eller barneverninstitusjon.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.5 og til departementet sitt framlegg i kapittel 4.6.
8.2 Endringar i privatskolelova
Til ny § 7-7 i privatskolelova
Første ledd slår fast at det er barneverntenesta som har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet når det er gjort vedtak etter barnevernlova §§ 4-6 andre ledd, 4-8 eller 4-12. Denne hovudregelen gjeld for dei avgjerdene som etter privatskolelova er lagde til barnet sine foreldre. Ein må sjå føresegna i lys av tilsvarande føresegn i opplæringslova § 15-6, ettersom fleire av føresegnene i opplæringslova òg gjeld for barn i private skolar.
Andre ledd slår fast at det likevel er foreldra til barnet som tek avgjerder på vegner av barnet i enkelte saker. Foreldra har etter føresegna rett til krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 3-12, og rett til å velje privat skole, jf. opplæringslova § 2-1.
Val av privat skole inneber at foreldra skal kunne velje privat skole framfor offentleg skole og dessutan velje type privat skole. Dei skoletypane som finst i området der barnet bur, vil danne ei naturleg ramme for valfridommen deira, og det vil vere ein føresetnad at foreldra er villige til å betale eventuelle ekstrautgifter som følgje av det valet dei tek.
Privatskolelova § 3-12 viser til opplæringslova § 2-3a, som gir foreldra rett til å krevje fritak frå delar av undervisninga ut frå eigen religion eller eige livssyn. Etter opplæringslova § 2-3a har skolen plikt til å gi foreldra årleg informasjon om reglane for fritak og innhaldet i undervisninga. Det er berre retten til fritak etter opplæringslova § 2-3a som blir lagd til foreldra etter andre ledd i den nye § 7-7. Plikta for skolen til å gi årleg informasjon blir rekna for å vere oppfylt når barneverntenesta er informert.
Ny § 7-7 slår fast om det er barneverntenesta eller foreldra som kan ta avgjerder på vegner av barnet. Paragrafen får ingen følgjer for kva tilfelle og saker barnet sjølv kan ta avgjerder i. Paragrafen får heller ingen følgjer for forholdet mellom barneverntenesta og fosterforeldre eller barneverninstitusjon.
Departementet viser til vurderingane i kapittel 4.5 og til departementet sitt framlegg i kapittel 4.6.