10 Økonomiske og administrative konsekvensar
10.1 Leirskoleopphald eller annan skoletur
Departementet foreslår at det i opplæringslova blir lovfesta ei plikt for kommunane til å tilby leirskole eller annan skoletur med overnatting som del av grunnskoleopplæringa. Ei rekkje av høyringsinstansane har i høyringssvara sine gitt uttrykk for at dei meiner kommunane må få kompensasjon for plikta dei blir pålagde. Vidare har ein del instansar lagt til grunn at staten må fullfinansiere leirskoleopphalda.
Ved innføringa av gratisprinsippet i grunnskolen blei kommunane kompenserte for utgifter til leirskoleopphald, jf. Budsjett-innst. S. nr. 12 (2001–2002) og St.prp. nr. 1 (2001–2002). Midlane som blei lagde inn i rammetilskotet, skulle kompensere kommunane for bortfallet av foreldrebetaling til leirskoleopphald, basert på ei berekna gjennomsnittleg foreldrebetaling for om lag 10 prosent av elevane i grunnskolen. Det la til rette for at kommunane kunne tilby leirskole til alle elevar i grunnskolen. Departementet meiner derfor at skolane er kompenserte for desse kostnadene i dagens rammetilskot.
I tillegg til midlane som ligg i rammetilskotet, blir det i dag løyvd eit øyremerkt tilskot til leirskoleopplæring over kap. 225, post 66 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Tilskotet skal stimulere kommunane til å sende elevane på leirskole ved å medverke til å finansiere opplæringsutgiftene på leirskoleopphaldet. I retningslinjene for tilskotet står det blant anna at «opplæringen skal skje ved en bemannet leirskole eller ved ekskursjoner/turer som er en del av grunnopplæringen. Oppholdet skal strekke seg over minst tre sammenhengende overnattinger og fire undervisningsdager, med undervisning i minimum 5,5 klokketimer pr. dag.» Tilskotsposten er budsjettstyrt og er fram til no blitt fordelt mellom dei kommunane som har søkt om tilskot. Dei siste åra har dette vore om lag 80 prosent av kommunane. Departementet foreslår at det øyremerkte tilskotet til leirskoleopplæring blir innlemma i rammetilskotet til kommunane og i løyvinga til Longyearbyen lokalstyre.
Ein del høyringsinstansar ønskjer at det øyremerkte tilskotet framleis skal vere øyremerkt, blant anna fordi det forenklar refusjonen til leirskolane/vertskommunane. Departementet viser til at statleg styring av sektoren kan skje både ved bruk av økonomiske verkemiddel og juridiske verkemiddel. Når plikta til å tilby leirskole eller annan skoletur blir lovfesta, er det ikkje lenger nødvendig å øyremerkje midlar for å stimulere kommunane til å sende elevane på slike turar. Departementet er kjende med at refusjonen leirskolar/vertskommunar krev av brukarkommunen for opplæringsutgifter, i praksis ofte svarer til den statlege refusjonssatsen. Når det øyremerkte tilskotet blir innlemma og den statlege satsen fell bort, legg departementet til grunn at kommunane/leirskolane løyser gjesteelevsoppgjer seg imellom.
Dei administrative konsekvensane av forslaget vil vere knytte til arbeid med å gjennomføre leirskoleopphald eller skoletur med overnatting ved dei skolane som i dag ikkje tilbyr dette. For skolar som tilbyr dette i dag, vil forslaget ikkje ha administrative konsekvensar. Fordi tilskotet til leirskoleopplæring blir lagt inn i rammetilskotet til kommunane, vil forslaget innebere at kommunane slepp å søkje om tilskot. Dette bidrar til mindre administrativt arbeid.
10.2 Skolebyte
Departementet foreslår ei ny føresegn i kapittel 9 A om skolebyte. I grunnskolen er dette ei vidareføring av dagens opplæringslov § 8-1 fjerde ledd og friskolelova § 3-3 første ledd andre til fjerde setning. I vidaregåande opplæring er dette ein ny regel.
Den foreslåtte lovteksten er tydelegare enn opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og friskolelova § 3-3 første ledd om skolebyte i grunnskolen. Den foreslåtte lovteksten uttrykkjer på ein meir brukarvennleg måte innhaldet i regelen. Ein enklare regel vil kunne føre til at mindre ressursar blir nytta til rettsavklaring. Departementet påpeika i høyringa at lovendringa inneber at fylkeskommunar og fylkesmannen får eit nytt verkemiddel i saker om skolemiljø. Samtidig viste departementet til at saker om skolemiljø allereie er saker som ofte kan krevje mykje ressursar både på skolenivå, på skoleeigarnivå og hos fylkesmannen.
Ingen høyringsinstansar uttalte seg særskilt om dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovendringa. Norsk lektorlag er derimot bekymra for at endringa skal føre til meirarbeid for lærarar. Departementet er opptekne av at det ikkje skal stillast dokumentasjons- eller rapporteringskrav til skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar som i liten grad bidrar til å vareta rettstryggleiken til elevane eller til å heve kvaliteten på opplæringa. At skolebyte blir eit tilgjengeleg verkemiddel òg i vidaregåande opplæring, reknar departementet med at ikkje vil påverke ressursbruken i sakene vesentleg.
Departementet viser til at vilkåra som blei foreslått for skolebyte, i stor grad svarer til dei som gjeld andre tiltak i skolemiljøsaker, blant anna bortvising. Ressursbruk knytt til å sikre skolemiljøet til elevane, medrekna eventuelt å fatte enkeltvedtak i skolebytesaker, vil derfor sannsynlegvis i stor grad vere dei same som i dag. Dette vil gjelde både på skolenivå, på skoleeigarnivå og hos klageinstansane. Lovendringa blir derfor ikkje rekna for å ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.
10.3 Rett til opplæring i kvensk i grunnskolen
Departementet foreslår å endre § 2-7 i opplæringslova slik at føresegna slår fast retten til opplæring i kvensk.
Ingen høyringsinstansar uttalte seg særskilt om dei økonomiske og administrative konsekvensane av lovendringa. Det er i dag særs få elevar som vel opplæring i kvensk. Det er ei eiga tilskotsordning til opplæring i kvensk og finsk under kapittel 225, post 67 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Løyvinga skal bidra med finansiering til kommunar og frittståande grunnskolar i Troms og Finnmark som gir elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk. Tilskotet er regelstyrt. Det betyr at løyvinga tilpassar seg talet på elevar som vel kvensk eller finsk som andrespråk. Skoleeigarane vil derfor bli kompenserte økonomisk dersom talet på elevar som vel kvensk eller finsk, skulle auke.
Det er ein avgjerande føresetnad for å oppfylle retten til elevane at det finst lærarar som kan gi opplæring i kvensk. Det er derfor sett i verk ulike tiltak for å betre rekrutteringa av lærarar som kan undervise i kvensk språk.
På denne bakgrunnen meiner departementet at lovendringa ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar. Talet på elevar som får denne retten, vil ikkje endre seg, sidan vilkåra for å ha rett til opplæring i kvensk eller finsk ikkje blir endra. Retten til alternative former for opplæring i kvensk vil vere den same som for finsk, jf. § 7-1 i forskrift til opplæringslova om alternative opplæringsformer i samisk og finsk.
10.4 Samansetjing av yrkesopplæringsnemndene
Den foreslåtte lovendringa kan gi nokre fleire representantar i dei enkelte yrkesopplæringsnemndene. Representantane får godtgjersle per møte. Dersom godtgjersla ikkje blir endra, kan lovendring gi noko høgare kostnader for fylkeskommunane. Dei auka kostnadene for fylkeskommunane er samtidig rekna for å vere særs avgrensa. Departementet viser til at regionreforma som er i gang, inneber ein reduksjon i talet på fylkeskommunar, noko som òg vil innebere ein tilsvarande reduksjon i talet på yrkesopplæringsnemnder.
Departementet vurderer det slik at lovendringa ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for fylkeskommunane. Dersom det for enkelte fylkeskommunar skulle bli ein mindre auke i kostnadene, går ein ut frå at fylkeskommunane dekkjer dette innanfor eigne økonomiske rammer.
10.5 Politiattest
I vidaregåande skolar vil ikkje forslaget føre til utferding av fleire politiattestar. Der er det allereie etter dagens ordning obligatorisk å leggje fram politiattest i samband med tilsetjing.
Forslaget legg opp til at det skal bli obligatorisk å leggje fram politiattest òg ved tilsetjingar i folkehøgskolar. Kunnskapsdepartementet meiner at dei ekstra kostnadene som vil komme til i samband med dette, vil utgjere eit heilt ubetydeleg beløp. Finnmark politidistrikt, som har ansvaret for å utferde politiattestar i Noreg, seier det same i høyringsfråsegna si. Beløpet blir dekt innanfor ordinære budsjettrammer.
For vidaregåande skolar og folkehøgskolar inneber forslaget at politiattestane som blir henta inn, vil bli administrativ enklare å behandle. Dette er fordi skolane i færre tilfelle må gjere skjønnsmessige vurderingar dersom det på politiattestane er merknader om dom eller førelegg for seksuelt overgrep.