9 Endringar i opplæringslova som ikkje har vore på høyring
9.1 Innleiing
Ingen av desse endringsforslaga har vore på høyring. Dette er ikkje nødvendig da ingen av forslaga har realitetsverknad. Dei er av teknisk karakter og blir foreslått for å rette opp feil i lovgivinga.
9.2 Opplæringslova § 2-12
Noverande § 13-5 i opplæringslova om plikt til å samarbeide med barnehagen om overgangen til skole blei teken inn i opplæringslova ved lovvedtak i Stortinget 31. mai 2018, sjå Prop. 67 L (2017–2018). Samtidig blei opplæringslova § 2-12 om private grunnskolar endra ved at det i tredje ledd i denne føresegna blei vist til § 13-5.
Prop. 51 L (2017–2018) om forbod mot ansiktsdekkjande plagg i barnehagar og undervisningssituasjonar blei nokre veker seinare behandla i Stortinget. Da blei opplæringslova § 2-12 på ny endra gjennom ei tilvising til den nye § 9-7 i opplæringslova om forbod mot ansiktsdekkjande plagg. I den nye § 2-12 som da blei vedteken, var tilvisinga til opplæringslova § 13-5 ikkje med.
Føresegna i § 13-5 skal gjelde tilsvarande for private grunnskolar. Departementet foreslår derfor at tilvisinga til opplæringslova § 13-5 blir teken inn i opplæringslova § 2-12.
9.3 Opplæringslova § 4-5
I opplæringslova § 4-5 tredje ledd er det vist til opplæringslova § 3-3 sjette ledd. Tilvisinga kjem av ein feil. Riktig tilvising er til opplæringslova § 3-3 fjerde ledd.
Departementet foreslår derfor å endre tredje ledd i § 4-5 slik at det blir vist til opplæringslova § 3-3 fjerde ledd.
9.4 Yrkeskvalifikasjonslova § 2
Departementet foreslår å endre tilvisinga i § 2 andre ledd første punktum i yrkeskvalifikasjonslova. I føresegna står det no at for yrke som er omfatta av lov 2. juli 1999 nr.64 om helsepersonell m.v. og lov 15. juni 2001 nr.75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell, gjeld berre §§ 21 til 23. Ved ein inkurie blei feil tilvising teken inn i sjølve lova, det skulle ha vore vist til §§ 22 til 24. Dette kjem fram i omtalen av føresegna i Prop. L 139 (2015–2016), kapittel 6. Der står det at i andre ledd første punktum blir det presisert at for yrke som er omfatta av helsepersonellova og dyrehelsepersonellova, gjeld berre reglane i §§ 22 til 24 om koordinator, assistansesenter og statistikkrapportering. Det blei vidare presisert at desse føresegnene gjeld uavhengig av sektortilknyting, og at det er krav som er sette til myndigheitene.
Endringa departementet foreslår, er ei teknisk endring og har ikkje følgjer for enkeltpersonar. Dette er berre eit krav om at dei ansvarlege myndigheitene som mottek eller tek avgjerder etter lova, skal rapportere inn statistikk. Helsedirektoratet og Mattilsynet pliktar å rapportere inn statistikk over avgjerdene sine. Dette er noko dei allereie gjer i dag, og endringa får derfor ingen praktiske konsekvensar.
9.5 Yrkeskvalifikasjonslova § 20
Etter yrkeskvalifikasjonslova § 20 har ansvarleg myndigheit plikt til å varsle alle andre EØS-statar dersom nasjonale domstolar vedtek å avgrense retten ein yrkesutøvar har til å utøve yrket sitt, mellombels eller permanent. Etter yrkeskvalifikasjonsdirektivet artikkel 56a gjeld varslingsplikta også i dei tilfella ei slik avgrensing blir fastsett av nasjonale myndigheiter. Yrkeskvalifikasjonslova § 20 er ikkje fullt ut i samsvar med direktivet, og departementet foreslår derfor å endre § 20 slik at varslingsplikta gjeld for avgrensingar i yrkesutøving fastsett både av nasjonale myndigheiter og av nasjonale domstolar.
Departementet foreslår å endre § 20, slik at plikta også gjeld for vedtak om permanent eller mellombels avgrensing i yrkesutøvinga fastsett av nasjonale myndigheiter.