1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Proposisjonen inneheld forslag til endringar i reglane om saksbehandling i den nye jordskiftelova av 21. juni 2013 nr. 100 som skal tre i kraft 1.1.2016.
Forslaga inneber at saksbehandlingsreglane i §§ 6-21 første ledd og 6-23 fjerde ledd i ny jordskiftelov blir endra slik at dei avgjerdene som er «jordskifteavgjerder» etter § 6-23 fjerde ledd får ei behandling etter § 6-21 som er meir i tråd med dei tilsvarande reglane i gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd og § 20. § 6-21 første ledd blir endra slik at ikkje alle jordskifteavgjerder skal følgje framgangsmåten i paragrafen. Slik førebuing skal berre gjelde dei avgjerdene der det er tenleg for å sikre kvaliteten på avgjerdene. Dette gjer at saksbehandlinga kan bli meir effektiv og rasjonell enn den ville ha blitt etter ordlyden i den nye lova. I §§ 6-21 første ledd og 6-22 første ledd blir det også foreslått endringar for å få tydlegare fram at forslag til avgjerder som retten legg fram for partane ikkje må ha ei grunngiving. I § 6-23 fjerde ledd blir det foreslått nokre endringar i redaksjon og ordlyd slik at det ligg til rette for ei enklare tilvising frå § 6-21 første ledd.
Vidare blir det foreslått å rette opp nokre feil i §§ 3-18, 3-37, 6-1, 7-7 og 9-7 nr. 7.