4 Høyringsinstansanes syn
4.1 Endringar i §§ 6-21, 6-22 og 6-23
Domstoladministrasjonen(DA) støttar høyringsforslaget, og meiner endringane vil leggje til rette for ein effektiv og rasjonell saksbehandling i jordskiftedomstolane. DA meiner likevel at § 6-23 fjerde ledd bokstav a) kan delast i to, slik at avgjerd om sakleg og geografisk avgrensing etter § 6-9 blir ny bokstav b).
Borgarting lagmannsrett er samd i dei endringane som blei foreslåtte i høyringsbrevet. Lagmannsretten meiner det også bør gjerast ei tilsvarande endring i § 6-22 som i § 6-21 når det gjeld spørsmål om forslag skal grunngivast eller ikkje.
Frostating jordskifteoverrett uttaler på vegner av jordskifteoverrettane at dei støttar høyringsforslaget. Dei foreslår likevel ei justering av ordlyden i § 6-21 første ledd. Dei meiner ordet «Når» bør erstattast av «Før» i innleiinga til første ledd. Det same meiner jordskifterettsleiarane i Eidsivating jordskiftedøme, og Nedre Telemark jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Agder.
Nedre Telemark jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Agder uttaler om § 6-23 fjerde ledd at dei støttar forslaget til ny bokstav a), slik at denne også gjeld sakleg og geografisk avgrensing av saka. Dei seier at dersom det ut frå kravet, jf. § 6-2 eller merknader, jf. § 6-5, er nødvendig, må retten ta stilling til «sakleg og geografisk avgrensing av saka» ved rettsfastsetjing. Føresegna er svært sentral ved rettsendring. Dei meiner også at det fortsatt bør følgje av § 6-23 fjerde ledd bokstav b) at dei ulike jordskifteløysingane undervegs i saka er jordskifteavgjerder. Nedre Telemark jordskifterett legg til grunn at utsett merking og måling bør gå fram av ordlyden i jordskiftelova § 6-23 fjerde ledd bokstav c). Uttalen trekkjer i retning av at det dessutan bør kome betre fram av ordlyden i lova at merking og måling også i andre samanhengar er omfatta av føresegna.
Romsdal jordskifterett støttar forslaget til endring av § 6-21 første ledd og § 6-23 fjerde ledd, og er samd i at slik lovteksta er utforma vil det føre til unødig forlengande og komplisert behandling i jordskifteretten.
Sør-Rogaland jordskifterett uttaler på vegner av jordskifterettane i Gulating at dei foreslåtte endringane i § 6-21 første ledd og § 6-23 fjerde ledd er heilt nødvendige for å sikre ei rasjonell behandling av jordskiftesakene.
Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler at dei ikkje har merknader til dei foreslåtte endringane.
Advokatforeningen har ikkje innvendingar til forslaget frå departementet. Foreininga meiner det taler for løysinga i 2013-lova at alle jordskifteavgjerder skal førebuast på same måten. Samtidig er det neppe tvil om at dette vil føre til meirarbeid og forseinking i prosessen i høve til i dag, altså ein mindre effektiv prosess for nokre avgjerder. Advokatforeningen meiner såleis at det må vere fornuftig å oppretthalde dei særlege saksbehandlingsreglane for skifteplan og verdsetjing. For slike avgjerder er det gode grunnar til å la partane kome med innspel før det blir teke endeleg avgjerd.
4.2 Forslag til retting av feil
§ 3-18 Vern mot tap
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane meiner den nye jordskiftelova § 3-18 bør endrast slik at det står «og» og ikkje «eller» i paragrafen. Paragrafen blir da lydande: «Jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene og ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett». Jordskifteoverrettane meiner at § 3-18 i si nåverande form seier at korkje kostnadene eller ulempene kvar for seg får lov til å bli større enn nytten. Etter gjeldande lov er det summen av kostnader og ulemper som skal vektast opp mot nytten. Forarbeida til ny lov seier riktignok at føresegna skal ha same verknad som i § 3 bokstav a i gjeldande lov, men det bør likevel gjerast ei endring for å få dette fram. Det same påpeiker Nedre Telemark jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Agder, Sør-Rogaland jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Gulating, og jordskifterettsleiarane i Eidsvating jordskiftedøme.
§ 3-37 Sperretid for nytt jordskifte
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane påpeiker at det i § 3-37 andre ledd som gjeld fristen for å krevje nytt jordskifte, må vere feil referanse når det er vist til «§§ 3-2, 3-18 eller 3-19». Rett referanse skal vere «§§ 3-2, 3-3 eller 3-18».
§ 6-1 Saksbehandlinga og tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane påpeiker at det i § 6-1 andre ledd er nokre skrivefeil i teksten, i oppramsinga av paragrafar og kapittel i tvistelova. I tilvisinga til tvistelova § 13-1 er det eit «og» for mykje. Tilvisinga til tvistelova § 15 er ufullstendig. Nedre Telemark jordskifterett uttaler på vegner av jordskifterettane i Agder at dette skal vere ei tilvising til tvistelova § 15-2 første ledd bokstav b.
§ 7-7 Sakskostnader som følgje av trekking av sak, avvising med vidare
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane meiner det i § 7-7 første ledd manglar eit linjeskift. Formuleringa «… på dei som har valda kostnadene» skal stå til heile leddet, dvs. til alle punkta a, b og c, ikkje berre punkt c slik det ser ut nå, jf. forslaget i Prop. 101 L (2012–2013) s. 508.
§ 9-7 Endringar i andre lover
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane peiker på at det i § 9-7 nr. 7, om endringar i servituttlova § 7 andre ledd første punktum, er teke inn eit kommateikn utan nokon synleg funksjon etter «eigaren» («I slike høve skal eigaren, svara vederlag i jord, rettar eller pengar»). Det same uttaler jordskifterettsleiarane i Eidsivating jordskiftedøme.
4.3 Andre forslag frå høyringsinstansane
§ 1-4 Kva det kan reisast sak om for jordskifteretten
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane meiner § 1-4 åpnar for ei vid tolking når det gjeld kva det kan krevjast jordskifte for sjølv om paragrafen viser til kapittel 3 som inneheld ei rekkje vilkår for å krevje sak. Formuleringa bør endrast slik at tolkinga blir innsnevra til å gjelde utenlege eigedomstilhøve, og ikkje strekkjer seg til det å skape nye eigedomstilhøve som er meir tenlege. Jordskifteoverrettane foreslår ein ny ordlyd i paragrafen. Sør-Rogaland jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Gulating, meiner ein bør endra formuleringa «skape meir tenlege tilhøve» i § 1-4 bokstav a) til «bøte på utenlege eigedoms- og bruksrettstilhøve» slik at det blir betre samsvar med ordlyden i §§ 3-1 og 3-2.
§ 3-3 Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane meiner det bør gjerast ei endring i § 3-3 første ledd. Dei viser til at det følgjer av forarbeida til den nye lova at det ikkje er meininga å gjere ei realitetsendring frå dagens lov. Etter gjeldande jordskiftelov av 1979 er det eit vilkår for jordskifte at jordskifteløysinga skal føre til meir tenlege eigedomstilhøve. Om det ikkje er tilfelle, kan jordskifteretten ikkje behandle saka. Jordskifteoverrettane foreslår ei endring i ordlyden for å få dette klarare fram.
§ 3-7 Deling av eigedom
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane viser til at det i gjeldande lov av 1979 er to heimlar for deling av eigedom, jf. § 2 bokstav f) for deling i samsvar med formålet i jordlova, og § 2 bokstav g) for deling av personleg sameige. § 3-7 i den nye lova verkar mangelfull da det ikkje er samsvar mellom ordlyden i forarbeida og i lova. Jordskifteoverrettane meiner at det i ny lovtekst er teke ut eit viktig verkemiddel som jordskifterettane har i § 2 f), deling etter jordlova. Jordskifteoverrettane meiner samtidig at det truleg er for omfattande å ta opp dette nå, men at det kan gjerast ved neste revisjon av lova. Jordskifterettsleiarane i Eidsivating jordskiftedøme meiner § 3-7 meir tydeleg må omfatte gjeldande § 2 bokstav f). Sør-Rogaland jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Gulating meiner også at § 3-7 er mangelfull. Dei meiner at kompetanse til «tunfrådelingar» og liknande bør gå fram av lovteksten og ikkje berre i forarbeida.
§ 3-8 Reglar om sambruk (bruksordning)
Domstoladministrasjonen(DA) er i tvil om det er riktig å innføre omgrepet «sambruk» i § 3-8 som erstatning for omgrepet » bruksordning». DA meiner ein skal vere varsam med å endre veldefinerte juridiske og jordskiftefaglege omgrep som ikkje gjennom språkleg utvikling har fått eit anna innhald eller har blitt umoderne eller gammalmodig. DA meiner omgrepet sambruk også kan føre til tvil om kva ei bruksordning kan gå ut på i eit sambruksområde.
Jordskifterettsleiarane i Eidsivating viser til at det av lovforabeida går fram at meininga er å vidareføre gjeldande § 2 første ledd bokstav c) punkt 1 og 2, men at lovteksten i § 3-8 ikkje harmonerer godt med ei slik vidareføring. Det er forskjell på å gi reglar om sambruk og om bruken. Ei individualisering av bruken fell ikkje inn under ordlyden i den nye lova, samtidig som ei slik innsnevring ikkje synest å vere meininga. Også Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane har teke opp dette.
§ 3-13 Eigedoms- og bruksrettstilhøva
Jordskifterettsleiarane i Eidsivating meiner lovteksta må ha ein tydeleg heimel for jordskifteretten til å avgjere tvistar det er nødvendig å avklare av omsyn til jordskifteløysinga, slik det formulert i gjeldande lov § 17. Dei foreslår derfor eit nytt ledd i paragrafen. Etter forarbeida til den nye lova er det meininga at gjeldande heimel skal førast vidare. Det er derfor nødvendig at § 3-13 blir tydelegare. Også Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane foreslår eit nytt ledd som gjeld avgjerd av tvistar det er nødvendig å avklare i jordskiftesakene.
§ 3-20 Utlegging av grunn og bruksrett
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane meiner paragrafen er litt upresis i si nåverande form. I tillegg kan formuleringa «Jordskifteretten kan bruke pengar» mistydast til at det er retten sjølv som kan bruke pengar, ikkje partane (eller retten på vegner av partane). Jordskifterettsleiarane i Eidsivating er av same oppfatning.
§ 3-33 Fare for elvebrot, skred, sandfokk og liknande
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane og Jordskifterettsleiarane i Eidsivating foreslår å endre formuleringa «korleis skaden skal delast» i første ledd siste punktum. Formuleringa verkar noko upresis i forma.
§ 6-26 Rettsforlik
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane foreslår også endringar i § 6-26 som gjeld rettsforlik. Dei meiner at nåverande føresegn vil innebere at partar som måtte ønske semje gjennom eit rettsforlik i ei jordskiftesak etter §§ 3-4 til 3-12 ikkje lenger kan avhjelpast på dette punktet. Føresegna verkar i si nåverande form å vere ei innskrenking av den moglegheita partane etter gjeldande praksis har til å inngå rettsforlik.