5 Departementets vurderingar
5.1 Saksbehandlingsreglane i §§ 6-21, 6-22 og 6-23
5.1.1 Førebuing av forslag til jordskifteavgjerd
Slik lovteksta i jordskiftelova § 6-21 er i dag, vil føresegna gjelde ved alle former for jordskifteavgjerd. Etter departementet si vurdering er det framleis behov for saksførebuing etter § 6-21 i ei rekke jordskifteavgjerder, for eksempel der jordskifteretten etter jordskiftelova § 3-4 formar ut eigedomar eller bruksrettar på ny. Domstoladministrasjonen har peikt på at framgangsmåten føresegna fastset likevel kan gjere framdrifta vanskeleg i jordskiftesaker, i rettsfastsetjande saker og i skjønn. Dersom jordskifteretten for eksempel skal ta stilling til om vilkåra for jordskifte er oppfylte eller ikkje, jf. jordskiftelova § 6-23 fjerde ledd bokstav a), vil jordskifteretten etter muntlege forhandlingar ha plikt til å sende eit skriftleg utkast til jordskifteavgjerd om dette til partane med uttalefrist og kontradiksjon før retten kan treffe avgjerd. Det same vil gjelde dersom retten skal utmåle ekspropriasjonserstatning etter bokstav d).
I nokre tilfelle vil saksbehandling der jordskifteretten skal leggje fram eit skriftleg forslag til jordskifteavgjerd for partane for uttale vere tidkrevjande og ressurskrevjande. Tilvisinga i § 6-21 første ledd bør berre gjelde avgjerder der høyring m.m. er tenleg for å sikre kvaliteten i avgjerdene. Departementet har merka seg at alle dei høyringsinstansane som har kome med uttale meiner at regelen bør endrast. Departementet er samd i dette, og foreslår ei endring, sjå lovforslaget § 6-21 første ledd og 6-23 fjerde ledd. Formålet med jordskiftelova § 1-1 andre ledd om rask, effektiv og tillitskapande behandling er viktig, og ein må ha reglar som gjer at dette formålet blir oppfylt.
I høyringsbrevet la departementet til grunn at saksbehandlingsregelen i § 6-21 skulle gjelde verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, fordeling av planskapt netto verdiauke, ulike jordskifteløysingar undervegs i saka og den endelege jordskifteløysinga. Høyringsinstansane har få konkrete kommentarar til spørsmålet, og tilrår på generelt grunnlag forslaget som blei sendt på høyring. Departementet legg etter dette til grunn at føresegna bør omfatte dei fire gruppene avgjerder.
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane, jordskifterettsleiarane i Eidsivating jordskiftedøme og Nedre Telemark jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Agder meiner at ordlyden i § 6-21 bør vere: «Før» retten tek jordskifteavgjerd, og ikkje «Når» retten tek jordskifteavgjerd slik departementet foreslo i høyringsbrevet. Grunngivinga for dette forslaget er at ordet «før» gir ei meir presis skildring av kvar i jordskifteprosessen ein har kome. Uttrykket vil såleis vere meir informativt for partane, særleg for dei som prosederer saka si sjølv. Departementet vil peike på at også andre ledd i føresegna startar med ordet «før». Dersom begge ledda i føresegnene får ein slik start, kan lesaren lett kome i stuss om kva som er først og sist. Departementet foreslår såleis at «Ved førebuing av ei jordskifteavgjerd.» kjem inn i staden for ordet «når». Forslaget tek sikte på å få fram denne tidsaksen som høyringsinstansane etterlyser, sjå lovforslaget § 6-21.
Forslaget til endring i § 6-21 første ledd inneber at for dei andre jordskifteavgjerdene vil det ikkje gjelde særlege saksbehandlingsreglar, ut over dei generelle reglane i kapittel 6 i lova.
5.1.2 Grupperinga av ulike jordskifteavgjerder i § 6-23 fjerde ledd
I høyringsbrevet foreslo departementet ei endring i jordskiftelova § 6-21 første ledd slik at føresegna berre skulle vise til dei jordskifteavgjerdene der slik saksbehandling blir tenleg. For å få dette til foreslo departementet også endringar i § 6-23 fjerde ledd, slik at dei gruppene jordskifteavgjerder som går fram av bokstavane a) til h) skulle bli litt annleis samansette. Forslaget innebar at avgjerd om den saklege og geografiske avgrensinga av saka, jf. § 6-9, skulle flyttast frå § 6-23 fjerde ledd bokstav b) til bokstav a). Avgjerd om val av trasé for vegar og anna undervegs i saka skulle flyttast frå § 6-23 fjerde ledd bokstav b) til bokstav h). Departementet foreslo dessutan ei generalisering av ordlyden slik at føresegna ikkje lenger uttrykkeleg skulle nemne «val av trasé for vegar».
Domstoladministrasjonen foreslår at avgjerd om sakleg og geografisk avgrensing skal få ein eigen bokstav b) i § 6-23 fjerde ledd. Det er vist til at dette vil gjere føresegna lettare å forstå. Departementet er merksam på at dette kan vere eit alternativ, men foreslår inga slik løysing. Etter departementet sitt syn blir ikkje regelen vanskeleg å forstå dersom han blir ståande i bokstav a) slik høyringsforslaget legg opp til. Dersom regelen blir ståande i bokstav a), vil ein også unngå at rekkja av dei påfølgjande bokstavane må endrast som følgje av at det kjem inn ein ny bokstav. Det er vist til dei ulike bokstavane i § 6-23 fjerde ledd andre stader i lova, og også i forarbeida. Det har ein eigenverdi for den som skal lese lova og forarbeida at denne tilvisinga ikkje blir endra, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd.
Nedre Telemark jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Agder reiser spørsmål ved om «avgjerd undervegs i saka» framleis bør stå i § 6-23 fjerde ledd bokstav b), og ikkje i h). Departementet vil peike på at førebuinga av avgjerd både etter bokstav b) og bokstav h) etter forslaget vil bli omfatta av saksbehandlingsregelen i § 6-21. Spørsmålet om plassering er såleis meir eit spørsmål om kva for gruppe jordskifteavgjerder det er lettast å forstå at løysinga høyrer saman med. I høyringsuttalen er grunngivinga for å oppretthalde ordlyden slik den er i dag knytt til at det følgjer av jordskiftelova § 6-25 første ledd andre punktum at ei avgjerd undervegs i saka kan omgjerast, og at dette er noko heilt anna enn den endelege jordskifteløysinga som mellom anna gjeld reglar om nye eigedomstilhøve. Departementet er samd med jordskifterettane i Agder i dette, og meiner at plasseringa ikkje bør endrast slik forslaget var i høyringa.
Forslaget om at § 6-21 ikkje skal gjelde alle jordskifteavgjerder, berre der det er tenleg for å sikre kvaliteten på avgjerdene, gjer det nødvendig at ordlyden i § 6-23 fjerde ledd bokstav b) fastslår nokså presist kva for avgjerder føresegna tek sikte på. Omtalen i Prop. 101 L (2012–2013) s. 463 viser at omgrepet «og anna undervegs i saka» gjeld ei rekkje ulike avgjerder, men det er ikkje sagt nærare kva for avgjerder dette er. Det går fram at:
«Og anna» indikerer at oppramsinga ikkje er meint å vere uttømmande. Avgjerdsforma jordskifteavgjerd er meint å skulle brukast i høve til andre avgjerder retten må ta under eit jordskifte for å kunne nå fram til ei endeleg jordskifteløysing.»
Departementet meiner at det bør gå meir presist fram av føresegna kva for avgjerder som er aktuelle, og foreslår at føresegna bør gjelde ulike jordskifteløysingar undervegs i saka som ikkje er nemnde uttrykkeleg i § 6-23 fjerde ledd frå før. Departementet foreslår ei endring av ordlyden i tråd med dette, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav b).
5.1.3 Merking og måling
Nedre Telemark jordskifterett på vegner av jordskifterettane i Agder har vist til at det kan vere behov for ei presisering av kva som er meint med utsett merking og måling i jordskiftelova § 6-23 fjerde ledd bokstav c). Dei reiser spørsmål ved om avgjerda gjeld det å utsette merkinga eller resultatet av den utsette merkinga.
I Prop. 101 L s. 464 er det lagt til grunn at merking og måling i tilknyting til ei jordskiftesak er omfatta av omgrepet «den endelege jordskifteløysinga» i § 6-23 fjerde ledd bokstav h). Det heiter om dette at:
«…omgrepet….inneheld ei avsluttande framstilling av jordskifteløysinga, med tilhøyrande reglar om gjennomføringa, og fastsetjing av nye grenser og rettstilhøve elles innanfor jordskifteområdet, slik dei skal vere i framtida.»
Det er ingen tilsvarande omtale i proposisjonen som gjeld merking og måling i samband med sak etter kapittel 4.
Løysinga etter jordskiftelova 2013 er at merke- og målearbeidet er behandla i tre ulike samanhengar i § 6-23, noko som får ulike følgjer bl.a. ved anke:
Ved sak etter kapittel 3 er arbeidet med merking og måling å rekne som ei jordskifteavgjerd, og då som ein del av den endelege jordskifteløysinga, jf. § 6-23 fjerde ledd bokstav h). § 6-21 gjeld saksførebuinga også etter departementets forslag til endring i punkt 5.1.1. Anke vil følgje § 8-1 tredje ledd.
Er det reist sak etter kapittel 4, er arbeidet å rekne som ein del av den endelege dommen. § 6-22 gjeld saksførebuinga i sak der det ikkje er tvist. Anke følgjer § 8-1 andre ledd. Etter domstollova § 12 nytt andre ledd kan førstelagmannen om det er anka bestemme at ein av dei tre lagdommarane skal vere ein jordskiftelagdommar. Dette vil truleg vere regelen der det er anka over merke- eller målearbeidet. I sak der det er tvist gjeld gjeld kapittel 6, men ikkje § 6-22 for saksførebuinga.
Er det fastsett at merking og måling skal utsetjast, går det fram av § 6-23 fjerde ledd bokstav c) at merkinga og målinga er å rekne som ei jordskifteavgjerd. Med departementets forslag til endring av § 6-21 vil føresegna om saksførebuing av jordskifteavgjerd ikkje gjelde. I slike høve vil anke følgje § 8-1 tredje ledd.
Departementet ser at reglane rundt merking og måling har fått ei uheldig løysing på dette punktet. Løysinga vil bli enklare og meir tilpassa det handlinga faktisk går ut på dersom resultatet av merkinga og målinga blir å rekne som ei jordskifteavgjerd i alle samanhengar. Føresegna om førebuing av jordskifteavgjerder i § 6-21 bør ikkje gjelde. Ankebehandlinga bør følgje § 8-1 tredje ledd i alle dei tre tilfella over. Departementet foreslår ei slik løysing ved at ordlyden i § 6-23 fjerde ledd bokstav c) blir utvida til å gjelde alle dei tre tilfella over.
Sjå elles merknadene i punkt 7 til § 6-23 fjerde ledd.
5.1.4 Grunngiving av avgjerd etter §§ 6-21 og 6-22
I Prop. 101 L (2012–2013) er det lagt til grunn at forslag til avgjerder etter jordskiftelova §§ 6-21 og 6-22 ikkje krev grunngiving. På s. 301 er det uttalt om dette:
«Departementet fremjer ikkje forslag om krav til grunngiving av forslag verken til rettsfastsetjande avgjerder (dom) eller jordskifteavgjerder (dei endelege avgjerdene skal ha ei grunngiving etter reglane i lovforslaget § 6-24).… Departementet meiner det vil vere uheldig om partane får inntrykk av at avgjerda er teken før dei får uttalt seg. Det er óg viktig at reglane blir utforma slik at jordskifteretten kan setje fram eit forslag til avgjerd utan at dommar og meddommarar blir inhabile i den vidare behandlinga om det skulle bli tvist mellom partane, slik jordskifteoverrettane understrekar. Retten må på den andre sida gjere greie for innhaldet i forslaget på ein slik måte at partane forstår kva det går ut på, men det er ikkje meininga at retten skal gå nærare inn på dei avvegingane ein har gjort. Ei nærare grunngiving for avgjerdene skal difor vente til ein tek den endelege avgjerda.»
Departementet meiner at ordlyden i føresegnene i nokon grad underkommuniserer dette, og tok det opp i høyringsbrevet. Departementet oppfattar at høyringsinstansane meiner det kan vere tvil om tolkinga av føresegnene på dette punktet. Departementet foreslår derfor ei endring i ordlyden slik at føresegnene blir klarare, sjå lovforslaget §§ 6-21 første ledd og 6-22 første ledd.
5.2 Forslag til retting av feil
I høyringsbrevet ba departementet om innspel til retting av feil i den nye lova. Departementet har følgjande merknader til desse innspela:
Ei rekkje høyringsinstansar foreslår at § 3-18 blir endra slik at det står «og» og ikkje «eller» i paragrafen. Departementet vil peike på at sjølv om forarbeida til ny lov seier at føresegna skal ha same verknad som i § 3 bokstav a) i gjeldande lov, er bindeordet «eller» i ordlyden lite dekkjande for dette. Ei endring slik at «eller» blir erstatta med «og» vil rette opp dette. Departementet foreslår derfor ei slik endring. Dette gjer det synleg at summen av kostnader og ulemper skal vektast opp mot nytten, sjå lovforslaget § 3-18.
Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane viser til at det i § 3-37 som gjeld frist for å krevje nytt jordskifte, må vere feil referanse når det er vist til «§§ 3-2, 3-18 eller 3-19». Departementet er samd i dette, og foreslår ei endring slik at referansen blir rett. Rett referanse skal vere «§§ 3-2, 3-3 eller 3-18».
Fleire høyringsinstansar viser til at § 6-1 andre ledd inneheld fleire feil. I tilvisinga til tvistelova § 13-1 er det eit «og» for mykje og tilvisinga til tvistelova § 15 er ufullstendig. Departementet foreslår endringar i føresegna slik at dette blir retta opp, sjå lovforslaget § 6-1. Eit komma er også fjerna mellom tilvisinga til kapittel 16 og romartal I.
Det kom også fram i høyringa at det i § 7-7 første ledd manglar eit linjeskift. Det går fram av Prop. 101 L (2012–2013) s. 508 at formuleringa «… på dei som har valda kostnadene» gjeld alle punkta a, b og c, ikkje berre punkt c slik lovteksta er utforma. Departementet er samd i dette. For å unngå tvil om korleis føresegna er å forstå, foreslår departementet at opplistinga i ulike bokstavar blir fjerna, sjå lovforslaget § 7-7 første ledd.
Fleire høyringsinstansar peiker på at det i § 9-7 nr. 7, om endringar i servituttlova § 7 andre ledd første punktum, er teke inn eit kommateikn etter «eigaren». Kommateiknet har ingen synleg funksjon, og kan vere villeiande. Departementet er samd i dette, og foreslår ei endring av føresegna slik at kommateiknet blir fjerna.
5.3 Andre forslag til endringar
Det går fram av punkt 4.3 at fleire av høyringsinstansane meiner at det også er grunnlag for å gjere andre endringar i den nye lova før ho trer i kraft. Frostating jordskifteoverrett på vegner av jordskifteoverrettane har gruppert forslaga sine etter kva det er nødvendig å endre nå, og kva som kan vente ei tid. Dei peiker på at innspela dei har vil vere for omfattande å ta med nå, men at det kan vere nyttig å ha kjennskap til momenta for å kunne gjere ei samla vurdering av behovet for endring av jordskiftelova når det har gått ei tid. Departementet er samd i denne tilnærminga, og foreslår derfor berre å rette feila som er nemnde i punkt 5.2. Dei andre forslaga er knytte til uvisse om korleis føresegnene vil bli tolka i praksis. Departementet meiner at den nye lova bør få verke i noko tid før ein tek stilling til om det er behov for endring av desse føresegnene. Departementet legg derfor opp til at innspela blir registrerte nå, men at dei kan vurderast på eit seinare tidspunkt, for eksempel i samband med evaluering av den nye lova når ho har fungert ei tid.