6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaga til endringar i §§ 6-21, 6-22 og 6-23 fjerde ledd vil føre til at saksbehandlinga etter ny jordskiftelov ikkje blir meir omfattande eller tidkrevjande enn etter gjeldande jordskiftelov. Det inneber at behandlinga av jordskifteavgjerder etter § 6-21 i den nye lova kan gjennomførast utan meir ressurbruk enn det gjeldande lov krev.
Forslaga til endringar i dei andre føresegnene er retting av feil i den nye lova. Rettingane har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.