3 Innhaldet i jordskiftelova 2013 §§ 6-21, 6-22 og 6-23
Etter den nye jordskiftelova § 6-21 første ledd skal jordskifteretten utarbeide eit forslag til jordskifteavgjerd, som skal leggjast skriftleg fram for partane. Jordskifteavgjerder kan for eksempel vere delavgjerder av ymse slag undervegs i eit jordskifte, eller den endelege jordskifteavgjerda. Før forslaget blir utarbeidd, skal partane få høve til å uttale seg. Partane skal også få høve til å uttale seg om dei merknadene til forslaget som kjem inn. Dette følgjer av § 6-21 andre ledd. Det skal fastsetjast ein frist som ikkje skal vere kortare enn to veker for å gi slik uttale, jf. § 6-21 tredje ledd, og forslaget til jordskifteavgjerd skal deretter som hovudregel behandlast i rettsmøte. Dersom jordskifteretten meiner det held, og ingen av partane er mot det, kan forslaget behandlast skriftleg utan rettsmøte, jf. § 6-21 fjerde ledd.
Kva for avgjerder som er jordskifteavgjerder er lista opp i den nye jordskiftelova § 6-23 fjerde ledd. Det er avgjerder om:
a) vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje
b) sakleg og geografisk avgrensing av saka, verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trasé for vegar og anna undervegs i saka
c) utsett merking og måling
d) skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten
e) reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid
f) fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30
g) sakskostnader etter § 7-6
h) den endelege jordskifteløysinga.
Den nye jordskiftelova § 6-22 gjeld saksbehandlinga av forslag til fastsetjing av grenser, eigedomsrett, rettar eller anna, når det ikkje er tvist mellom partane. Forslaget til fastsetjing går ut på å avklare kvar grensene mellom eigedomane til partane går, kven som har eigedomsrett til kva for areal, kva for bruksrettar dei har på eigedom som andre eig osv. Den endelege rettsfastsetjinga skal skje ved dom, jf. § 6-23 første ledd. Forslag til rettsfastsetjing skal leggjast skriftleg fram for partane. Dette går fram av § 6-22 første ledd. Før forslaget blir utarbeidd skal partane få høve til å uttale seg. Partane skal også få høve til å uttale seg om dei merknadene til forslaget som kjem inn, jf. § 6-22 andre ledd. Forslaget skal byggje på det partane er samde om, jf. § 6-22 tredje ledd, og forslaget skal forkynnast for partane, jf. § 6-22 fjerde ledd. Fristen for å uttale seg skal normalt ikkje vere kortare enn to veker, jf. § 6-22 femte ledd. Forslaget skal behandlast skriftleg om ikkje retten eller nokon av partane meiner det er nødvendig med behandling i rettsmøte, jf. § 6-22 sjette ledd.
Gjeldande jordskiftelov av 1979 § 17 a andre ledd regulerer retten partane har til å uttale seg til avgjerd som gjeld verdsetjing eller regulering. Avgjerdsforma er vedtak, jf. § 17 a første ledd, dersom det ikkje er tvist. Med verdsetjing er meint fastsetjing av verdien på areal, rettar, standskog og liknande som skal gå i byte. Med regulering er meint avgjerder der retten utformar eigedomar og rettar, regulerer grenser, lagar planar, under dette skifteplan, lagar bruksordningar og fastset bruksreglar. Etter § 17 a andre ledd skal partane få høve til å uttale seg om spørsmålet. Retten skal deretter lage eit forslag som skal leggjast skriftleg fram for partane. Partane skal få ein frist for merknader, som ikkje er kortare enn 2 veker, og skal få høve til å uttale seg om merknadene som kjem inn. Når vedtaket er rettsfastsetjande eller gjeld avgjerd om fremjing av jordskiftesak, jf. gjeldande lov § 14, skal dei partane som vedtaket gjeld, få høve til å uttale seg om spørsmålet, og til dei merknadene som kjem inn, jf. § 17 a tredje ledd. Når vedtaket er rettsfastsetjande og byggjer på at partane er samde, skal retten forkynne utkastet for partane og gi dei ein frist til å seie frå dersom det inneheld feil eller mistydingar eller det likevel ikkje er semje. Er det tvist om grenser, bruksrett eller anna innan skiftefeltet, eller i rettsutgreiingssak eller grensegangssak, skal retten avgjere tvisten ved dom, jf. gjeldande lov § 17.
Etter gjeldande jordskiftelov § 20 skal retten, når alt førebuande arbeid er gjort, lage utkast til skifteplan, som skal leggjast fram for partane for drøfting i rettsmøte.
I Prop. 101 L (2012–2013) er det lagt til grunn at jordskiftelova § 6-21 avløyser gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd og § 20. Ny jordskiftelov § 6-23 fjerde ledd listar likevel opp langt fleire avgjerder enn dei som går fram av §§ 17 a og 20 i gjeldande lov.
Dette er bakgrunnen for DA sitt brev til departementet, jf. punkt 2.1 over.