4 Regionale planoppgåver, planar og rettleiing
Regional planlegging kan gå på tvers av både kommunegrenser og tema og slik bidra til meir merksemd om universell utforming i regionalt perspektiv. Som nemnt i kapittel 1 skal sektorar i den fylkeskommunale administrasjonen som dette vedkjem, delta i den regionale planlegginga.
Fylkeskommunen skal også gi råd til og hjelpe kommunane i utarbeidinga av kommunale planar, jf. plan- og bygningslova § 3-2. Fylkeskommunane skal i tillegg uttale seg til kommunale planforslag, og fylkeskommunen og statsforvaltaren kan fremje motsegner med grunngiving i universell utforming. Fylkeskommunane har med andre ord ei særleg viktig rolle i å bidra til at universell utforming blir sikra i kommunal planlegging.
4.1 Regional planstrategi
Regional planmyndigheit skal minst ein gong i løpet av valperioden, seinast eitt år etter konstituering, utarbeide ein regional planstrategi i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og aktuelle institusjonar. Dette er eit viktig tidspunkt for å få universell utforming på dagsordenen.
Planstrategien er ikkje ein plan. Planstrategien skal gjere greie for viktige utviklingstrekk og utfordringar, vurdere langsiktige utviklingsmoglegheiter og avklare kva spørsmål som skal takast opp gjennom den regionale planlegginga vidare.
Regional planstrategi skal òg innehalde oversikt over prioriterte planoppgåver og korleis dei prioriterte planoppgåvene skal følgjast opp, og presentere opplegg for medverknad. Vurderingane skal svare ut Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging som gitt opp i plan- og bygningslova § 6-1.
Utarbeidinga av regional planstrategi er tidspunktet for å drøfte universell utforming sett i lys av regionale utfordringar: korleis universell utforming skal takast i vare i regional planlegging.
Planstrategien bør avklare korleis universell utforming skal takast i vare i all regional planlegging. Nedanfor er det lista opp nokon spørsmål som kan vere nyttige å stille i dette arbeidet.
4.1.1 Aktuelle vurderingar i arbeidet med regional planstrategi
Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding av regional planstrategi.
Vurdering av eksisterande planar og planoppfølging:
- Er universell utforming tilstrekkeleg og godt behandla i gjeldande regionale planar, og korleis er dei følgde opp i handlingsplanar og tiltak?
- Er det avklart kven som gjer kva, når og med kva ressursar?
- Kan ansvarsfordelinga tydeleggjerast?
Når ny planstrategi skal utarbeidast:
- Kva er dei viktigaste regionale utviklingstrekka og utfordringane knytte til universell utforming som bør følgjast opp i den regionale planlegginga?
- Kva er status for universell utforming i dei skolane, næringsbygga og -areala, infrastrukturane som gangvegar, haldeplassar for kollektivtransporten, friluftsliv, grønstrukturane og turvegane, kulturmiljøa eller kulturarenaene som fylkeskommunen har ansvaret for?
- Er det behov for ytterlegare kartlegging? For hjelp til å velje kartleggingsmetode, sjå kapittel 5 Kartleggingsmetoder og veiledere.
- Er det behov for å prioritere tiltak for å oppnå universell utforming innanfor desse områda?
Sjå rettleiing om Regional planstrategi.
4.1.2 Planprogram
Regional planmyndigheit skal utarbeide regionale planar for dei spørsmåla som er fastsette i den regionale planstrategien. For alle regionale planar skal det utarbeidast eit planprogram som eit ledd i varsel om oppstart, jf. § 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosess med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behovet for utgreiingar.
Høyring av planprogrammet er viktig for at myndigheiter og interesser som dette får følgjer for, får oversikta over aktuelle problemstillingar og korleis forslaget påverkar interessene deira. Målet er å gi anledning til tidleg medverknad, god informasjon og dialog og ein føreseieleg prosess for alle involverte. Det er viktig å involvere råda for personar med funksjonsnedsetjing i prosessen.
4.1.3 Regional plan og handlingsprogram
Regionale planar blir utarbeidde for tema som er fastsette i den regionale planstrategien.
Universell utforming bør følgjast opp i utarbeidinga av alle regionale planar, om dei er tematiske eller geografisk avgrensa. Aktuelle tematiske planar er opplæring, kultur, samferdsel, næring, fylkesbygg og andre offentlege bygg, informasjon, IKT-løysingar mv.
Dersom det er behov for å samle og konkretisere problemstillingar knytte til universell utforming på dei ulike sektorområda, kan ein eigen regional plan for universell utforming vere ei løysing. Men sidan universell utforming ofte krev tenking og handling på tvers av sektorane, er det viktig at konklusjonane i ein eventuell sektorplan blir baka inn i regional planstrategi og resten av den regionale planlegginga. Ein regional plan skal ha eit handlingsprogram. Behovet for rullering skal vurderast årleg.
Koplinga mellom planen, anbefalte tiltak og handlingsprogrammet for gjennomføring av planen, som fylket etter lova § 8-1 er plikta til å utarbeide, er særleg viktig.
Det er her ein kan tidfeste tiltaka, prioritere mellom dei og setje av ressursar til gjennomføringa. Her ser ein nytta av at fleire sektorar i fylkeskommunen deltek og drøftar dei ulike tiltaka og gjer ei felles prioritering.
4.1.4 Eksempel: universell utforming teken i vare i regionale planar
Fleire fylkeskommunar utarbeider eigne regionale temaplanar om universell utforming for å heve merksemda om og konsentrere seg meir om universell utforming i planlegginga si. Andre tek i vare universell utforming i den regionale planen. Under blir det gitt nokon beskrivingar frå fylkeskommunar som har teke i vare universell utforming i eit utval regionale planar. Beskrivingane er ikkje ei uttømmande liste.
Tidlegare Hordaland fylkeskommune1 viser gjennom regionale planar at dei jobbar breitt med universell utforming. Dei omtaler blant anna nasjonale mål om universelt utforma reisekjeder, behov for bustader og leike- og opphaldsområde med universell utforming i areal- og transportplan for Bergens-området. Vidare er universell utforming ein viktig føresetnad i regional plan for attraktive senter i Hordaland, og universell utforming er eit viktig tema i regional plan for folkehelse.
Tidlegare Oppland fylkeskommune2 slår gjennom regional plan for samferdsel fast at standarden på dei mange haldeplassane i fylket varierer, og dei færraste tilfredsstiller dagens krav til universell utforming. Planen gir retning og blir lagd til grunn for å utarbeide eigne handlingsplanar for fylkesvegane og for kollektivtransport og mobilitetsstrategi.
Møre og Romsdal3 har i sin fylkesplan, som stakar ut kursen for utviklinga av fylket i ein fireårsperiode, likestilling og inkludering som eit av dei gjennomgåande perspektiva sine – og legg der til grunn at dei fysiske forholda skal vere utforma slik at dei i så stor utstrekning som mogleg kan brukast av alle utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel. Dei gjennomgåande perspektiva i fylkesplanen skal medverke til heilskapleg planlegging og tverrfagleg arbeid og leggje grunnlaget for at fylkeskommunen skal kunne vareta sentrale føringar i plan- og bygningslova. Perspektiva skal vurderast for alle tiltaka i handlingsprogramma.
Rogaland har laga ein eigen fylkesdelplan for universell utforming. Der blir det sagt: «Fylkesdelplanen er laget for å fremme arbeidet med universell utforming. Et av hovedmålene i dette arbeidet er like levekår for alle, i alle faser av livet.»
For kvart satsingsområde i planen er det knytt til fleire mål med strategiar og tiltak. Desse gir føringar for aktørar som fylkeskommunen, kommunane, brukarorganisasjonar, næringslivet og produktutviklarar. Fleire av tiltaka har tidsfristar for gjennomføring.