5 Kommunal planlegging

I Noreg er mykje av ansvaret for samfunnsutviklinga og arealplanlegginga lagt til kommunane. Derfor har kommunen også ei særleg viktig rolle i å sjå til at omsynet til universell utforming blir teke i vare i samfunnsplanlegginga. Planleggjarane i kommunen bør ha eit medvite forhold til korleis universell utforming skal innarbeidast som eit sentralt omsyn i dei enkelte planane, og sikre at dette blir teke i vare i alle stadium – frå planstrategien og ned til den enkelte byggjesaka.

Kommunal oversiktsplanlegging skal ifølgje § 11-1 i plan- og bygningslova omfatte samfunnsdelen i kommuneplanen med handlingsdel og arealdel. Kommunen skal også i nødvendig grad utarbeide reguleringsplanar. Planstrategien skal avklare behovet for kommunal planlegging i kommande fireårsperiode.

Kommuneplanlegginga er ein prosess frå samfunnsdelen med statusbeskriving av demografisk utvikling, folkehelse, statusen og behova i verksemdene og den økonomiske situasjonen til kommunen. Vidare skal tiltaka beskrivast i handlingsdelen, og den økonomiske prioriteringa mellom tiltaka er i økonomiplanen. I arealplanen blir prioriteringane og avgjerdene til kommunen kartfesta med dertil høyrande føresegner.

Samfunnsdelen gir politisk forankring, mens arealdelen er det viktigaste verktøyet kommunen har for styring av arealbruken i tråd med måla i samfunnsdelen om korleis kommunen skal utvikle seg.

Det er viktig at alle verksemdene i kommunen deltek i planprosessen frå innleiande drøftingar til økonomiske prioriteringar fordi det er her avgjerdene blir tekne om korleis kommunesamfunnet kan utvikle seg, og om kva tiltak som kan gjennomførast i den neste fireårsperioden.

5.1 Kommunal planstrategi

Kommunestyret skal minst ein gong i valperioden, seinast eitt år etter at det blei konstituert, lage og vedta ein kommunal planstrategi, jf. § 10-1. Veileder om kommunal planstrategi forklarar dette nærare.

Planstrategien er ikkje ein plan. Planstrategien er eit verktøy til å avklare kva planoppgåver som skal prioriterast i valperioden.

Planstrategien skal blant anna drøfte dei strategiske vala til kommunen for samfunnsutviklinga.

Korleis det skal takast omsyn til universell utforming i planane til kommunen, er eit tema som skal drøftast i planstrategien. Omsynet til universell utforming i planstrategien må sjåast i samanheng med samfunnsdelen i kommuneplanen med handlingsdel, økonomiplanen, sektorplanar og arealplanar.

Det går fram av § 10-1 at kommunen bør leggje opp til brei medverknad og debatt for allmenta som grunnlag for behandlinga. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne bør kunne gi innspel til beskrivinga av status om universell utforming i kommunen, og om er det behov for delplanar om for eksempel universell utforming.

5.1.1 Aktuelle vurderingar i arbeidet med kommunal planstrategi

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding av planstrategien.

Samfunnsutviklinga – kunnskapsgrunnlaget

  • Kva er dei viktigaste utviklingstrekka i kommunen innan universell utforming?
  • Er det behov for å kartleggje skolar, andre kommunale bygg, offentleg infrastruktur, barnetråkk, uteareal, friluftsområde, kulturminne eller kulturarenaer for å avklare status om dei er universelt utforma? (For hjelp til å velje kartleggingsmetode, sjå kapittel 5 Kartleggingsmetoder og veiledere.)
  • Korleis kan kommunen bli betre på universell utforming (skolane, uteområda, bygga, tenestene, verksemdene, annan infrastruktur)?

Drøfting av eksisterande planar

  • Korleis er universell utforming følgd opp i gjeldande kommuneplan og reguleringsplanar?
  • Bør nokon planar eller strategiar reviderast for at universell utforming skal takast betre hand om? Er det hensiktsmessig å sjå dette arbeidet i samanheng med planlegginga i andre verksemder?

Vurdering av behovet for nye planar

  • Er det behov for eigne planar for å prioritere enkelte område som er særleg viktige for å oppnå eit universelt utforma samfunn, for eksempel skolar, andre kommunale bygg, offentleg infrastruktur, uteareal, grønstruktur, friluftsområde, kulturminne, kulturarenaer osv.?

Medverknad

  • Korleis trekkje inn rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, eldreråd og ungdomsråd inn i utarbeidinga av planstrategien?

5.1.2 Eksempel: universell utforming i planstrategiar

Under gir vi nokon eksempel på korleis eit utval kommunar har teke i vare universell utforming i planstrategien sin. Eksempla er ikkje ei uttømmande liste:

Meløy kommune4 vektlegg universell utforming og tilgjenge i utkast til kommunal planstrategi for Meløy 2020–2023 og i planprogram for samfunnsdelen og beskriv utfordringane kommunen har knytte til tematikken:

«Kommunen må utvikle et aldersvennlig og inkluderende lokalsamfunn, med satsing på universell utforming og tilgjengelighet i offentlige bygg og uteområder. Tilgjengeligheten er kartlagt i offentlige bygg, men fortsatt er det slik at mange tiltak gjenstår. Meløy har også for få turløyper og friluftsområder tilrettelagt for personer med funksjonsnedsettelser.»

Oppdal kommune5 sin planstrategi 2020–2023 knyter universell utforming til folkehelsearbeidet kommunen gjer:

«Folkehelseplanen 2017-2021 skal revideres i planperioden. Vi vil tilrettelegge for at hele befolkningen kan ta sunne og helsefremmende valg med fokus på tilgjengelighet og helsefremmende tilrettelegging i sentrum, bo - og nærmiljø, sosiale møteplasser, nærturområder, friområder, natur og friluftsliv. Vi vil styrke samhandling og tilrettelegging for frivillig sektor, samt god livskvalitet og mestring for eldre og personer med kroniske lidelser. Omleggingen av kjøremønster som følge av ny E6 krever en sikring av gang- og sykkeltrafikk til sentralskoleanlegget og sentrumsfunksjonene, jf. universell utforming. Disse områdene blir videre fulgt opp i blant annet kommuneplanen, reguleringsplaner og planer innenfor folkehelse og omsorg.»

Oslo kommune6 fastset gjennom utkast til planstrategi 2020–2023 at Handlingsplan for mennesker med funksjonsnedsettelser og Prinsipper for universell utforming i Oslo kommune skal rullerast i perioden.

Etne kommune7 beskriv i planstrategien sin for 2016–2020 at strategiane kommunen har, er for at alle innbyggjarane skal kunne bruke bygningar og omgivnader og oppfølginga til kommunen:

«Alle innbyggarar skal kunne nytte bygningar og omgjevnader. Dette gjeld særleg tettstadene Etnesjøen og Skånevik. Tettstadsanalysen «Etnesjøen 2020» har peikt mot dårleg tilgjenge og utforming i Etnesjøen. Det er ikkje klart skilje mellom mjuke og harde trafikkantar. Det vart også foreslått utforming av miljøgate i sentrum. Dette kan verte enklare å implementere etter omlegging av europavegen.
Strategiar: Fullføre arbeidet med gang- og sykkelvegar i tettstadene; Greie ut moglegheitene for betre samspel mellom trafikkantar i tettstadene; Legga til rette for betre samspel mellom mjuke og harde trafikkantar i tettstadene; Gjere det innbydande, og enklare, å bruke gang og sykkel i tettstadene; Informasjon om, og frå, kommunen skal vere lett tilgjengeleg på kommunen sine heimesider.
Oppfølging: Samfunnsdel til kommuneplanen (ny); Arealdel til kommuneplanen (ny); Kommunedelplan Etnesjøen; Folkehelseoversikt; Trafikksikringsplan.»

Bergen kommune skriv i sin planstrategi (2019–2023):

«Alle treng ein stad å bu, og byrådet meiner det er viktig at kommunen tek eit særleg ansvar for å sikre at alle bergensarar har tilgang til ein bustad, i gode nabolag som førebygger einsemd og isolasjon. Universell utforming skal ligge til grunn for all byutvikling i byen.»

I drøftinga Bergen kommune har gjort av behovet for rullering av eksisterande planar og behov for nye planar, skriv dei:

«Universell utforming fremmar like moglegheiter for personar med nedsett funksjonsevne med tanke på samfunnsdeltaking og friheit i dagleglivet. Det blir lettare for alle å bevege seg, finne fram og forstå omgivnadane. Plan for universell utforming skal omhandle kommunen sitt arbeid med bygg, byrom og byutvikling, styrke kompetansen i eigen organisasjon og bidra til å auke den allmenne forståinga av universell utforming både i kommunen som organisasjon så vel som bysamfunnet. Planarbeidet blei starta opp av byrådet i oktober 2019 basert på planstrategi for perioden 2015–2019.»

5.2 Kommunedelplanar, temaplanar og strategiar

Mange kommunar vel å lage eigne kommunedelplanar, temaplanar eller strategiar for å auke merksemda om universell utforming. Dette er i tråd med § 11-1 tredje leddet som seier at «det kan utarbeides kommunedelplan for bestemte områder, temaer eller virksomhetsområder».

Både kommunedelplanar, temaplanar og strategiar kan vere gode verkemiddel for å heve kunnskapen om og rette meir merksemd mot universell utforming i kommunen. Mange opplever sjølve prosessen med utarbeidinga av desse planane eller strategiane som nyttig. Det er viktig at det er samsvar mellom desse og resten av planprosessane, og at dei blir løfta inn i arbeidet med samfunnsplanen. Slik kan dei følgjast opp i handlingsdelen og økonomiplanen og bli ein del i prioriteringa kommunane gjer av ressursar.

Av og til skjer utviklinga raskt, som da dei nye sparkesyklane kom. Dersom kommunane opplever at dei må møte endringane i samfunnet med nye tiltak utanom den normale rulleringa kvart fjerde år av kommuneplanen, kan utarbeiding av temaplanar eller tematiske strategiar vere eit godt verktøy.

5.3 Samfunnsdelen i kommuneplanen

I samfunnsdelen i kommuneplanen skal kommunen vektleggje viktige utfordringar knytte til samfunnsutviklinga, irekna utfordringar som har med miljø å gjere, og utfordringar knytte til universell utforming, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon, for sektorane og for utvalde målgrupper. Særleg viktig er dette for sentrale samfunnsforhold som folkehelse, barn og unge, inkludering, integrering, næringspolitikk m.m. Utfordringar knytte til universell utforming av tenester, bygg og infrastruktur i kommunen skal vektleggjast.

Samfunnsdelen skal synleggjere dei strategiske vala kommunen tek. Hensikta er å beskrive samanhengen mellom dei langsiktige måla og strategiane som blir måla ut i samfunnsdelen, og dei fysiske konsekvensane. Dette blir utdjupa i lovkommentaren til til plan- og bygningslova.

Det blir understreka at det er i samfunnsdelen kommunen med utgangspunkt i vedteken planstrategi og planprogram beskriv kva mål og delmål som skal prioriterast vidare. Dette vil så danne rammene for handlingsdelen og gi innspel til arealdelen.

Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande åra eller meir, og skal reviderast årleg. Økonomiplanen kan etter kommuneloven § 14-4 inngå i handlingsdelen. Sjå rettleiinga Kommuneplanprosessen – samfunnsdelen – handlingsdelen

5.3.1 Aktuelle vurderingar – samfunnsdelen i kommuneplanen

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding av eller rullering av samfunnsdelen. Om denne blir utkvittert skriftleg, er opp til kommunen.

  • Korleis skal universell utforming bli teken i vare i samfunnsdelen i kommuneplanen?
  • Korleis er utviklinga i befolkninga når det gjeld fleire eldre og grupper med behov for ekstra tilrettelegging?
  • Korleis skal ein jobbe med universell utforming på tvers av verksemdene i kommunen?
  • Kva mål skal kommunen setje seg, og kva tiltak må kommunen setje i verk
  • for å bidra til eit meir universelt utforma og inkluderande samfunn (særleg barn og unge, folkehelse, eldre, integrering og inkludering)?
  • Kva arealmessige konsekvensar vil dette føre til?
  • Er bygga og anlegga til kommunen universelt utforma (barne- og ungdomsskolar parkar, publikumsområde, fortau, stiar og kulturarenaer)?
  • Er det spesielt behov for strakstiltak i nokon område?
  • Korleis blir dette følgt opp i handlingsdelen og økonomiplanen?

Rettleiinga Kommuneplanens samfunnsdel utdjupar dette noko. Sjå også Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets heimeside om Vegkart for nærskolar www.bufdir.no og andre bygg www.IK-bygg.no.

5.3.2 Eksempel: universell utforming i samfunnsdelen i kommuneplanen

Under gir vi nokon fleire eksempel på korleis eit utval kommunar har teke i vare universell utforming i samfunnsdelen i kommuneplanen. Beskrivinga av eksempla er ikkje ei uttømmande liste:

Stange kommune8 har i sin samfunnsdel for 2014–2026 blant anna lagt prinsippet om universell utforming til grunn for planarbeidet til kommunen og påpeiker også utfordringane kommunen har knytt til temaet:

«Tilgjengelighet for alle! Et viktig grunnlag for aktivitet, deltakelse og et inkluderende samfunn er universell utforming. Universell utforming bygger på prinsippet om at alle mennesker, så langt det lar seg gjøre, skal ha like muligheter til å benytte seg av produkter, bygg og uteområder. Hensynet til universell utforming skal ivaretas i alt kommunalt planarbeid. Tilbud og muligheter i kommunen skal synliggjøres både på nett og gjennom en god og tydelig skilting. Utfordringen for Stange kommune er at etterslepet i kommunale bygg er stort. Målet må likevel være å tenke tilgjengelighet for alle i alt vi gjør.»

Sortland kommune9 vektlegg i samfunnsdelen sin 2008–2020 at universell utforming er viktig både for dei som bur der, og dei som gjestar:

«En inkluderende by – universelt utformet. Sortland som by, er en viktig ressurs for alle som bor i Vesterålen og for alle som besøker regionen. Det er derfor viktig at byen gir alle like muligheter for deltakelse. Universell utforming i byutvikling innebærer at bygg og uteområder formes og vedlikeholdes på en slik måte at flest mulig kan leve, bo og bruke byen uten spesiell tilrettelegging eller hjelp. Både innbyggere og gjester møtes med omsorg, omtanke og gjestfrihet.»

Ullensaker kommune10 har i samfunnsdelen til kommuneplanen 2015–2030 universell utforming som ei viktig føring for kva som er prioriteringene til kommunen mot 2030:

«Det holdes et tydelig fokus på prinsippene om universell utforming i planlegging og utforming av bygninger, uteoppholdsarealer og friluftsområder. [Ullensaker kommunes oppgaver] Sørge for at kommunale bygg og øvrige publikumsbygg er tilgjengelige for alle og at universell utforming gjøres mer brukervennlig. God og aktiv brukermedvirkning er viktig for å oppnå gode og funksjonelle løsninger.»

Time kommune11 sin kommuneplan 2015–2027 byggjer vidare på ein fylkesdelplan for universell utforming og vektlegg universell utforming blant anna i omtale av helse og livskvalitet og under deltaking og aktivitet:

«Med stor byggjeaktivitet i kommunen er det viktig å verna og sikra grøntområde, møteplassar og leikeplassar. God planlegging og universell utforming av bygningar og uteområde verkar positivt inn på helse og livskvalitet og vernar mot risikofaktorar. […] I kommunen er universell utforming et prinsipp som vert tatt med i alle planprosessar og byggjeprosjekt slik at publikumsbygg, tur- og friområde, bustader, vegar og tiltak langs kollektivtransportaksane kan brukast av alle menneske utan spesiell tilpassing.»

Tidlegare Fusa kommunes12 samfunnsdel har tre hovudsatsingsområde:

  • Berekraftige lokalsamfunn
  • Treffsikre kommunale tenester
  • Samhandling og samarbeid

Dei skriv der:

«Innanfor satsingsområdet «berekraftige lokalsamfunn» skal hovudfokus vera på Fusa som naturkommune, bukommune og arbeidskommune. Omgrepet «berekraft» har òg ein sosial og kulturell dimensjon. Vi vil at innbyggjarane våre skal oppleva livskvalitet. Vi vil at Fusa skal vera ein trygg og god bukommune.»

Satsingsområde 1, Berekraftige lokalsamfunn, har som mål: «Bukommunen Fusa – TRIVSEL FOR ALLE». Under dette målet står det blant anna:

«Vi satsar på eit variert fritidstilbod for alle og fleire sosiale møteplassar ved bla å: Satsa aktivt på universell utforming slik at alle har gode føresetnader for å ta del i fritidsaktivitetar, uavhengig av funksjonsevne.»

5.4 Arealdelen i kommuneplanen

Arealdelen i kommuneplanen skal byggje på samfunnsdelen og følgje opp mål og strategiar som er vedtekne der. Arealdelen er det viktigaste verktøyet kommunen har for å styre arealbruken i tråd med måla i samfunnsdelen om korleis kommunen skal utvikle seg. Kommunen skal ha ein arealdel for heile kommunen, men det kan òg lagast kommunedelplanar for delar av kommunen, for eksempel for ein tettstad, ei kystsone eller eit fjellområde. Rettleiinga om arealdelen i kommuneplanen har meir informasjon om planprosess og utforming av arealdelen i kommuneplanen, sjå planlegging.no.

Arealdelen er ein vesentleg del av det langsiktige plangrunnlaget til kommunen og skal vise samanhengen mellom samfunnsutviklinga og den framtidige arealbruken. Det er i arealdelen at grunnlaget for utforming og utvikling av det fysiske miljøet blir lagt. Det er kommunen sjølv som fattar vedtak om bindande arealplan, og som gjennom denne planen kan sikre kvalitetar og verdiar i det fysiske miljøet som må takast omsyn til ved utbygging.

For alle kommuneplanar som kan få vesentlege utslag for miljø og samfunn, skal det utarbeidast eit planprogram, jf. § 4-1. Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosess med fristar og deltakarar, behov for utgreiingar og opplegg for medverknad, spesielt med tanke på grupper ein kan anta dette vil vedkomme særleg.

Planprogrammet skal òg gjere greie for planprosessen med framdriftsplan og opplegg for medverknad, spesielt overfor grupper ein antek dette vil vedkomme spesielt. Det er viktig å involvere grupper som råd for personar med funksjonsnedsetjingar og eldrerådet i prosessen, og slik kan rådet avtale med kommunen når i planprosessen det skal trekkjast inn og gi høyringsutsegner.

Alle forslag til planar skal etter lova ha ei planbeskriving som beskriv formålet med, hovudinnhaldet i og verknader i planen og korleis forholdet er mellom planen og rammer og retningslinjer som gjeld for området, jf. § 4-2. Planbeskrivinga bør omtale korleis ein skal ta i vare universell utforming i planforslaget og eventuelt i påfølgjande byggjesak.

5.4.1 Føresegner i arealdelen av kommuneplanen

Kommunane kan uavhengig av arealformål vedta føresegner til arealdelen i kommuneplanen om byggjegrenser, utbyggingsvolum, funksjonskrav, irekna om universell utforming, jf. § 11-9 punkt 5.

I tråd med dette kan universell utforming leggjast til grunn for alle arealformåla som er lista opp i § 11-7, særleg viktige blir nr. 1, 2 og 3, som omhandlar høvesvis busetnad og anlegg, samferdselsanlegg, teknisk infrastruktur og grønstruktur.

For desse arealformåla kan kommunen etter § 11-10 punkta 2 og 3 gi føresegner om fysisk utforming av anlegg og kva areal som skal vere til offentlege formål eller fellesareal.

Det som blir fastsett i arealdelen i kommuneplanen, angår heile befolkninga, og det er derfor viktig at kommunen jobbar aktivt med å involvere ulike grupper gjennom heile planprosessen. Planleggjarane i kommunen bør i den innleiande fasen av planarbeidet lage eit opplegg for korleis ein skal involvere grupper med særskilde behov for tilrettelegging, som råd for personar med funksjonsnedsetjing, eldreråd og barn og unge. Medverknadsopplegget skal beskrivast i forslag til planprogram. Gjennom god medverknad frå ulike grupper vil ein ved utarbeidinga av planforslaget kunne få nødvendige innspel og synspunkt på kva som er viktig for å få til universelle løysingar i det fysiske miljøet, og kva omsyn som blir særleg viktige i neste fase med reguleringsplan, og som bør fastsetjast i arealdelen.

Kommunen kan etter § 11-9 nr. 8 gi føresegn om forhold som skal avklarast og belysast i det vidare reguleringsarbeidet. Når det gjeld universell utforming, kan kommunen bestemme at det i reguleringsplanen skal avklarast og belysast korleis universell utforming er teken i vare i uteareal, gangvegar, fellesområde, leikeplassar mv., og kva vurderingar som er tekne.

Dersom kommunen ønskjer å gi føringar om løysingar eller beskrivingar, bør kommunane bruke dei juridiske verkemidla.

5.4.2 Utbyggingsavtalar

Plan- og bygningslova § 11-9 nr. 2 gir kommunen moglegheita til for å gi føresegner til arealdelen i kommuneplanen om utbyggingsavtalar etter § 17-2. Det er føresegnene om utbyggingsavtalar som gir rammene for kva som kan takast inn i vedtaket og føresegnene. Ein utbyggingsavtale vil vanlegvis vere knytt til reguleringsplanar som legg til rette for privat utbygging av vanlege byggjeformål som bustad, næring, hytter, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur i tillegg til grønstruktur.

I den grad det i arealdelen i kommuneplanen blir gitt føresegner om universell utforming for reguleringsplanar, jf. § 12-7 nr. 4 (funksjons- og kvalitetskrav til bygningar, anlegg og uteareal, irekna krav for å sikre omsynet til helse, miljø, sikkerheit, universell utforming og det særlege behovet barn har for leike- og opphaldsareal ute), kan ein utbyggingsavtale omhandle universell utforming.

5.4.3 Aktuelle vurderingar: arealdelen i kommuneplanen

Lista under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeidinga av arealdelen. Om denne blir utkvittert skriftleg, er opp til kommunen.

  • Korleis skal føringane i samfunnsdelen og arealstrategien for universell utforming opp i arealdelen?
  • Er gjeldande føresegner i arealdelen hensiktsmessige for å ta i vare omsynet til universell utforming?
  • Ønskjer kommunen for eksempel å styre plasseringa og utforminga av viktige fellesfunksjonar som leikeplassar, parkar og/eller parkeringsplassar for å oppnå at desse blir universelt utforma og tilgjengelege for alle?
  • Er det hensiktsmessig med ei føresegn om utbyggingsavtalar i arealdelen i kommuneplanen for å sikre at universell utforming blir teken i vare i reguleringsplanar?

5.4.4 Eksempel: universell utforming i arealdelen i kommuneplanen

Under gir vi nokon eksempel på korleis nokon kommunar har teke i vare universell utforming i arealdelen i kommuneplanen. Eksempla er ikkje uttømmande med omsyn til korleis universell utforming kan takast i vare gjennom arealdelen i kommuneplanen, men gir eit inntrykk av ulike måtar kommunane kan vurdere å ta omsyn til ambisjonane for universell utforming på.

Eksempel 1: Bergen kommune

Bergen kommune har Generelle føresegner i arealdelen i kommuneplanen og Retningslinjer som inneheld «målsettinger og veiledning ved bruk av bestemmelsene». Av generelle føresegner er for eksempel den innleiande føresegna:

§ 1 Formål (pbl § 11-5, jf. §§ 3-1 og 1-1)

Kommuneplanens arealdel skal bidra til å oppnå målene som er stilt i kommuneplanens samfunnsdel. Det pekes spesielt på at vi må:

  • sørge for en grønn, bærekraftig og klimanøytral byutvikling
  • fremme inkludering, likeverd og utjevne levekårsforskjeller
  • fremme folkehelse og forebygge sykdom
  • sikre gode oppvekstmiljø for barn og unge
  • […]

§ 7 Levekår (pbl § 3-1 første ledd, bokstav e og f)

7.1 Folkehelseplanen og kunnskap om levekår skal legges til grunn for all planlegging. Planforslag skal redegjøre for hvordan planen vil bidra til å oppnå kommunens mål for folkehelse og levekår.

7.2 Spesielt for levekårssoner: - 10 soner med høyest indeks: Tiltak som kan ha negativ effekt på levekår bør ikke tillates - 10 soner med høyest barneutflytting: Det skal legges spesiell vekt på gode kvaliteter for barnefamilier Byutviklingen skal bidra til å fremme god folkehelse, og til reduksjon av sosiale forskjeller

§ 8 Arkitektur og byform (pbl § 11-9 nr 6, jf. § 29-2)

8.2.3 Ny byutvikling skal planlegges i en menneskelig skala, med et finmasket byromsforløp der menneskets opplevelse fra gateplan gir premisser for bygningsutformingen

8.2.6 Det skal sikres kvalitet i arkitektur og byromsutforming. Det skal legges vekt på nytenking, universell utforming og innovasjon for bygninger og byrom med viktige allmenne funksjoner.

§ 15 Universell utforming (pbl § 11-9 nr 5)

Reguleringsplaner skal redegjøre for universell utforming både internt i planområdet og i sammenheng med omgivelsene. Der det kan oppstå konflikt mellom ulike hensyn skal planarbeidet avveie alternative løsninger basert på prinsippet om inkludering og likeverd.

§ 16 Mobilitet (pbl §§ 11-9 nr 3)

16.1 Gående, syklende og kollektivtransport skal prioriteres ved planlegging av transportsystemet. 16.2 Ved regulering av tiltak etter §§ 26 og 27 (bebyggelse og anlegg) større enn 5000 m2 BRA, eller som beregnes å gi mer enn 50 arbeidsplasser skal det utarbeides mobilitetsplan.

Retningslinjer som inneheld «målsettinger og veiledning ved bruk av bestemmelsene»:

Mobilitetsplan skal blant annet redegjøre for (utdrag):

  • Hvordan det legges til rette for å begrense transportbehovet, fremme miljøvennlig transport og sikre trygg varelevering, parkering og tilkomst for alle
  • Universell tilgjengelighet

Eksempel 2: Tidlegare Os kommune, no Bjørnafjorden

Tidlegare Os kommune (no Bjørnafjorden kommune) sa i si Planbeskriving til arealdelen i kommuneplanen (2012–2023) at universell utforming skal vere eit grunnprinsipp for stadutviklinga si (sjå 2.1 under). Følgjande blir sagt i relasjon til universell utforming (utdrag):

2 RAMMER OG FØRESETNADER FOR PLANARBEIDET

I utarbeiding av kommuneplanens arealdel skal ein legge til grunn føringer som for eksempel lovverk, forskrifter, rikspolitiske retningslinjer og fylkesplanar. Os kommune har også eigne planar og utgreiingar som skal vere grunnlag for planlegginga.

2.1 OVERORDNA FØRINGAR

Universell utforming

Universell utforming har stort fokus i nasjonale strategiar, for å bidra til eit lett tilgjengeleg samfunn for alle og hindre diskriminering. Utforming og tilrettelegging av fysiske forhold fremjar like moglegheiter til samfunnsdeltaking. Ny teknisk forskrift (Forskrift om krav til byggverk, heimla i byggesaksdelen av ny plan- og bygningslov), konkretiserar prinsippet om universell utforming.

I tillegg set Fylkesdelplan Deltaking for alle – Universell utforming 2006-2009 som mål at universell utforming skal vere ein premiss i kommuneplaner og reguleringsplanar.

I samband med tettstadsutvikling og fokus på forsterking av tettstadsstrukturen i Os kommune, vil universell utforming vere eit grunnprinsipp.

Arealdelen til kommuneplanen for Os 2012 – 2023.

5 FØRESEGNER OG RETNINGSLINJER TIL AREALDELEN

Planen er heimla i PBL § 5.

Føresegnene til arealplanen er ein del av planen, og har juridisk verknad på lik linje med plankartet. Desse er skrivne som nummererte kulepunkt.

Retningslinjene er ikkje juridisk bindande, men er retningsgjevande og gjev utfyllande opplysningar til føresegnene.

5.3.1 GENERELLE RETNINGSLINJER

[…]

5. Ved utbygging og gjennomføring av tiltak bør det i størst mogeleg grad sikrast god tilgjenge for alle, til dømes rørslehemma, orienteringshemma og miljøhemma (universell utforming). Bygningar og anlegg skal gjevast universell utforming slik at dei kan brukast på like vilkår av så stor del av innbuarane som mogeleg.

Eksempel 3: Trondheim kommune

I rettleiinga Krav til uterom knytt til arealdelen i kommuneplanen 2012–2024 set kommunen krav om universell utforming av uterom (utdrag):

Krav til uterom - veileder Kommuneplanens arealdel 2012-2024 Vedlegg 16.

Retningslinjer og bestemmelser KPA 12-24 30.

Uterom for bolig

§ 30.1 Uterom skal være mest mulig sammenhengende, ha gode solforhold, tilfredsstillende støynivå og være skjermet mot motorisert trafikk og forurensing.

§ 30.2 Uterom for felles bruk skal utformes etter prinsippene om universell utforming. Uterommet skal være godt egnet som sosial møteplass for alle aldersgrupper og utformes slik at det kan brukes til alle årstider

Eksempel 4: Trondheim kommune

I Trondheim kommunes Kommunedelplan Lade, Rotvoll, Leangen gir kommunen føresegner om dokumentasjon og beskrivingar knytte til omsynet til universell utforming:

Bestemmelser:

3 SPESIELLE KRAV TIL DOKUMENTASJON I PLAN- OG BYGGESAKER

3.3 Tilgjengelighet

Ved all planlegging og utbygging i området skal det dokumenteres hvordan det er tatt hensyn til tilgjengelighet for alle og universell utforming.

7 UTFORMING AV UTEROM

7.1 Innenfor hvert byggeområde skal det avsettes nok ubebygd areal til å få gode uterom og uterom med tilstrekkelig oppholdsareal, vrimleareal og møteplasser og eventuell bakkeparkering. Uterom bør tilrettelegges for alle brukergrupper og opparbeides med grøntanlegg, benker, lekeapparater, ha gode solforhold og være belyst.

8. UTFORMING OG BRUK AV FRIOMRÅDER

8.1 Framtidig bydelspark, F1 (Lade) Området skal opparbeides som bydelspark. Minimum 8 daa av området skal opparbeides som bymessig park med parkbeplantning, benker, lekeapparater og kunstnerisk utsmykking. Øvrige deler av parken skal opparbeides som robust lek-, aktivitets- og oppholdsområde; med balløkke, lekeapparater, akemuligheter og slitasjesterk naturlig vegetasjon. I sonen langs Jarlevegen, Lade allé og Haakon VII’s gate skal det etableres en flersjiktet vegetasjonssone, eventuelt kombinert med støyskjermer/støyvoller. Bydelsparken bør ha belysning.

Ladeparken, omtalt i rapporten: Ladeparken– universell utforming Vedlegg til årsrapport 2011 ressurskommune i universell utforming.

5.5 Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner og beskriving som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, jf. plan- og bygningslova § 12-1. Reguleringsplanen skal følgje opp føringar gitte i arealdelen til kommuneplanen. Lova stiller krav om reguleringsplan for store tiltak. I tillegg kan kommunen stille krav om reguleringsplan i arealdelen i kommuneplanen.

Det er to typar reguleringsplanar: områderegulering og detaljregulering. Områderegulering skal gi detaljerte områdevise avklaringar der kommunen ser behov for dette, mens detaljregulering er ein plan for gjennomføringa av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern. Detaljregulering skal brukast for å følgje opp arealdelen i kommuneplanen og områderegulering.

Reglar om oppstartsfasen er gitte i plan- og bygningslova § 12-8. Kongen har fastsett ei eiga forskrift om behandlinga av private planforslag, jf. forskrift 8. desember 2017 nr. 1950 om behandling av private forslag til detaljregulering etter plan- og bygningsloven. Det er naturleg at forslagsstillar i denne fasen også innhentar relevant og nødvendig planinformasjon frå kommunen og elles avklarer kva juridiske rammer og skrankar som det er nødvendig å rette seg etter ved ei utbygging av eigedommen. Dette vil for eksempel kunne omfatte eigedomsinformasjon, innhaldet i overordna arealplanar, krav til reguleringsplan i tillegg til retningslinjer og føringar som elles måtte gjelde for området eller eigedommen frå myndigheitene. Meir informasjon finst i rettleiinga frå departementet: Veileder om reguleringsplan.

5.5.1 Planprogram

Det skal etter § 4-1 utarbeidast planprogram dersom reguleringsplanen kan få vesentlege utslag for miljø og samfunn. Som ledd i varslinga av planoppstarten skal det utarbeidast planprogram som grunnlag for planarbeidet.

Planprogrammet skal gjere greie for målet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverknad, spesielt overfor grupper ein må gå ut frå dette vil vedkomme særleg, kva alternativ som vil bli vurderte, og behovet for utgreiingar.

5.5.2 Planbeskriving og konsekvensutgreiing

Alle forslag til planar skal ha ei planbeskriving som fortel kva formålet med planen er, hovudinnhaldet, verknader og korleis forholdet er mellom planen og rammer og retningslinjer som gjeld for området.

Reguleringsplanar som kan få vesentlege utslag for miljø og samfunn, skal i planbeskrivinga gi ei eiga vurdering og konsekvensutgreiing av verknadene planen har for miljø og samfunn.

5.5.3 Føresegner til bruk i reguleringsplanar

Etter § 12-7 kan kommunen gi føresegner som bidreg til å skape universelt utforma område.

Etter § 12-7 nr. 4 kan det det givast føresegner om

«funksjons- og kvalitetskrav til bygninger, anlegg og utearealer, herunder krav for å sikre hensynet til helse, miljø, sikkerhet, universell utforming og barns særlige behov for leke- og uteoppholdsareal.»

Etter § 12-7 nr. 5 kan det blant anna relatert til eit område givast føresegner om nærmare krav til tilgjenge og om utforming av bustader der det er hensiktsmessig for spesielle behov.

Etter § 12-7 nr. 10 blir det gitt føresegner med krav om særskild rekkjefølgje for gjennomføringa av tiltak etter planen og at utbygging av eit område ikkje kan skje før tekniske anlegg og samfunnstenester som (utdrag) «transport, vegnett, friområder er tilstrekkelig etablert».

Etter § 12-7 nr. 11 kan det òg givast føresegner om krav om detaljregulering for delar av eit planområde og eller bestemte typar av tiltak og retningslinjer for slik plan.

Etter § 12-7 nr. 12 kan kommunen gi føresegner «om nærmere undersøkelser før gjennomføringa av planen, samt undersøkelser med sikte på å […] og klargjøre virkninger for miljø,[…] og tilgjengelighet for alle [...] ved gjennomføring av planene og enkeltvedtak i den».

Og ut frå nr. 14. kan det bestemmast kva areal som skal vere til offentlege formål eller fellesareal.

Føresegner gitte i reguleringsplanar skal etterlevast i byggjesaka, samtidig som tekniske krav til universell utforming i bygg og uteareal blir regulerte gjennom byggteknisk forskrift (TEK).

5.5.4 Aktuelle vurderingstema – reguleringsplanar

Spørsmåla under er til refleksjon og til hjelp i drøftingar ved utarbeiding og behandling av reguleringsplanar.

  • Kva føresegner, rekkjefølgjekrav og retningslinjer finst i dei overordna planane kommunen har for det aktuelle området (samfunnsdel, arealdel og eventuell kommunedelplan)?
  • Korleis skal desse følgjast opp i reguleringsplanen og i planprosessen, blant anna i opplegga for medverknad?

5.5.5 Eksempel: universell utforming i reguleringsplanar

Hamaren aktivitetspark i Fyresdal

Spektakulær natur med høge fjell, djupe fjordar og kupert terreng er ikkje tilgjengeleg for alle, sjølv om dei bur rett i nærleiken. Eldre, småbarnsfamiliar, personar med nedsett funksjonsevne og framandkulturelle utan kunnskap om tøff natur har derfor store problem med å bruke naturen til helsefremjande fysisk aktivitet og sanseopplevingar. Dette ønskte Fyresdal kommune å gjere noko med ved å tilby ein sentrumsnær universelt utforma aktivitetspark. 

Parken ligg rett ved barnehage, skole og eldre- og sjukeheim. Fysisk aktivitet i naturen er eit effektivt verkemiddel for å betre folkehelsa. Parken er dessutan blitt eit sosialt samlingspunkt for alle innbyggjarane uansett etnisitet, alder eller funksjonsevne, noko som aukar trivselen for alle.

Heile turvegen er universelt utforma og passar for alle brukargrupper. Total lengd er cirka 2,4 km i lett terreng, og dei mest brukte stiane er skilta og merkte av på kartet.

Aktivitetsparken vann innovasjonsprisen for universell utforming i kategorien landskapsarkitektur i 2017.

Kilde: Foto: Fyresdal Kommune.

Les meir om prosjektet:

Schandorffs plass, Oslo

Schandorffs plass er ei tidlegare gate omregulert til friområde (park/plass) sentralt i Oslo. Gata enda tidlegare i ein bevaringsverdig mur og var berre mogleg å krysse via trapper med ein høgdeforskjell på sju meter. Ved omreguleringa og prosjekteringa blei det valt å gjere universell utforming til eit hovudmotiv for utforminga av parken. (Kjelde: Schandorffs plass | DOGA)

Reguleringsplanen omfatta eit større bygg, friområdet som utgjer plassen, og noko tilgrensande gateareal. Universell utforming av friområdet er sikra i reguleringsplanen gjennom denne føresegna:

«§ 6. Friområde: Park/plass i Schandorffs gate opparbeides med steinbelegg og beplantning med utgangpunkt i illustrasjonsplan og krav til universell utforming. Utformingen av parken skal skje i samarbeid med Friluftsetaten og Byantikvaren. Parken skal være ferdig opparbeidet ved utgang av påfølgende sommer etter at midlertidig brukstillatelse for nybygg er gitt.» (Kjelde: https://innsyn.pbe.oslo.kommune.no/saksinnsyn/showregbest.asp?planid=91052263)

Plassen vann innovasjonsprisen for universell utforming i kategorien landskapsarkitektur i 2011.

Schandorffs plass sto ferdig i 2009 og vart teikna av landskapsarkitektane Østengen & Bergo AS.

Kilde: Foto: Østengen & Bergo.

Kilde:

Schandorffs plass sto ferdig i 2009 og vart teikna av landskapsarkitektane Østengen & Bergo AS.

Kilde: Foto: Østengen & Bergo.

Les meir om prosjektet her:

Fotnoter

4.

Eksempel – lenkjer til viste eksempel i rettleiinga. Meløy kommune: https://www.meloy.kommune.no/globalassets/dokumentarkiv/plan-og-naring/horinger/samfunnsdel2020/oppstart-av-arbeid-med-kommuneplanens-samfunnsdel-160420.pdf

5.

Oppdal kommune: https://www.oppdal.kommune.no/globalassets/pdfdokumenter/aktuelt/planstrategi_kunngjoring_02062020.pdf

6.

Oslo kommune: https://tjenester.oslo.kommune.no/ekstern/einnsyn-fillager/filtjeneste/fil?virksomhet=976819837&filnavn=5f0ac5fb48c54d04a52c723f968c1d60_f57899a5282fbd13dfec0c8aee49c74c.pdf

7.

Etne kommune: https://www.etne.kommune.no/kommunal-planstrategi-etne-kommune-2016-2020.5941056-130335.html

8.

Stange kommunes samfunnsdel vedteke 2014: Utkast_samf_del _versjon5_ (stange.kommune.no)

9.

Sortland kommune: https://www.sortland.kommune.no/_f/p4/id845a0c1-dec7-410b-b260-bebaa73f6732/strategidokumentet1.pdf

10.

Ullensaker kommunes samfunnsdel: kommuneplanens-samfunnsdel-endret-etter-vedtak.pdf (ullensaker.kommune.no)

11.

Time kommune: https://m.time.kommune.no/_f/p1/ia0156489-0975-42d2-a06e-da46e6faffba/kommuneplan-samfunnsdelen.pdf

12.

Fusa kommunes samfunnsdel: untitled (bjornafjorden.kommune.no)
Til forsiden