7 Universell utforming bidreg til å nå bærekraftsmåla
Universell utforming av dei bygde omgivnadene er eit viktig verkemiddel for at alle skal kunne delta i samfunnsutviklinga, og dermed også for at berekraftsmåla skal nåast. Planlegging som tek i vare universell utforming av dei bygde omgivnadene, bidreg til måloppnåing på ei rekkje berekraftsmål. Det er derfor viktig at prinsipp for tilgjenge og universell utforming blir lagde til grunn i den overordna samfunns- og arealplanlegginga og i dei fysiske løysingane som blir tekne i vare i den enkelte detaljplanen.
Universell utforming i planlegging, prosjektering og rehabilitering av bygg og uteområde i barnehagar, skolar, utdanningsinstitusjonar og andre bygg for allmenta er viktige bidrag til måloppnåing på berekraftsmål 4 om god utdanning og mål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Delmål 4.5 handlar blant anna om å sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper og delmål 8.5 om å oppnå full og produktiv sysselsetjing og anstendig arbeid for alle, inkludert personar med nedsett funksjonsevne.
Nedbygging av fysiske barrierar i bustader, transportinfrastruktur og omgivnader er eit gjennomgåande prinsipp i mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn. Delmål 11.1 handlar om at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkommeleg pris. Delmål 11.2 handlar blant anna om at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem, og delmål 11.7 handlar om allmenn tilgang til trygge, inkluderande og lett tilgjengelege grøntområde og offentlege rom. Kvinner, barn og eldre og personar med nedsett funksjonsevne er trekte fram som særleg viktige under begge delmåla.
Universell utforming av dei fysiske omgivnadene gjer det mogleg å delta i samfunnet og bidreg til å utjamne forskjellar mellom menneske. Dette er dermed viktig for berekraftsmål 10 om mindre ulikskap. Eit anna gjennomgåande prinsipp i berekraftsmåla er involvering og medverknad. Delmål 11.3 handlar blant anna om å styrkje moglegheita for ei deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning. Utforminga av dei fysiske omgivnadene og medverknaden i planprosessar er viktige bidrag for dette. Dette er òg viktig i berekraftsmål 16 om fred, rettferd og velfungerande institusjonar. Mål 16.7 handlar om å sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerder på alle nivå og delmål 16 b) om å fremje og handheve ikkje-diskriminerande lover og politikk for berekraftig utvikling.
Eit gjennomgripande prinsipp i Agenda 2030 er berekraftsmål 17 om samarbeid for å nå måla. For å bidra til eit universelt utforma samfunn der flest mogleg kan delta, krevst det samarbeid og innsats frå alle involverte aktørar – offentlege myndigheiter, planleggjarar, prosjekterande og utførande.