1 Kvifor regionalt planforum?
Regionalt planforum er ein viktig arena for å klarleggje og samordne statlege, regionale og kommunale interesser i kommunale og regionale planprosessar. I planforum møter kommunane aktuelle regionale og statlege myndigheiter for å drøfte konkrete plansaker. Alle fylke har etablert regionale planforum, og arrangerer jamleg møte.
Planforum kan bidra til betre planar gjennom
- betre samordning av forskjellige interesser
- raskare avklaring av interessekonfliktar
- færre motsegner og innvendingar
- opnare og meir føreseielege planprosessar
- meir samstemt praksis i plansakene i eit fylke
1.1 Regionalt planforum er lovpålagt
Regionalt planforum er heimla i plan- og bygningslova § 5-3, i kapitlet om medverknad i planlegginga.
§ 5-3 Regionalt planforum
I hver region skal det være et regionalt planforum. I planforumet skal statlige, regionale og kommunale interesser klarlegges og søkes samordnet i forbindelse med arbeidet med regionale og kommunale planer.
Regional planmyndighet oppretter regionalt planforum. Statlige og regionale organer og kommuner som er berørt av den aktuelle sak, skal delta. Andre representanter for berørte interesser kan inviteres til å delta i planforumets møter.
Regional planmyndighet har ansvar for planforumets ledelse og sekretariat.
Føresegna om regionalt planforum blei teken inn i plan- og bygningslova i 2008. Mange fylkeskommunar hadde etablert eit slikt forum, og hadde god erfaring med det. I 2017 blei avgjerda om at kvar region bør ha eit planforum, endra. Det er no ei lovpålagd oppgåve for fylkeskommunen å etablere ein arena der planmyndigheita kan møte aktuelle regionale og statlege myndigheiter for å få innspel i konkrete planprosessar.
Det er eit mål at diskusjonar i regionalt planforum skal bidra til tidleg avklaring og samordning av interesser i konkrete plansaker. Når vi tidleg får klargjort nasjonale og viktige regionale mål og omsyn, blir grunnlaget for planlegginga betre. Det reduserer behovet for motsegner og innvendingar i høyringsfasen. I Prop. 110 L (2016–2017) om endringar i plan- og bygningslova står det på side 55 følgjande om regionalt planforum:
«Regionalt planforum skal være en møteplass for klarlegging og samordning av de ulike interessene knyttet til generelle eller konkrete planspørsmål. Departementet mener en tidlig dialog i planforum vil kunne avklare interessekonflikter, og eventuelt løse disse, slik at man unngår innsigelser og innvendinger mot planforslagene. Regionalt planforum er tenkt som et fleksibelt og målrettet organ, der de statlige og regionale myndigheter, og kommuner som berøres av den enkelte sak, skal delta. Fylkeskommunen må være tydelig i formidlingen av hvilke typer saker som ønskes drøftet i planforum, og prioritere tiden til kommuneplaner, regionale planer og reguleringsplaner som berører nasjonale og viktige regionale interesser. Departementet mener at planforumet er viktig for kunnskapsutveksling mellom de ulike aktørene i planprosessen.»
Regionalt planforum har ikkje vedtaksmyndigheit eller ein formell meklingsfunksjon. Det er ikkje obligatorisk for fylkeskommunane og kommunane å bruke regionalt planforum i ein planprosess, men dei skal ha høve til å bruke det ved behov. Det er viktig at det er einigheit mellom fylkeskommunane og statlege etatar om oppgåvene og funksjonsmåten til forumet.
Fylkeskommunen har hovudansvaret for regional planlegging og for å rettleie kommunane i planlegging etter plan- og bygningslova. Det er også fylkeskommunen som har ansvaret for å opprette, organisere og leie regionalt planforum. Forumet skal i praksis vere ein felles arena for fylkeskommunen og staten på regionnivå i arbeidet med kommunale og regionale planar.
1.2 Arena for klarlegging og samordning
Regionalt planforum skal bidra til å klarleggje og samordne dei ulike interessene i kommunale og regionale planprosessar.
Hovudansvaret for å samordne statlege, regionale og kommunale interesser i ein planprosess ligg hos planmyndigheita, det vil seie kommunestyret for kommunale planar og fylkestinget for regionale planar. Planmyndigheita skal sørgje for at alle interesser kjem fram i planprosessen, avklare korleis dei skal integrerast i planløysinga, og gjere dei endelege avvegingane av kva interesser som skal vektleggjast. Dei aktuelle myndigheitene skal bidra til samordning gjennom samarbeid og medverknad i planprosessen. Ein viktig del av dette er å klargjere kva interesser og verdiar planmyndigheita må ta omsyn til i den konkrete planprosessen, jf. plan- og bygningslova § 3-2 tredje ledd:
«Alle offentlige organer har rett og plikt til å delta i planleggingen når den berører deres saksfelt eller deres egne planer og vedtak og skal gi planleggingsmyndighetene informasjon som kan ha betydning for planleggingen (...).»
For planmyndigheita er det avgjerande at handlingsrommet for samordning blir kjent og avklart gjennom planprosessen. Regionale og statlege myndigheiter må bidra til dette ved å gi tydeleg og konkret informasjon om statlege og vesentlege regionale interesser og omsyn. For at planforum skal vere ein arena som bidreg til å løyse interessemotsetningar og reduserer behovet for motsegner og innvendingar, må konfliktpotensialet klarleggjast tidleg.
1.3 Ein av fleire arenaer for medverknad
Plan- og bygningslova har fleire føresegner om medverknad i planlegginga. Regionalt planforum er ein av arenaene der dette skjer.
- Det skal leggjast til rette for medverknad i alle planprosessar, og kommunen har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, jf. plan- og bygningslova § 5-1.
- Høyring og offentleg ettersyn av planforslag skal sikre at myndigheiter, ramma partar og andre interesserte får høve til å komme med merknader og innspel til planarbeidet, jf. plan- og bygningslova § 5-2.
- Regionalt planforum er ein medverknadsarena der statlege og regionale organ og kommunar møtest for å drøfte den aktuelle plansaka og få til samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå, jf. plan- og bygningslova § 5-3.
- Aktuelle myndigheiter kan komme med motsegn for å sikre at nasjonale og vesentlege regionale interesser blir tekne omsyn til i kommunale planar. Retten til å fremje motsegn kan falle bort dersom den aktuelle myndigheita ikkje har delteke i planprosessen, jf. plan- og bygningslova §§ 5-4 og 5-5.
1.4 Fylkeskommunen som planfagleg rettleiar
Fylkeskommunen har ansvar for regional planlegging og for å rettleie og hjelpe kommunane i planleggingsoppgåvene deira, jf. plan- og bygningslova §§ 3-2 og 3-4. Den planfaglege rettleiinga skjer gjennom generell kompetanseheving og ved handsaming av konkrete plansaker. Fylkeskommunen skal samarbeide med Statsforvaltaren om rettleiingsoppgåvene.
Oppgåva som planfagleg rettleiar kjem i tillegg til rolla som regional planmyndigheit og fagmyndigheit på ulike område som til dømes kulturminnevern, samferdsel og folkehelse.
I oppstartsfasen til kommunale planprosessar skal fylkeskommunen gi tilbakemelding på om planane er i strid med nasjonale og regionale mål og retningslinjer eller sektorlover som fylkeskommunen har ansvar for. Fylkeskommunen gir òg planfaglege råd og merknader for å unngå motsegn ved høyring.
Regionalt planforum bør ikkje nyttast som ein generell rettleiingsarena. Her skal konkrete plansaker diskuterast med tanke på å formidle nasjonal og regional politikk, og deltakarane skal gi planfaglege råd i samsvar med ansvarsområda myndigheitene er tillagde. Desse kjem mellom anna fram i vedlegg til rundskriv H-2/14 Retningslinjer for innsigelse i plansaker etter plan- og bygningsloven.
Ved å reindyrke regionalt planforum som ein arena der ein klargjer og samordnar interesser i konkrete saker, bidreg vi til å styrkje autoriteten til og betydninga av forumet.
1.5 Suksesskriterium for regionalt planforum
Mange opplever regionalt planforum som ein nyttig arena, og særleg tre eigenskapar blir trekte fram som viktige:
- Planforum er ein fast arena for dialog om konkrete plansaker.
- Planforum aukar forståinga for rammene, moglegheitene og avgrensingane til aktørane.
- Regionalt planforum har ein konfliktavklarande funksjon.
«I regionalt planforum får vi nødvendige avklaringer og innspel til det kommunale planarbeidet.» Hans Erik Ringkjøb, ordførar i Voss kommune |
«Kommunen har stor nytte av regionalt planforum sidan det er eit høve for kommunen til å drøfte planar med dei som etter lova er høyringsinstansar og eventuelt har motsegnsrett.» Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune |
Organiseringa og gjennomføringa av møte i planforum varierer frå fylke til fylke og frå sak til sak. Det er likevel nokre suksesskriterium som går att, og som kan gi eit godt grunnlag for opplegget i alle fylka.
Suksesskriterium
- Aktørane har felles forståing av føremålet med planforum.
- Møta er godt førebudde
- Relevant planmateriale blir sendt ut i god tid før møtet.
- Problemstillingane som skal diskuterast, er konkretiserte.
- Fylkeskommunen gir planforum autoritet og prioritet
- Det blir sett av tilstrekkeleg ressursar til planlegging og gjennomføring av møta.
- Møteleiaren har erfaring og bidreg til gode diskusjonar.
- Møteplanen er føreseieleg.
- Dei riktige deltakarane er med
- Myndigheiter som er rørte ved av saka, deltek og er godt førebudde.
- Møtedeltakarane har gjort interne avklaringar før møtet.
- Møtedeltakarane har tilstrekkeleg mandat til å klargjere interesser og bidra til samordning.
- Det blir ført referat frå møtet
- Problemstillingar som blei tekne opp før møtet, blir svarte ut eller følgde opp i etterkant.
I kapitla under er desse punkta nærmare beskrivne.