Rettleiar om organisering og gjennomføring av regionalt planforum

Til innhaldsliste

7 Andre samordningsarenaer

Samordning i planlegginga føregår på ulike måtar og på ulike arenaer. Nedanfor følgjer ein omtale av andre viktige samordningsarenaer i planprosessane.

7.1 Statsforvalteren si samordning av statlege interesser og motsegner

Statsforvalteren skal bidra til at aktuelle statlege fagmyndigheiter gir innspel til kommunale planar og er aktive medspelarar i arbeidet med å utforme planforslag.

Statsforvalteren samordnar motsegner innanfor eigne ansvarsområde. Slik det kjem fram av brev 22. desember 2017 frå Kommunal- og moderniserings­departementet, skal statsforvaltaren i tillegg samordne motsegner fremja av andre statlege myndigheiter. I samband med samordninga tilbyr statsforvaltaren dialogmøte med kommunen og motsegnsmyndigheita. Det skjer i høyringsfasen eller etter høyring.

7.2 Intern samordning i kommunen

Den interne samordninga og det tverrfaglege arbeidet til kommunen er avgjerande for å sikre samordning i planlegginga. Fleire kommunar har etablert faste interne «planforum» eller faggrupper der ansvarlege for arealplanlegging, teknisk sektor, landbruk, miljø og naturforvaltning med fleire tek opp plansaker og prinsipielle dispensasjonssaker. I enkelte kommunar har slike forum faste møtedagar.

7.3 Fylkeskommunen

Intern samordning

For å kunne utøve samordningsansvaret sitt på ein god måte er også fylkeskommunen avhengig av god intern samordning. Mange fylkeskommunar har gode rutinar for dette med faste interne «planforum» der dei går gjennom innkomne plansaker.

Regionale planar

Fylkeskommunen har ansvar for å utarbeide regionale planar for tema som er fastsette i regional planstrategi. Det kan gjelde ei rekkje ulike tema, til dømes landbruk, villrein eller samordna areal- og transportplanlegging. Dei regionale planane er viktige samordningsarenaer som fylkeskommunen har ansvaret for.

Nettverkssamlingar, konferansar og kunnskapssamordning

Nettverkssamlingar og konferansar er viktige arenaer for å ta opp tema og problemstillingar som gir grunnlag for betre samordning av interesser i konkrete planprosessar. Gode arenaer og rutinar for kunnskapsdeling og diskusjon mellom myndigheitene og kommunen er viktig for at kommunane skal kunne utøve ansvaret som samordnande myndigheit i kommunale planprosessar. Her handlar det meir om kunnskap enn styring for å ta vare på regionale omsyn.

Kunnskapsgrunnlag

Eit regionalt tilpassa kunnskapsgrunnlag er eit viktig grunnlag for samordning i planprosessar. I fleire fylke blir det bygd opp statistikk og eigne digitale temadatalag og rettleiingsportalar som er tilpassa regionen, med kopling til nasjonale datasett gjennom nettportalen geonorge.no. Kunnskap hos fylkeskommunen og lett tilgjengeleg digital informasjon er viktig for kommunane.