1 Samandrag og innleiing
Frå kapittel 2 til og med 5 blir det gjort greie for bruken av låne- og tilskotsordningane gjennom Husbanken i 1996 og 1997: Kapittel 2 rapporterer hovudtrekka i utviklinga i bustadsektoren i 1996-97, kapittel 3 rapporterer utviklingstrekk i verksemda til Husbanken, kapittel 4 rapporterer nærmare om bustadtilskot og kvalitetstilskot og kapittel 5 rapporterer om bustønaden og samordninga mellom butilskotsordninga og bustønadsordninga på høvevis Sosial- og helsedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet sine budsjett. Det blir gitt brei presentasjon og rapportering av bustønadsordninga, både med omsyn til målgrupper og buformer. Rapporteringa syner at midlane i Husbanken blir nytta i tråd med intensjonane, og at mange av måla er nådd.
Husbanken har spelt ei aktiv og konstruktiv fagleg rolle i oppstarten og gjennomføringa av handlingsplanen for omsorga for eldre. Planlegging og oppføring av bustader og sjukeheimsplassar er i godt gjenge. Samarbeidet med kommunane har vore vellukka så langt og lovar bra for resten av programperioden.
Kapittel 6 gjennomgår Husbankens ordning med lån til oppføring av nye bustader, og effekten av ordninga. Gjennomgangen av resultat og røynsler for dei seinare åra syner at banken har makta å gjennomføre dei bustadpolitiske oppgåver han har hatt ansvaret for. Dette gjeld rolla som medhjelpar til bustadetablering, som verkemiddel for bustadbygginga under lågkonjunkturen i første halvdel av 90-talet og som verkemiddel i å prøve å tilpasse bustadbygginga til byggjeressursane dei seinare åra.
I ein periode med aukande kostnadspress har Husbanken aktivt medverka til at byggjekostnader og buutgifter har halde seg innanfor rimelege grenser. Den sosiale profilen på bankens utlån og tilskot treffer godt dei prioriterte målgruppene. Den regionale fordelinga syner at Husbankens del av bustadbygginga i dei store byane har gått ned. Grunnane til dette kan vere fleire, men låg bustadbygging og auka kostnader er nokre av faktorane.
Røynslene med omlegginga av rentesystem og subsidiar er gode. Fastsetjinga av renta har gitt ei stabil utvikling på eit rimeleg nivå, endringane i rentenivå er ikkje dramatiske og låntakarane blir varsla i rimeleg tid.
Kapittel 7 gjennomgår utfordringar med omsyn til Husbankens oppføringslån. Oppføringslånet er Husbankens mest omfattande ordning. Det er knytt målsetjingar til denne ordninga, både når det gjeld fordeling og levekår - om bumiljø, bustadkvalitet og miljø - og om velfungerande bustadmarknader i pressområda og distrikta. Det blir særleg lagt vekt på at oppføringslånet skal supplere den private kredittmarknaden, og at det må sikre bygging av gode bustad- og bumiljøprosjekt. Det blir òg framheva at det er nødvendig med ein aktiv kommunal bustadpolitikk med omsyn til planprosess, tomtestrategiar, arealutnytting, innsats overfor svake grupper og miljøutfordringar.
Kapittel 8 har ein gjennomgang av dei kommunale bustønadsordningane. Det er lite som skil dei kommunale bustønadsordningane frå den statlege ordninga. Hovudregelen er at dei hushalda som tek imot kommunal bustønad, får dette som eit tillegg til den statlege bustønaden. Departementet ser positivt på at kommunane etablerer eigne bustønadsordningar, og ser dei kommunale ordningane som eit nyttig og ofte nødvendig supplement til statens bustønadsordning. Departementet vil derfor rå til at fleire kommunar vurderer å etablere eigne kommunale bustønadsordningar.
Det blir sett nærmare på regelverka til unge uføre i den statlege bustønaden. Utgreiinga frå departementet syner at bustønaden blir utmåla på særskilt grunnlag for denne gruppa og at ho får meir i bustønad enn andre hushaldgrupper. Det gjer at òg fleirtalet av unge uføre bur godt.
Det blir gjort nærmare greie for regjeringa sitt forslag i St prp nr 1 (1998-99) om å oppheve bustadavgrensinga for barnefamiliar med omsyn til utleigebustader og å auke buutgiftstaket for barnefamiliar.
Departementet viser elles til St prp nr 19 (1996-97) Samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bustønadsordning og Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning, Innst S nr 99 (1996-97), St prp nr 80 (1996-97) Oppfølging av samordning av dei statlege bustønadsordningane, Innst S nr 291 (1996-97), St meld nr 34 (1994-95) Om Husbankens rentevilkår og subsidieprofil, Innst S nr 40 (1995-96) og St meld nr 49 (1997-98) Om boligetablering for unge og vanskelegstilte. Elles viser departementet til nasjonal- og statsbudsjetta for 1996, 1997 og 1998.
Kontrollkomiteen i Husbanken godkjende årsmeldinga og rekneskapen for 1996 i møte 20. mars 1997 og tilsvarande for 1997 i møte 2. april 1998.