3 Sluttkommuniké, Brussel, 9. juni 2005 Møte i Nordatlantisk råd ved forsvarsministrane
Forsvarsministrane i Nordatlantisk råd møttest den 9. juni 2005.
Vi diskuterte dei pågåande operasjonane og oppdraga i NATO, og framgangen i omdanninga av dei militære kapasitetane i organisasjonen.
Vi rosar alle mennene og kvinnene som har teke del i NATO-leidde operasjonar, og uttrykkjer vår medkjensle med familiane til dei som har døydd eller er blitt skadde i tenesta. Vi takkar partnarane våre og andre ikkje-NATO-land som medverkar til operasjonane i alliansen.
Arbeidet med å skape fred og stabilitet i Afghanistan har hatt framgang. NATO vil halde fram med å støtte dei afghanske styresmaktene i nær samordning med andre internasjonale organisasjonar. ISAF-utvidinga vestover i landet er snart fullført. To regionale gjenoppbyggingsteam (PRT) er nyleg komne under NATO-kommando, og to nyoppretta PRT følgjer til sommaren. Planlegginga av ei vidare ISAF-utviding sørover, trinn 3, held fram. Vi gav dei militære styresmaktene i oppgåve å halde fram med den operative planlegginga av støtte til val på nasjonalforsamling og til lokalval, mellom anna i form av mellombels utplassering av ekstrastyrkar; vidare å halde fram med ISAF-utvidinga, å gå grundig gjennom operasjonsplanen og å treffe tiltak for å auke synergien mellom ISAF og operasjon Enduring Freedom (OEF), i samsvar med tryggingsrådsmandatet for ISAF. Vi vil vurdere å utvide dagens fellesstrategi for Afghanistan ved å tilby ekstrastøtte til dei afghanske styresmaktene i samsvar med den planlagde prosessen etter Bonn.
Vi har ein robust og effektiv styrke i Kosovo gjennom KFOR. Vi ser positivt på den FN-leidde revisjonsprosessen for gjennomføring av standardar, som alt etter utfallet vil kunne føre fram til forhandlingar om ei politisk løysing på den framtidige statusen til Kosovo. Vi er tilfreds med den vellukka og smertefrie overgangen frå SFOR til EU-operasjonen Althea i Bosnia-Hercegovina gjennom Berlin-Pluss-ordningane, og med at det nære samarbeidet mellom dei respektive hovudkvartera våre der held fram. Dette stadfester verdien av nært samarbeid mellom NATO og EU meir generelt. Innanfor dei avtala rammene for strategisk partnarskap mellom NATO og EU vil vi arbeide for å utvikle samarbeidet ytterlegare.
Vi forpliktar oss framleis til å hjelpe landa på Vest-Balkan, særleg gjennom støtte til forsvarsreformer, i strevet etter å få innpass i dei euroatlantiske strukturane og å byggje demokratiske, multietniske og fredelege samfunn. Tiltak den seinare tida, mellom anna eit sterkt forbetra samarbeid med Den internasjonale krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), kan medverke til framgang på dette punktet. Men så lenge tiltala personar som Ratko Mladic og Radovan Karadzic, men også Ante Gotvina, er på flukt og dermed dreg seg unna straffeansvar, står dette i vegen for nærare integrasjon. Desse landa må framleis samarbeide i eigen region og fremje godt naboskap, finne gjensidig akseptable løysingar og komme til semje i uløyste spørsmål.
I tråd med tryggingsrådsresolusjon 1546 tek alle allierte del i NATO-oppdraget som skal hjelpe den demokratisk valde regjeringa i Irak med opplæring og utrusting av irakiske tryggingsstyrkar for å framskunde dagen då regjeringa kan ta på seg det fulle ansvaret for stabiliteten i landet og tryggleiken for innbyggjarane. Vi understrekar at det framleis er behov for tilførsel av styrkar og ressursar for å gjennomføre trinn 2 i opplæringsoppdraget i Irak, mellom anna gjennom fondsdonasjonar. Vi ser positivt på og støttar den framtidige opprettinga av eit irakisk opplærings-, utdannings- og doktrinesenter i Ar Rustimiyah, som skal vere på plass innan september 2005. Vi støttar Polen i leiinga av den fleirnasjonale divisjonen i det sentrale Sør-Irak.
Vi forpliktar oss på ny til operasjon Active Endeavour, NATO-operasjonen for maritim overvaking og eskorte i Middelhavet, som medverkar i kampen mot terrorisme, og vi ser fram til at Russland, Ukraina og partnarane i Middelhavsdialogen skal støtte operasjonen.
Når det gjeld Darfur, der den humanitære situasjonen enno er svært alvorleg, er vi forplikta til ei snarleg gjennomføring av logistikkstøtte til det oppdraget Den afrikanske unionen utfører i Sudan på områda strategisk utplassering og oppbygging av stabskapasitet, slik Den afrikanske unionen ved formannen, Mr. Konaré, hadde bede om og etter påfølgjande diskusjonar med AU, EU, FN og andre aktuelle partar. Her har NATO forplikta seg til koordinert innsats saman med desse internasjonale organisasjonane, særleg Den europeiske unionen, og bilaterale gjevarar.
Vi minner om at tilstrekkelege styrkar og ressursar må stillast til disposisjon for alliansen i alle desse oppdraga og operasjonane. All erfaring som NATO har gjort i desse krevjande operasjonane, viser at styrkane som blir mønstra, må stå i stil med dei politiske vedtaka alliansen gjer. Når alliansen vedtek å setje i gang ein operasjon, er det viktig å vite på førehand omtrent kor store dei militære behova vil vere og kor store styrkar og ressursar som kan ventast å stå til disposisjon.
Den operative erfaringa NATO har gjort med innsats av militære styrkar i etterkrigs- og stabiliseringsteneste, har klart demonstrert kor viktig det er at NATO samarbeider nært med andre internasjonale organisasjonar og elles andre aktørar, og at dette samarbeidet vert optimalisert.
Vi gjekk gjennom status for dei ulike delane av omdanningsprosessen i alliansen og gav pålegg om vidare arbeid.
Vi såg positivt på at det er gjort framgang i arbeidet med dei fullstendige politiske retningslinjene som stats- og regjeringssjefane bad om i Istanbul i fjor. Som støtte for det strategiske konseptet vil desse utgjere ei ramme og peike ut ei klar politisk retning, og vil leggje fast prioriteringane for den vidare omdanninga av NATO og for alle kapasitetsspørsmål, planleggingsdisiplinar og etterretningsspørsmål i alliansen. Vi ser fram til at arbeidet skal vere fullført innan utgangen av året.
Realiseringa av NATO-reaksjonsstyrken (NRF), som er i rute til å vere fullt operativ neste år, er ein imponerande prestasjon. Denne høgeffektive og deployerbare styrken vil vere i stand til å utføre alle oppdrag som er avtala i det fullstendige NRF-konseptet. NRF tener òg som katalysator for omdanninga av alliansestyrkane.
I samband med toppmøtet i fjor lanserte vi eit initiativ som skulle gjere styrkane våre meir allsidige, og som sette politiske mål for kor stor del av kvar nasjons bakkestyrkar som skal vere oppbygde, førebudde og utstyrte for deployerte operasjonar (40 %), og kor stor del som skal vere engasjerte i eller disponerte for langvarige operasjonar til kvar tid (8 %). Arbeidet som er gjort som svar på dette initiativet, har illustrert behovet for allsidige styrkar og vist at arbeidet med å oppfylle måla på dette punktet har vore eit viktig insitament på nasjonalt plan for kapasitetsforbetringar, meir langsiktig operativ planlegging og omstrukturering av nasjonale styrkar for å gjere dei meir mobile. Vi gav Det permanente rådet i oppdrag å arbeide vidare med dette og å rapportere til oss neste gong vi møtest formelt.
Kapasitetstilsegnene frå Praha (PCC) har ført til nokre kapasitetsforbetringar, men det skortar enno på visse kritiske område, særleg støtte til deployerte styrkar. Vi gav pålegg om at Det faste rådet, før vi møtest formelt neste gong våren 2006, skulle utarbeide ei evaluering av resultata av PCC og tilrå oppfølgingsordningar.
Vi gledde oss over oppnådd framgang og oppmuntra til vidare arbeid i utviklinga av kapasitetar som er viktige for allianseoperasjonane, mellom anna:
vern av deployerte NATO-styrkar mot angrep med ballistiske kortdistanserakettar,
fullføring av forstudien til eit missilforsvar,
fullføring av ein risikoreduksjonsstudie til støtte for ein bakkeovervakingskapasitet i alliansen,
initiativ som enkeltland har sett i gang den siste tida for å utvikle ny teknologi til bruk i forsvar mot terrorisme,
vidareutvikling av konsepta for kjemisk, biologisk, radiologisk og kjernefysisk forsvar utover tradisjonelle truslar for å møte dei nye truslane som gjer seg gjeldande,
pågåande arbeid med NATO-konsept for nettverksbaserte kapasitetar ( Network Enabled Capabilities ) som eit potensielt hjelpemiddel til kommando, kontroll, konsultasjon og informasjonsovertak.
Vi er framleis forplikta til eit ope samarbeid med Den europeiske unionen, også om forbetring av militære kapasitetar.
Vi såg positivt på framgangen i tilpassinga av kostnadsdelinga i dei samfinansierte NATO-budsjetta. Vi erkjenner at dette berre er ein del av ein større byrdefordelingsprosess i alliansen, som òg treng ein gjennomgang. Vi ser fram til at tilrådingar i begge desse sakene skal bli lagde fram for rådet innan utgangen av juli i år.
Vi støttar reforminitiativet frå generalsekretæren, som tek føre seg arbeidsmåtane og saksbehandlinga i NATO-hovudkvarteret og som samtidig skal respektere konsensusprinsippet.