6 Vurderingar og framtidsperspektiv
Også i 2005 ytte NATO viktige bidrag til tryggleik, stabilisering og demokratiutvikling både på og utanfor det europeiske kontinentet. I tillegg til å vidareføre engasjementa i Kosovo og Irak og å utvide stabiliseringsoperasjonen i Afghanistan vesentleg, engasjerte alliansen seg i fjor for første gong på det afrikanske kontinentet og i reine humanitære operasjonar.
Det utvida engasjementet på operasjonssida spegla den omfattande politiske og militære omstillingsprosessen NATO er inne i. I tillegg til dei openberre behova på bakken blir omstillinga driven fram av eit felles ønske om å sørgje for at NATO framleis er relevant og har evne til å møte både tradisjonelle og nye tryggingsutfordringar. Sjølv om det er brei semje om å behalde NATO som det sentrale transatlantiske tryggingspolitiske instrumentet, er prosessen krevjande fordi han avdekkjer grunnleggjande ulikskapar blant dei allierte i synet på kva dei nye tryggingsutfordringane eigentlig går ut på, korleis dei best kan handterast og kva for ein organisasjon som til kvar tid skal sitje i førarsetet.
På amerikansk side blir internasjonal terrorisme, i regi av organisasjonar eller statar og spesielt i kombinasjon med masseøydeleggingsvåpen, rekna som den fremste trusselen. For USA er difor kampen mot terror den viktigaste oppgåva NATO har.
Åtaka mot Madrid i 2004 og London i 2005 gjorde sitt til at ein også på europeisk side engasjerte seg sterkare i denne kampen. Dei europeiske allierte ser likevel ut til å ha eit breiare syn på det internasjonale trusselbiletet, og legg i tillegg større vekt enn USA på politiske, økonomiske og andre ikkje-militære verkemiddel i kampen mot internasjonal terrorisme. Truleg vil synet på rolla og oppgåvene til NATO, og dermed den politiske dialogen i alliansen, bere preg av dette også heretter.
USA har i 2005 vist påtakeleg auka vilje til å bruke NATO som ramme for operasjonar og anna tryggingspolitisk samarbeid. Frå amerikansk hald legg ein i aukande grad vekt på NATO som dialogforum for alle typar tryggingsutfordringar. Til grunn for dette ligg ein amerikansk ambisjon om å utvikle NATO til ein organisasjon med eit globalt perspektiv. Denne ambisjonen er følgd opp med ei rekkje vidtrekkande og til dels kontroversielle utspel. Dei spenner frå diskusjonar i NATO om tryggingspolitiske utfordringar som ikkje tidlegare har stått på dagsordenen i alliansen, til meir konkrete forslag om framtida til partnarskapen og ei mogeleg rolle for NATO med omsyn til energitryggleik og trening og opplæring i Midtausten og Afrika. Mens ein på europeisk side for berre kort tid sidan frykta at USA ville nedprioritere NATO, er eitt av hovudspørsmåla i dag om ein på amerikansk side har så vidtgåande planar for alliansen si rolle i framtida at det gjev NATO ein altfor framtredande plass i det samla tryggingspolitiske biletet.
Toppmøtet i Riga 28.- 29. november 2006 vil bli ein viktig etappe i den vidare utviklinga i alliansen framover mot nye toppmøte, truleg både i 2008 og 2009 – det siste i samband med at det då er 60 år sidan NATO vart oppretta. Det er venta at stats- og regjeringssjefane kjem til å gjere vedtak som vidarefører den politiske og militære omstillinga i alliansen, at dei vil leggje fram retningslinjer for NATO-operasjonane og det framtidige samarbeidet med partnarlanda og at dei kjem til å diskutere spørsmål i tilknyting til ei eventuell ytterlegare utviding. Den overordna målsetjinga for toppmøta vil vere å grunnfeste NATO si rolle som den sentrale organisasjonen for transatlantisk dialog og handtering av felles tryggingspolitiske utfordringar.
På toppmøtet i Riga vil det vere viktig å kunne konstatere at NRF har nådd full operativ kapasitet. Også andre spørsmål i samband med evna til å gjennomføre eit breitt spekter av operasjonar i stor avstand frå alliert territorium vil stå sentralt.
I gjennomgangen av NATO-operasjonane kjem engasjementet i Afghanistan til å krevje stor merksemd. Vedtaket i 2005 om å utvide ISAF til å omfatte dei sørlege og seinare dei austlege delane av Afghanistan stiller alliansen overfor store utfordringar. Toppmøtet vil òg ta for seg andre pågåande operasjonar og vurdere bruk av NATO-ressursar til innsats i humanitære krisesituasjonar. Slike nye typar NATO-operasjonar stiller spesielle krav til eit gjennomtenkt samvirke mellom sivile og militære aktørar og mellom ulike internasjonale organisasjonar.
Utvikling av partnarsamarbeidet og ei utvida treningsrolle for NATO står sentralt i den politiske omstillinga av alliansen, og vil bli drøfta i Riga. Nye tryggingsutfordringar gjer det endå viktigare å samarbeide både med land som kan bidra til auka tryggleik – som Australia, New Zealand, Sør-Korea og Japan – og med land som treng internasjonal militær støtte for å sikre stabilitet og fred.
Også utvidinga av alliansen er venta å stå sentralt på toppmøtet, sjølv om det neppe blir gjort vedtak om utviding på dette møtet. I tillegg til status for dei tre søkjarlanda (Kroatia, Makedonia og Albania) vil ambisjonane til Ukraina og Georgia bli drøfta i tida fram mot toppmøtet.
Frå norsk side vil ein i tida fram mot Riga-møtet arbeide med sikte på å kunne behalde ein handlekraftig allianse, prega av omfattande politisk dialog og evne til å setje militære ressursar inn i eit breitt spekter av operasjonar. Noreg ønskjer å utdjupe samarbeidet mellom NATO og interesserte partnarland, og likeins med andre internasjonale organisasjonar, i første rekkje EU og FN. Samtidig som det er viktig at NATO held døra open for endå fleire nye medlemmer, vil ein frå norsk side leggje vekt på at nye medlemskapar må komme som resultat av at kandidatane oppfyller dei krava alliansen stiller. Arbeidet for å skape eit mest mogeleg substansielt samarbeid mellom NATO og Russland vil òg bli tillagt stor vekt frå norsk side i tida framover.
Programmet fram mot toppmøtet i Riga er krevjande og omfattande, både på det politiske og det operasjonelle området. Omforminga av alliansen held fram i stort tempo. Dette vil stille aukande krav til samvirke og dialog med andre aktørar, nasjonar og organisasjonar.