6 Oppsummering ved formannen etter møtet mellom forsvarsministrane i Euroatlantisk partnarskapsråd, Brussel, 10, juni 2005
Forsvarsministrane frå medlemslanda i Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC) møttest i Brussel i dag.
Ministrane diskuterte korleis politikken og programma i partnarskapen kan komme til å bli påverka av NATO-omforminga, som tek sikte på tilpasse strukturane, prosedyrane og kapasitetane i NATO til utfordringane i det 21. hundreåret og å sikre at alliansen effektivt kan ta seg av sine noverande og framtidige oppgåver.
Ministrane gjentok si støtte til utvikling av samarbeid med sikte på vidareutvikling av effektive og demokratisk ansvarlege forsvarsinstitusjonar. Dei såg positivt på interessa som partnarane har vist for dei individuelle partnarskapshandlingsplanane som eit middel til å stette konkrete behov hos individuelle partnarar. Ministrane la òg vekt på verdien av partnarskapshandlingsplanen for institusjonsbygging i forsvaret når det gjeld å lette utvekslinga av erfaringar mellom allianselanda og partnarane. Dei streka under at utdanning, retta både mot sivile og militære leiarar, har ei avgjerande rolle i å fremje reformer i partnarskapen og i forsvaret.
Ministrane gjentok at planleggings- og revisjonsprosessen for PFP og konseptet for operativ kapasitet er viktige for å utvikle operativ effektivitet og interoperabilitet med allianselanda. Forsvarsministrane frå allianselanda og deltakande partnarland slutta seg til ministerrettleiinga for planleggings- og revisjonsprosessen.
Ministrane diskuterte partnarskapens rolle i noverande og mogelege framtidige operasjonar. Dei minte om at partnarar og allierte, på grunnlag av dei operative kapasitetane og mekanismane som er utvikla innanfor partnarskapsrammene, har samarbeidd svært godt i dei NATO-leidde operasjonane på Balkan og i Afghanistan. Dei streka under at dette vellukka og effektive samarbeidet burde vidareførast ved å utnytte dei eksisterande partnarskapsverktøya til fulle.
Ministrane minte om at allianselanda og partnarane er forplikta til å stå saman mot terrorisme, slik det er uttrykt i partnarskapshandlingsplanen mot terrorisme, og diskuterte den framtidige rolla til partnarskapen i kampen mot terrorisme og andre asymmetriske truslar. Ministrane uttrykte støtte til operasjon Active Endeavour, og såg positivt på alliansevedtaka som opnar for at partnarane kan bidra til operasjonen.
Ministrane utveksla synspunkt på aktuelle spørsmål om internasjonal tryggleik og stabilitet, mellom anna i Sentral-Asia, særleg Usbekistan. Ministrane såg positivt på framangen hittil i initiativa om partnarskap som vart lanserte på NATO- og EAPC-toppmøta i Praha i 2002 og Istanbul i 2004, særleg om fokusendring og fornying i partnarskapen. Dei streka under det viktige i at desse vert gjennomførte fullt ut. Dei la vekt på behovet for å arbeide energisk vidare med å sikre at partnarskapen fullt ut er tilpassa til å reagere på behova i den nye tryggingspolitiske situasjonen.